NRK Meny
Normal

Cosa Nostra-topp arrestert

Ein av toppane i den sicilianske mafiaen, Cosa Nostra, er arrestert etter ein storstilt politiaksjon i Venezuela.

Video nsps_upload_2009_6_22_18_43_27_34.jpg

Nett-TV: Salvatore Miceli blei pågripe i Caracas natt til søndag.

Salvatore Miceli (63) er mistenkt for å vere bindeleddet mellom dei to italienske mafiagrupperingane Cosa Nostra og N'drangheta, og colombianske narkotikakartell.

Miceli er på lista over Italias 30 farlegaste personar, og han skal vere ein nøkkelperson i smugling av narkotika frå Sør-Amerika til Europa.

Han vart arrestert natt til søndag i ein samordna aksjon mellom italiensk og venezuleansk politi, etter å ha vore på flukt sidan 2001.

Sicilianaren vart attkjend av italienske politifolk, trass i at han har gått gjennom fleire plastiske operasjonar for å endre utsjånaden.

- Dette er eit hardt slag mot Cosa Nostra, seier Guiseppe Luma tidlegare leiar for ein antimafia-komitè i det italienske parlamentet.

Salvatore Miceli er rekna for å vere ein del av den mektige gudfaren Matteo Messina Denaro sitt nettverk.

Italiensk politi har påført Cosa Nostra-mafiaen på Sicilia fleire alvorlege nederlag dei siste åra. Arresetasjonen av toppsjefen Bernardo "Traktoren" Provenzano i 2006, og etterfølgjaren hans Salvatore Lo Piccolo i 2007.

Venezuleanske styresmakter opplyser at Miceli i løpet av kort tid vil bli utlevert til Italia.

LES OGSÅ: Kvinnelig mafiatopp arrestert

LES OGSÅ: Gigantisk mafia-aksjon i Italia

LES OGSÅ: 20 arresterte i mafia-aksjon

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt