Hopp til innhold

Mexico skal på ny etterforske kva som skjedde med dei 43 forsvunne studentane

Nær fire år etter at studentane forsvann, krev ein meksikansk domstol at etterforskinga vert tatt opp att. Dei som har tilstått å ha drepe studentane har blitt torturerte under avhøyr, ifølgje FN-rapport.

Demonstrasjon Mexico

FRUSTRASJON: 26. mai vart det gjennomført endå ein demonstrasjon mot etterforskinga. Det er snart fire år sidan dei 43 studentane forsvann frå byen Iguala, i delstaten Guerrero.

Foto: Anthony Vazquez / AP

Denne gongen skal etterforskinga skje under oppsyn av ein såkalla sanningskommisjon. Den skal ha representantar for ofra, den nasjonale menneskerettskommisjonen og den føderale påtalemakta.

Avgjerda kjem etter mistanke om at tidlegare tilståingar i saka er tvungne fram gjennom tortur. Ein rapport utarbeidd av FN, konkluderer med at 43 av dei 129 som har blitt arresterte i samband med saka, er utsette for tortur under avhøyra.

Krass kritikk

Avgjerda frå den meksikanske domstolen rettar krass kritikk mot den tidlegare etterforskinga, som knapt har tatt for seg skuldingane om at den meksikanske hæren var blanda inn i forsvinninga.

Det uoppklara mysteriet rundt dei 43 studentane, som forsvann 26. september 2014, har blitt eit ope sår i Mexico. Det har jamleg vore demonstrasjonar mot måten styresmaktene har drive etterforskinga på.

Den siste sikre observasjonen av studentane var då dei blei arresterte av politiet i byen Iguala, etter å ha kapra fleire bussar for å køyre til ein demonstrasjon.

Demonstrasjon i Mexico

VIL HA SVAR: Familiane til dei forsvunne studentane held opp plakatar der det på spansk står skrive «Vi manglar 43, kvar er dei?» Bilete er frå april 2016.

Foto: Marco Ugarte / AP

Tilbakeviste teori

Tidlegare har påtalemakta hevda at politiet overleverte lærarstudentane til drapsmenn frå narkokartellet Guerreros Unidos, som drap dei, brente lika og dumpa restane i ei elv. Det er berre funne leivningar etter éin av studentane.

Ei uavhengig gransking frå Den latinamerikanske menneskerettskommisjonen har derimot avvist denne versjonen.

Arresterte bandemedlem

I mars blei eit medlem av Guerreros Unidos arrestert i saka, noko påtalemakta omtalte som ein viktig arrestasjon. Mannen vert hevda å ha hatt direkte kontakt med studentane då dei forsvann.

Ei rekkje politifolk, bandemedlemmar og borgarmeisteren i Iguala og kona hans er blant dei som tidlegare er arresterte i saka.

Narkokartellene holder Mexico i et jerngrep. I verdens største narkotikaindustri brukes brutale metoder i jakten på makt og penger. Hver dag drepes 80 mennesker i denne narkokrigen. 
Det er lenge siden mexicanske myndigheter mistet kontrollen i eget land. Nå prøver de å gjenvinne den.

SISTE NYTT

Siste nytt