NRK Meny
Normal

– Byen er i mafiaens grep

Ei 14 år gammal jente blir heilt tilfeldig skoten og drepen av ein mafiamedlem i Napoli. Trass i at det var mange augevitne til skytinga, var det ingen som torde seie noko til politiet.

Video 14-åring drept av mafiaen

VIDEO: Mariangela Cacace om den nye boka si. Intervjuar er Veronica Westhrin.

Denne historia, som er heilt sann, fekk den norsk-italienske forfattaren Mariangela Cacace , som har budd fleire år i Napoli, til å prøve å finne ut meir om det som hadde skjedd med 14 år gamle Annalisa. I fjor gav ho ut boka «Camorraland» om nettopp den frykta Camorra-mafiaen, som har ei enorm makt i Napoli-området.

Der mafiaen styrer alt

Boka Annalisas dagbok handlar om Napoli og mafiaen.

Ny bok frå Napoli i mafiaens grep frå Mariangela Cacace.

Foto: NRK

Då ho var i Napoli for drive research til «Camorraland», kom ho i kontakt med faren til den 14 år gamle jenta, og gjennom han fekk ho tilgang til dagboka hennar.

Det har igjen resultert i boka «Annalisas dagbok», som gir eit inngåande bilete av korleis det er å vekse opp i eit område der mafiaen styrer alt. Og der ingen torer å setje seg opp mot dei.

I eit intervju med NRK fortel Mariangela Cacace at den 14 år gamle jenta var ute saman med nokre venninner då ho, sikkert ved ein feil, vart skoten og drepen av ein kjend mafioso frå byen.

Heile nabolaget såg det som skjedde, og det var mange som kunne ha fortalt politiet kven som var ansvarleg.

Men det var taust. Ikkje eit einaste menneske tok sjansen på å fortelje politiet eller i rettssaka om det som hadde skjedd, av frykt for represaliar.

LES OGSÅ: Det symboltunge mafia-kysset

LES OGSÅ: – Bør ikke frykte mafia-søppel

Lova om å teie

– Dette er «omerta», mafiaens lov om å teie om ting som har skjedd. Dersom ikkje, kan det slå tilbake i form av hemnaksjonar og også drap, seier Mariangela Cacace.

Ho fortel at familien til Annalisa stod heilt åleine. Den einaste som heldt kontakten med og støtta familien var den lokale presten, og som resultat vart han drapstrua og måtte forlate kyrkja. Det same skjedde med journalisten som dekte heile Annalisa-saka.

– Dagboka skildrar korleis det er å vekse opp i eit område som er fullstendig styrt av mafiaens regelverk og den frykta det fører med seg. Men dagboka fortel også om vanlege ting ein 14-åring er oppteken av, som forelsking, venninner og klede, fortel den norsk-italienske forfattaren.

LES OGSÅ: Min mafia er større enn din

LES OGSÅ: Trur mafiaen står bak søppel-uro

Kjenner seg igjen

Mariangela Cacace, som har italiensk far og norsk mor, fortel at ho kjenner seg igjen i det Annalisa har skrive i dagboka si. Ho har fått lov av familien å ta med delar av dagboka i boka si.

Ho har også fått truslar etter å ha gitt ut to bøker om den napolitanske mafiaen.

– Det er kjent der nede at eg har gitt ut to bøker om mafiaen, og det er område der eg ikkje bør gå i, seier ho.

På spørsmål om ho er redd, Mariangela Cacace at ho ved å skrive desse bøkene, visste kva det innebar. Men ho nektar å late seg kneble av frykt.

– Eg er ikkje så oppteken av å vere redd, for den einaste måten å gå dei makt på, er å frykte dei og ved å overhalde teielova deira. Men ein kan ikkje akseptere det lenger. Det er viktig å bryte denne teielova, seier ho.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger