NRK Meny
Normal

Nye Guardian-avsløringar: Microsoft har gitt NSA tilgang til krypterte e-postar

Nye topphemmelege dokument lekne av Edward Snowden viser omfattande avtalar mellom Microsoft og den amerikanske etterretningstenesta NSA.

Microsoft-stand i Las Vegas

Teknologigiganten Windows har tette avtalar med NSA, ifølgje nye avsløringar.

Foto: ROBYN BECK / Afp

Dei nye avsløringane, som er publisert i den britiske avisa The Guardian, viser korleis den amerikanske datagiganten Microsoft har samarbeidd tett med amerikanske etterretningstenester for å mogleggjere overvaking av e-postar og Skype-samtalar.

Dette gjeld også ved bruk av Microsoft sin eigen krypteringsteneste på den nettbaserte versjonen av Outlook.

Fangar opp Skype-videoklipp

NSA skal ifølgje avisa ha tilgang på e-postar sendt via Outlook og Hotmail, før dei eventuelt blir kryptert. I tillegg til dette har Microsoft samarbeidd med NSA for at byrået skal få tilgang til videosamtalar og lydopptak i Skype. Microsoft kjøpte Skype i 2011.

Skype-overvakinga inngår i det mykje omtalte PRISM-programmet, som også omfattar nettstader som Facebook og Google.

Edward Snowden

Dei siste lekkasjane frå Edward Snowden kjem medan han framleis er på flyplassen i Moskva.

Foto: The Guardian / Reuters

– Når me oppgraderer produkta våre er me ikkje fritekne frå å rette oss etter eksisterande eller framtidige krav frå styresmaktene, seier Microsoft i eit utsegn til The Guardian.

Microsoft seier vidare at dei berre utleverer brukardata ved krav frå styresmaktene, og at dei berre gir frå seg informasjon frå spesifikke kontoar.

«Lagsport»

E-post-tenesta Outlook starta opp prøveversjonen av ei krypteringsteneste på Outlook.com i fjor juli. Dette skal ha ført til at NSA starta prosessen med å få tilgang til den krypterte kommunikasjonen. Fem månader seinare skal Microsoft og FBI ha kome fram til å løysing som gjorde det mogleg for NSA å få tilgang til kommunikasjonen.

Det kjem også fram at innhaldet NSA samlar opp blir rutinemessig delt med FBI og CIA. Eit dokument skal ha omtalt dette samarbeidet som ein «lagsport».

The Guardian skriv vidare at dei siste avsløringane vil gjere tilhøvet mellom teknologiselskapa og Obama-administrasjonen endå vanskelegare.

Dei store selskapa ønskjer å vere meir opne om samarbeidet dei har med NSA, for å møte brukarane sine bekymringar rundt personvern. Selskapa er i dag forhindra frå å snakke offentleg om omfanget av samarbeidet.

Ebay Skype

Skype er eit svært populært program som gjer at menneske over heile verda kan kommunisere med tekst, lyd og video.

Foto: Paul Sakuma / AP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt