Det første angrepet skjedde i dag tidleg ikkje langt frå den sørvestlege byen Quetta. Det andre angrepet, som skjedde i kveld norsk tid, fann stad i den nordvestlege delen av Pakistan, ikkje langt frå grensa til Afghanistan.
- Det er rundt 20 tankbilar. Det brenn framleis, det er ikkje mogleg å kome i nærleiken av bilane, seier Ali Anan Quamar frå dei lokale styresmaktene i den nordvestlege byen Nowshera på telefonen til nyheitsyrået Reuters.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Han kan ikkje seie noko om drepne eller såra. I angrepet nær Quetta tidlegare i dag vart det først skote mot tankbilane, før angriparane sette fyr på bilane. Ein av sjåførane vart drepen.
Det er uklart om det vart skote mot tankbilane i angrepet i kveld. Den siste veka er fem menneske drepne og over 90 NATO-tankbilar påtende i liknande angrep.
Den pakistanske delen av Taliban har teke på seg skulda for begge angrepa i dag, og seier dei skjer som hemn for amerikanske droneangrep.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Dette skjer same dagen som USA gjekk ut med ei offisiell orsaking for eit amerikansk angrep 30. september i går, der to pakistanske soldatar vart drepne. Dette angrepet vekte sterke reaksjonar i Pakistan, og landet stengde ei av dei viktigaste forsyningsrutene for NATO mellom Pakistan og Afghanistan.
Transportrutene frå Pakistan og inn i Afghanistan er livsviktige for å få fram forsyningar til NATO-styrken. Derfor er desse transportane også prioriterte mål for Taliban og andre opprørsgrupper.
LES OGSÅ: