Hopp til innhold

Mallorca: – Dei lokale brukar 70-80 prosent av løna på å bu

PALMA (NRK): Innbyggarane på Mallorca er godt vande med turisme. Men no nærmar øya seg brestepunktet, ifølge fleire som bur der.

SPAIN-TOURISM-LEISURE

Turistar i Palmas gater i fjor. Talet på besøkande til den populære ferieøya aukar stadig.

Foto: JAIME REINA / Afp

– Mor mi og far min var her på bryllaupsreise i 1965, og då fekk dei beskjed om at Mallorca var øydelagd av turismen, seier Jakob Vike-Matheson medan han leitar etter ein taxi i Palma, hovudstaden på Mallorca.

Han og familien er på ferie på middelhavsøya, og dei er langt frå dei einaste.

Ei øy på brestepunktet

I over 50 år har dei lokale her på øya funne seg i at det er mange folk og mykje fest i byane langs strendene. Men dei siste åra har dei lokale fått fleire ting å bekymre seg over.

– Vassproblem, seriøse avfallsproblem, problem med kloakksystemet og for mange bilar. Det er i ferd med å bli heilt vilt, seier Gerald Hau.

Gerald Hau

Miljøaktivisten Gelald Hau er uroa for toleevna til middelhavsøya.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Han er miljøaktivist, og meiner at det no er så mange folk på Mallorca at det er heilt på grensa av kva øya toler.

Det har aldri vore så mange turistar her som no. 180.000 passasjerar reiser til eller frå flyplassen kvar dag, no om sommaren.

Brukar 70–80 prosent av løna på å bu

Og det er ikkje berre no om sommaren folk vil vere her. Stadig fleire kjøper eigedom på Mallorca, som har skapt eit nytt problem for lokalbefolkninga.

Marc Morell

Marc Morell forskar på korleis turismen påverkar heimbyen Palma.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

– I eit nabolag som dette såg ein aldri turistar før i tida. Dei var i turistområda, seier Marc Morell og viser NRK nabolaget der han vaks opp i Palma, Mallorcas hovudstad.

Han er forskar på Universitetet på Balear-øyene, som Mallorca er ein del av. Her forskar han på korleis byen Palma blir påverka av turismen.

Etter at turistane begynte å både kjøpe og leige leilegheiter der dei lokale bur har prisnivået stige så mykje at mange lokale ikkje har tid til å bu her lenger.

– Det meste av løna går til å bu, vi snakkar om 70–80 prosent av løna, seier Morell.

Inne i ei smal gate peiker han på eit gult banner som heng ut frå eit vindauge i femte etasje. «Byen er for dei som bur i den, ikkje for dei som besøker den», står det.

Andre stader i byen har aktivistar tagga slagord mot turisme på veggane, men det blir raskt vaska vekk av myndigheitene.

– Det betyr ikkje at vi i byen har noko mot at folk besøker den, men at ein må ta omsyn til dei som bur her permanent.

Grafitti

Klar tale på ein vegg i Palma.

Foto: JAIME REINA / Afp

Prisar på Oslo-nivå

Anne Reese har tatt oss med til Santa Catelina, ein bydel sentralt i Palma. Før var det her fiskarane brukte å bu, men no er det stort sett er utlendingar som eige husa, mange svenskar og britar her.

Anne Reese

Anne Reese stadfestar at prisnivået er høgt, men meiner også lokalbefolkninga nyt godt av eigedomshandelen.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

– Nesten halvparten er svenskeigd her, seier Reese.

Ho jobbar som advokat her på øya, og ofte hjelper ho skandinavar med å kjøpe hus

– Dette er dyrt. Prisane er på Oslo-nivå.

Ho er samd i at det kan føre til at ein prisar ut dei lokale, men understrekar at ein stor del av dei som leiger ut leilegheitene sjølv er lokale.

– Så det er veldig mange som tener godt på det.

Ho peikar på at ein heller bør regulere betre, kor mykje som kan leigast ut til turistformål.

Prøvar å ikkje vere irriterande turistar

Familien Vike-Matheson er ikkje blant dei som har leilegheit på øya. Etter nyheitene om protestar mot storturismen, prøver familien dei så godt dei kan å ikkje vere til bry.

– Eg kjenner at eg er litt var på det og prøver å vere ekstra hyggeleg når eg handlar og ikkje vere ein sånn typisk irriterande turist, seier Kristin.

Men familien har ikkje blitt skremt frå å drøyme om leilegheit på Mallorca, ein gong i framtida.

– Kanskje ein vakker dag, vi får sjå.

Strand på Mallorca

Før heldt turistane seg stort sett på turisthotell langs strendene. No har mange av dei fått smaken for hovudstaden Palma.

Foto: JAIME REINA / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt