Hopp til innhold

Sjokkerande valdtektsfunn i Kina

Ein av fire kinesiske menn innrømmer å ha valdteke kvinner, og halvparten seier dei har misbrukt partnaren. – Desse funna er sjokkerande, seier FN.

Kinesiske menn

Ei gruppe kinesiske menn tek ein dukkert på ein varm sommardag i Beijing.

Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP

Over 2000 kinesiske menn er blitt intervjua i ein internasjonal undersøking om vald i heimen, utført av FN.

Halvparten av dei spurte innrømmer å ha psykisk eller fysisk misbrukt kona eller kjærasten, skriv den kinesiske avisa China Daily.

Ein av fire seier at dei har valdteke ei kvinne, og rundt fem prosent seier dei har delteke i ei gruppevaldtekt.

– Må ha fokus på menn

– Nokre av dei førebelse resultata er sjokkerande, seier James Lang, som koordinerer FN-programmet «Partners for Prevention».

– Vald er eit komplekst fenomen. Mykje av forskinga har hatt fokus på kvinner. Men dersom me skal kome fram til løysingar som reduserer valden så må me inkludere menn. Det er heile motivasjonen bak undersøkinga, seier Lang.

Undersøkinga er ein del av eit større FN-prosjekt, der over 10.000 menn frå seks asiatiske land har blitt intervjua. Resultata for alle landa vil bli publisert i juli.

Kvinne arrestert for valdtektsutsegn

Denne veka har mange folk i hovudstaden Beijing trekt til gatene for å demonstrere mot politiet etter rykte om at politiet skal ha valdteke og drepe den 22 år gamle kvinna Yuan Liya.

Demonstrasjonane starta etter at ei 28 år gammal kvinne skreiv dette på nettstaden Sina Weibom, som er Kina sitt svar på Twitter. No har politiet arrestert denne kvinna fordi dei meiner ho har kome med falske rykte, skriv New York Times.

Politiet seier at etterforskinga viser at det ikkje er noko indikasjon på at kvinna vart dopa ned, valdteke og drepen, og hevdar at kvinna tok livet sitt.

Den sjeldne store demonstrasjonen i Beijing skapte uro både i byen og for sensurapparatet til det kinesiske kommunistpartiet. Søkjeord som handla om den døde kvinna og om demonstrasjonane har blitt blokkert, og mikrobloggtenester har fått eit direktiv om å fjerne alle rapportar om saka som ikkje stammar frå politiet.

SISTE NYTT

Siste nytt