Hopp til innhold

Mandela-tolk med valdeleg fortid

Teiknspråktolken som stod framfor ei heil verd og vifta med hendene i håp om at det skulle gi meining for det døve publikum, seier han såg englar kome inn på stadion, at han høyrde stemmer og at han er redd for politi på grunn av si valdelege fortid.

Døvetolk

– Eg kunne ikkje gjere noko. Eg var åleine i ein veldig farleg situasjon. Eg prøvde å kontrollere meg sjølv og ikkje vise omverda kva som eigentleg skjedde. Eg er veldig lei meg for den situasjonen eg har hamna i, seier Jantjie til den sørafrikanske nettavisa IOL News. Tolken seier også at han får behandling for schizofreni.

Med valdeleg fortid

Thamsanqa Jantjie påstår at han plutseleg mista all konsentrasjon og starta å høyre stemmer og sjå hallusinasjonar. Etter det skal det berre ha gått nedover, og han skal ha forma teikn som ikkje gav noko meining i det heile tatt.

Til nyheitsbyrået AP seier Jantjie at han såg englar kome inn på stadion medan han stod og tolka, og at han gjorde sitt beste for å ikkje få panikk, sidan det stod politimenn rundt han. Jantjie skal også ha fortalt AP at han har ei valdeleg fortid, utan å utdjupe kva som ligg i det.

Mange har stilt store spørsmålsteikn ved tryggleiken kring arrangementet, sidan tolken, som stod to meter unna mellom andre Barack Obama, var ein ukjent mann fram til i dag tidleg. Ingen visste kven tolken var, og få forstod kva han gjorde på scenen framfor statsleiarar og celebre gjestar frå heile verda.

Men Jantjie meiner sjølv at han leverte ein god jobb og at det ikkje er noko gale med hans kvalifikasjonar innan teiknspråk. Han legg til at alle som vil sjå bevis på at han kan teiknspråk kan ta kontakt med SA Interpreters, som er firmaet som leigde mannen ut som tolk til Mandela-seremonien.

Jantjie si tolking av talane til Barack Obama, Jacob Zuma, Mandelas barnebarn og andre som heldt tale har fått ei heil verd til å få opp augo for teiknspråk. Problemet er berre at det Jantjie heldt på med var meir vifting med armane, enn teiknspråk.

– Det såg ut til at han vifta bort fluger frå ansiktet sitt, sa Cara Loening, direktør for ein teiknspråkorganisasjon i Cape Town, etter den flaue episoden.

Døvetolk under Mandela-seremoni

Mannen som tolka Barack Obama og andre statsleiarar heilt feil skuldar på schizofreni.

Foto: Evan Vucci / Ap

– Kvifor er dette eit tema no?

I eit intervju med radiokanalen Talk Radio 702 stadfestar Jantjie at han tek imot behandling for schizofreni, men legg til at han ikkje likar å snakke om sjukdommen sin i media, på grunn av omsynet til barna hans. Han er meir oppteken av å snakke om sjølve episoden.

– Om eg tolkar feil, kvifor er det eit tema no? Kvifor var det ikkje tema då eg tolka under Albertina Sisulu si gravferd (Sisulu var ein sørafrikansk anti-apartheid-aktivist, red.anm.), og under mange andre store hendingar i Sør-Afrika, spør Jantjie.

Tolken er ikkje i tvil om at hans innsats er av yttarste klasse, når radioverten spør om han er nøgd når han no ser tilbake på hendinga.

– Absolutt! Eg meiner at eg har vore ein meister av teiknspråk. Eg har tolka mange store arrangement, ikkje berre dette aktuelle arrangementet, seier Jantjie.

– Døveforbundet burde sagt frå tidlegare

No er den omstridde teiknspråktolken lei seg for alt oppstyret saka har skapt, og han synest dette burde vore rydda opp i før han gjekk på scenen.

– Dette er veldig leit akkurat no, fordi eg synest dette burde vore eit tema som ein hadde gjort noko med tidlegare. Om det sørafrikanske Døveforbundet har eit problem med mi tolking, så burde dei gjort det klart for lenge sidan, og ikkje no, på eit tidspunkt som er så viktig for landet vårt, seier Jantjie til radiokanalen.

Høyr heile intervjuet med Talk Radio 702 her:

Laster SoundCloud-innhold

Det er ikkje første gongen Jantjie har tolka utan at det gir meining. I fjor var det president i Sør-Afrika, Jacob Zuma, som vart tolka om til eit teiknspråk ingen forstod. Den gong sende Døverforbundet ein klage til Zuma sitt parti, ANC, utan å få noko svar tilbake. No vil dei sende ny klage og be om hastemøte.

SISTE NYTT

Siste nytt