Urfolksleiaren og miljøaktivisten Paulo Paulino Guajajara blei fredag skoten og drepen i eit bakhaldsangrep av ei gruppe ulovlege tømmerhoggarar, melder The Guardian. I tillegg blei ein person skadd.
I ei etterfølgjande skotveksling, skal også ein av tømmerhoggarane ha blitt drepen.
Guajajara var også medlem av ei miljøverngruppe som kjempar for å bevare regnskogen mot ulovleg hogst.
Justisministeren i Brasil, Sérgio Moro, seier det føderale politiet etterforskar hendinga.
– Vi vil ikkje spare på noko for å sørge for at dei som er ansvarlege for dette alvorlege lovbrotet blir stilt for retten, skreiv han på Twitter.
- Les:
- Les:
Regnskogfondet er uroa
Ifølgje ein rapport frå Human Rights Watch som kom i september, blir avskoginga i Amazonas drive av kriminelle nettverk som trugar og går til angrep på urfolk, miljøvernarar og tilsette i staten.
Konklusjonen i rapporten var at Brasil ikkje klarer å handtere desse nettverka. Det kan føre til at landet ikkje klarer å nå målet med å stanse all ulovleg avskoging innan 2030, slik dei har forplikta seg til i Parisavtalen.
Regnskogfondet er uroa over situasjonen til urfolka i Amazonas.
– Situasjonen for urfolk i Brasil er heilt klart blitt verre den siste tida. Vi høyrer om fleire ulovlege invasjonar av områda deira i Brasil, og erfarer generelt eit forsterka konfliktnivå og meir lovløyse på bakken, seier Ellen Hestnes Ribeiro som leiar Brasilteamet i Regnskogfondet.
Skogvaktarane patruljerer Amazonas på jakt etter tømmerhoggarar for å hindre avskoging.
Foto: UESLEI MARCELINO- Les:
Ribeiro meiner styresmaktene ikkje gjer nok for å stoppe valden, og oppmodar norsk næringsliv om å bidra til å legge press på Brasil.
– Norske importørar må sikre at dei ikkje kjøper av aktørar som bidreg til avskoging og auka konflikt i Brasil. Kampen om meir land til jordbruksformål og gruvedrift er ein kamp på liv og død i Brasil.
Barnas framtid
Guajajara-stammen er ei av dei største gruppene med innfødde i Brasil. I 2012 etablerte dei ei skogvaktargruppe som skulle kjempe mot avskoging i Amazonas, skriv BBC.
Skogvaktarane går blant anna væpna vaktrundar i regnskogen, og øydelegg leirplassane tømmerhoggarane har sett opp. Dette har ført til at dei har fått mange fiendar.
– Nokre gongar er eg redd, men vi må løfte hovuda og handle. Vi er her for å kjempe, sa Paulo Paulino Guajajara i eit intervju med Reuters tidlegare i år.
Paulo Paulino Guajajara sa til Reuters i september at arbeidet han gjorde kunne vere farleg, men han meinte det var viktig for å sikre livet til framtidige generasjonar.
Foto: Ueslei Marcelino / ReutersHan sa han engasjerte seg for å redde framtida.
– Vi ser at naturen blir øydelagt, gode tre, harde som stål, blir hogd ned og fjerna. Vi må ta vare på dette for framtida til barna våre, sa han.