Hopp til innhold

Filippinske og kinesiske marinefartøy mot kvarandre i omstridd område

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Filippinske og kinesiske marinefartøy står mot kvarandre i ein fastlåst strid i eit omstridd område i Sør-Kina-havet.

Den filippinske marinen prøver å jage kinesiske fiskebåtar ut frå havområdet, men to kinesiske marinefartøy har lagt seg mellom fiskebåtane og dei filippinske marinefartøya.

Utanriksminister i Filippinane, Albert del Rosario.

Utanriksministeren i Filippinane, Albert del Rosario, kalla den kinesiske ambassadøren inn på teppet.

Foto: CHERYL RAVELO / Reuters

Den filippinske utanriksministeren Albert del Rosario seier i dag tidleg at landet er klar til å sikre filippinsk suverenitet i området, om dei blir utfordra av Kina. Samstundes seier begge partar at dei ynskjer å løyse striden diplomatisk.

Olje og gass

Det omstridde området har truleg store olje- og gassreservar, og det er også eit rikt fiske der. Både Filippinane og Kina gjer krav på havområdet. Del Rosario kalla i dag inn den kinesiske ambassadøren på teppet, og i dette møtet gjorde han det klart at dei kinesiske fiskebåtane har operert på filippinsk område.

I går kveld sende det kinesiske utanriksdepartementet ut ei fråsegn om at havområdet høyrer til Kina, og kravde at dei filippinske marinefartøya straks må trekkje seg ut av området.

Dette vart følgt opp i dag med ein formell protest mot den filippinske marinen sitt forsøk på å hindre kinesiske fartøy i å drive fiske i havområdet.

Filippinane kallar ei øy i dette havområdet for Scarborough Shoal, medan Kina brukar namnet Huangyan. Øya ligg rundt 124 nautiske mil frå den største øya på Filippinane, Luzon.

Kina krev heile havområdet

Filippinane gjer krav på alle havområde innanfor ei sone på 200 nautiske mil frå landet og meiner å ha støtte for dette synet av internasjonale lover.

Kina meiner landet har råderett over heile Sør-Kina-havet, også område som ligg tett opp til kystane av andre land.

Også Taiwan, Maylaysia, Brurei og Vietnam gjer krav på område i Sørkinahavet, noko som gjer havområdet til eitt av dei mest omstridde i Asia. Det er frykt for at striden om havområdet kan føre til militære samanstøyt.

SISTE NYTT

Siste nytt