Hopp til innhold

Malala: – Ver sterke, og mist aldri håpet

Det har gått 365 dagar sidan terrorgruppa Boko Haram bortførte 276 jenter frå ein skule i Nigeria. Den nyvalde presidenten kan ikkje love at dei klarer å hente jentene heim att.

NIGERIA-YEAR-2014-INFLUENTIAL-PEOPLE-FILES
Foto: HO / Afp

Fleire stader i verda skal det markerast at det er gått eitt år sidan nesten 300 jenter blei kidnappa frå ein skule i byen Chibok nordaust i landet.

14. april 2014 storma terroristar frå islamistgruppa Boko Haram ein vidaregåande skule og sette fyr på fleire bygg i byen Chibok nordaust i Nigeria. Med seg, tok dei 276 unge elevar som få har sett noko til sidan.

Malala

Blant dei som har støtta den internasjonale emneknagg-kampanjen «Bring back our girls» er Malala Yousafzai.

Foto: Malala Foundation

Engasjerte menneske verda over

Kampanjen med emneknaggen #BringBackOurGirls gjekk som ein farsott i sosiale medium over heile verda etter åtaket frå opprørsgruppa.

Fleire titals kjende menneske som Michelle Obama og Malala Yousafzai delte bilete av seg sjølve med ein plakat med emneknaggen på.

57 av jentene har klart å rømme. Men for 219 av jentene og familiane deira held marerittet fram.

Malala publiserte i dag eit brev til jentene på sine nettsider. Du kan høyre Malala lese brevet her:

Laster SoundCloud-innhold

– Kan ikkje love at vi finn jentene

Både regjeringa og den nigerianske hæren har hevda at jentene ville bli sette fri, men no er det svært lenge sidan det har komme ny informasjon.

Den nyvalde presidenten Muhammadu Buhari sa i dag at han ikkje kunne love at jentene kjem heim.

– Vi veit ikkje om skulejentene frå Chibok kan bli redda. Vi veit ikkje kvar dei er, og sjølv om eg så gjerne skulle ønske, så kan eg ikkje love at vi finn dei, sa Buhari i ein tale i dag.

  • LES OGSÅ: Ladi (16) rømte fra Boko Haram

  • Laster Twitter-innhold

– Engasjementet er heilt avgjerande

Det internasjonale engasjementet kring desse jentene kan til sjuande og sist vere heilt avgjerande, det trur Kjell Erik Øie, generalsekretær i Plan Norge.

– I dette ligg det ein trussel om at dei som har gjort dette, blir stilt til ansvar for sine handlingar. Det internasjonale engasjementet vil også forhåpentlegvis gjere at vi kan få kome til og hjelpe nigerianske styresmakter i søket etter jentene, fortel Øie.

Han håpar at engasjementet har gjort at folket i dei utsette områda i Nigeria ser at det er mange i verda som vil hjelpe og støttar dei.

– Kanskje gjer engasjementet ein krevjande kvardag bitte litt betre, seier Øie.

Ny president, nytt håp?

– Det er nyttig at det no kjem nye, friske krefter til makta i Nigeria, seier Øie. Han viser til Muhammadu Buhari som i slutten av mars vart vald til president i Nigeria.

Den førre presidenten var skeptisk til å samarbeide med det internasjonale samfunnet. Øie håpar at Buhari ser annleis på samarbeid.

– Dette kan gi rom for internasjonalt samarbeid. Verdssamfunnet kan og vil hjelpe til med å finne dei bortførte jentene, og sikre skulane der born ikkje tør å gå på skule, seier Øie.

I går skreiv BBC at over 50 av dei kidnappa jentene vart sett for tre veker sidan av ei kvinne som kanalen har intervjua.

Ho skal ha sett jentene i byen Gwosa like før Boko Haram vart drivne ut av byen. Men observasjonane er ikkje stadfesta.

Laster Twitter-innhold

Over 2000 kvinner og born kidnappa, 800 000 på flukt

Ein ny rapport frå Amnesty viser at minst 2000 kvinner og born er bortførte av Boko Haram det siste året.

– Menneska nordaust i Nigeria som er utsette for herjingane til Boko Haram har sett lite til staten si interesse for å hjelpe, seier Gerald Folkvord, politisk rådgivar i Amnesty International.

Ifølgje Unicef har så mange som 800 000 barn måtta flykte frå heimane sine til andre stadar i Nigeria eller til eit naboland for å sleppe unna Boko Haram.

SISTE NYTT

Siste nytt