Hopp til innhold

Melania Trump saksøkjer britisk avis

Advokatane til Melania Trump truar med søksmål mot den britiske avisa Daily Mail, etter at avisa har publisert det advokatane kallar «100 prosent falske rykte» om kva ho livnærte seg av på 1990-talet.

Melania Trump.

Melania Trump har varsla søksmål mot den britiske avisa Daily Mail.

Foto: ROBYN BECK / Afp

Rykta Daily Mail og fleire andre medieaktørar har gått ut med er at Melania Trump jobba som eskortejente i USA på 1990-talet, og avisa har også stilt spørsmål om ho hadde lovleg opphald i USA på den tida, ifølgje den britiske avisa The Guardian

Melania Trump, som er innvandrar frå Slovenia, kom til USA på 1990-talet. Ho jobba då som modell, og det har kome skuldingar om at ho ikkje hadde alle immigrasjonspapira i orden.

– Ærekrenkjande utsegner

Melania Trump foran et amerikansk flagg ved Trump National Golf Club Westchester i Briarcliff Manor

Slovensk-fødde Melania Trump kan bli USAs nye førstedame, dersom ektefellen Donald vinn presidentvalet i november.

Foto: KENA BETANCUR / Afp

Charles Harder i det Beverly HIlls-baserte advokatfirmaet Harder, Miller og Abrams, som representerer Melania Trump, skriv følgjande i ei fråsegn til Guardian:

«Dette advokatfirmaet representerer Melania Trump. Fru Trump har gjort det klart overfor fleire medieaktørar, blant dei Daily Mail, at dei har sett fram falske og ærekrenkjande utsegner om at ho skulle ha jobba som eskortejente på 1990-talet. Dette er 100 prosent feil, det er øydeleggjande for ryktet hennar og personleg sårande. Ho forstår at media må ha ein viss handlefridom når dei dekkjer presidentvalkampen, men direkte lygn om henne går utover det som er anstendig nyheitsformidling og menneskeleg sjølvrespekt».

Trump-medarbeider innrømmer taletabbe

Bråk rundt konas visum

Sveisen til Trump

Charles Harder har tidlegare trua med søksmål mot det no konkursramma Gawker Media, etter ein brei gjennomgang av hårsveisen til Donald Trump.

Ifølgje The Guardian er det høgst uvanleg at ein amerikansk presidentkandidat eller ektefellen går til sak mot ein medieaktør så kort tid før valet.

Det har ikkje lukkast avisa å få ein kommentar frå Daily Mail.

Charles Harder stadfestar at Melania Trump vurderer søksmål mot fleire andre publikasjonar, slik som Politico og Week.

Mykje av informasjonen om Melania Trump kjem frå ein uautorisert biografi ført i pennen av den slovenske journalisten Bojan Pozar.

SISTE NYTT

Siste nytt