Hopp til innhold

Mange døde i jordskjelv i Indonesia

268 menneske har mist livet og over 50.000 er heimlause etter eit kraftig jordskjelv på Java.

Skadde behandles uitenfor sykehuset i Cianjur i Indonesia

Mange skadde får legehjelp på plassen framfor det lokale sjukehuset i Cianjur.

Foto: TIMUR MATAHARI / AFP

Jordskjelvet med episenter nær hovudstaden Jakarta vart registrert ved 13-tida lokal tid måndag.

Hittil er det registrert 268 døde, mange av dei skulebarn. I tillegg er minst 151 sakna etter skjelvet, opplyser indonesiske styresmakter tysdag.

Minst ein landsby er begravd i eit jordskred som vart utløyst i skjelvet.

Leitinga etter dei sakna held fram tysdag. I tillegg er fleire hundre skadde etter å ha blitt fanga i ruinane eller blitt trefte av fallande bygningsdelar.

Skjelvet vart målt til ein styrke på 5,6, ifølgje det amerikanske jordskjelvsenteret USGS. Djupna på skjelvet er målt til 10 kilometer.

Helsepersonell behandler skadde utanfor sjukehuset i Cianjur

Mange pasientar får behandling på parkeringsplassen ved det lokale sjukehuset i Cianjur.

Foto: ANTARA FOTO / Reuters

58.000 heimlause

Over 1000 menneske er skadde. Det nasjonale krisebyrået oppgav på ein pressekonferanse tysdag at 22.000 bustadar er skadde eller øydelagde. Minst 58.000 menneske er blitt heimlause.

Så langt ser det ut til at området som er hardast råka ligg mellom Jakarta og Bandung på Vest-Java, rundt byen Cianjur. Den ligg 75 kilometer frå hovudstaden.

I Cianjur har Sayang-sjukehuset fått inn dei fleste offera. Der fekk fleire førstehjelp, dei fleste utandørs ute på parkeringsplassen. Då mørkeret fall på, fekk mange hjelp i ljos frå lykter og mobiltelefonar.

På eit anna sjukehus, Cimacan, vart det sett opp grøne telt utanfor der skadde fekk helsehjelp. AFP sin reporter på staden fortalde om ein jamn straum av sjukebilar som bringa skadde inn.

Les også Aprizal (14) overlevde jordskjelvet

Aprizal Mulyadi overlevde jordskjelvet. Det gjorde ikke kameraten hans.

Samanraste hus

Jordskjelvet har ført til at tusenvis av bygningar har rast saman. Fleire har og falle saman i dei mange etterskjelva. Det er og registrert jordskred, melder AFP.

Ein internatskule, eit sjukehus, offentlege kontor og fleire butikkar er mellom bygningane som fekk store skader i skjelvet. TV-bilde frå Cianjur viser samanraste tak, knuste vindauge, hol i vegger og at bygningsdelar ligg strødde i gatene.

Denne skulen i Cianjur har fått store skader.

Denne skulen i Cianjur har fått store skader.

Foto: STRINGER / Reuters

Dei fleste av dei hundrevis som er skadde, har fått brotskadar då dei kom i klem i samanraste bygningar. Det seier leiaren for dei lokale styresmaktene i Cianjur, Herman Suherman, til TV-stasjonen Metro TV.

Han seier at redningsarbeidet held fram i ruinane utover kvelden og natta. Han meiner at talet på døde og skadde kjem til å stige.

Straumen vart broten i området og kommunikasjonsvanskane er store. Fleire vegar er sperra av jordskred, og det hindrar evakuering. I løpet av kvelden kom delar av straumnettet tilbake i drift.

Fare for jordskred

Politimeisteren i Cianjur, Doni Hermawan, opplyste til Metro TV at redningsmannskap hadde redda ei kvinne og eit spedbarn frå eit jordskred. Ein tredje person som vart redda ut, døydde av skadane.

Guvernøren i Vest-Java, Ridwan Kamil, seier at redningsmannskap enno ikkje har klart å få full oversikt over skadeomfanget i landsbyane rundt Cianjur.

– Mange bygningar er knuste. Og mange bebuarar er fanga under øydelagde hus, på isolerte plassar. Så vi trur at talet på omkomne og skadde vil auke, seier Kamil, ifølgje Reuters.

Jordskred ved Cianjur i Indonesia

Redningsmannskap søker gjennom eit jordskred ved Cianjur, på leiting etter overlevande.

Foto: Rangga Firmansyah / AP

To timar etter skjelvet var det registrert minst 25 etterskjelv, opplyser landets meteorologiske og geofysiske byrå (BMKG).

Byrået har sendt ut åtvaring om at det kan kome fleire jordskred, spesielt om det kjem kraftig regn.

Fekk panikk

I Jakarta er det meld at fleire høgblokker svaia under skjelvet, men det har ikkje kome meldingar om alvorlege skader der.

Hundrevis av menneske styrta ut av kontorblokkene i Jakarta sentrum då skjelvet kom. Dei vart ståande på gata i frykt for fleire skjelv.

Styresmaktene ber folk halde seg utandørs fordi det kan kome nye skjelv.

Kontoransatte evakuerte ut på fortauet i Jakarta i Indonesia under jordskjelvet

EVAKUERTE: Kontortilsette evakuerte ut på fortauet i Jakarta då høgblokkene begynte å svaie.

Foto: Tatan Syuflana / AP

22 år gamle Mayadita Waluyo fortel til AFP at panikkslagne kontortilsette sprang mot utgangane då høghuset ho arbeider i begynte å riste. Ho måtte sjølv springe ned 14 etasjar, men kom seg uskadd ut.

Indonesia vert ofte ramma av jordskjelv. I januar i fjor vart øya Sulawesi ramma av eit skjelv som tok livet av over 100 menneske. Over 3000 vart skadde.

Les meir Tre harde slag frå naturen drepne over tusen menneske

Jordskjelv-område

Indonesia har vore ramma av meir enn 150 store skjelv med styrke over 7 dei siste hundre åra. Årsaka til dei hyppige skjelva er at dei tektoniske platene i jordskorpa støyter saman i dette området.

Det kraftigaste skjelvet kom i 2004, då eit skjelv med styrke 9,1 skjedde i havet utanfor Sumatra nord i landet, nær Thailand. Det skjelvet utløyste ein tsunami som trefte 14 land. 226.000 menneske rundt Indiahavet mista livet, meir enn halvparten av offera var i Indonesia.

Frankrikes president Emmanuel Macron var først ute av internasjonale leiarar til å sende kondolansar. Saman med leiarar for dei 20 rikaste landa i verda var han i Indonesia i førre veka, der landet var vertskap for G20-møtet. Det er over 1000 kilometer frå Cianjur til Bali der G20-møtet vart halde.

Jordskjelvet hadde episenter ved byen Cianjur på Vest-Java.

SISTE NYTT

Siste nytt