NRK Meny
Normal

Sjokkvideo av mafia-avretting

Italiensk politi har sendt ut dramatiske videobilete av drapet på ein mafiamedlem i den italienske storbyen Napoli.

Video nsps_upload_2009_10_29_18_8_46_5021.jpg

Sjå den dramatiske videoen her.

Videobileta er frå eit overvakingskamera.

Politiet trur drapet på Mario Bacio Terracino, ein bankranar som var godt kjend av politiet, er ein del av ein pågåande krig mellom to grupper av den napolitanske mafiaen, Camorraen.

Drapet skjedde utanfor ein bar i den søritalienske storbyen på høglys dag i mai i år.

LES OGSÅ: Politiet aksjonerte mot gangstere i natt

LES OGSÅ: Kvinnelig mafiatopp arrestert

LES OGSÅ: Gigantisk mafia-aksjon i Italia

LES OGSÅ: 20 arresterte i mafia-aksjon

LES OGSÅ: Arrestert etter pizza-massakre

Står og røykjer

Det korte videoklippet viser at 53 år gamle Terracino står og røykjer utanfor baren. Drapsmannen går først inn i baren. Deretter kjem han ut døra og fyrer av eit skot, som treff offeret i eine handa.

Like etterpå rettar han våpenet mot nakken til Terracino og trekkjer av.

Det står fleire menneske på fortauet, blant anna ei kvinne som skrapar eit skrapelodd. Ingen ser ut til å reagere på det som skjer.

Narkotikahandel

Dei to greinene av Camororaen det er snakk om krigar om den lukrative handelen med narkotika i nokre bydelar i Napoli.

Politiet har ikkje greidd å få tak i drapsmannen, trass i at ansiktet hans er synleg på videoen. Etter fem månader med etterforsking har dei valt å gå ut med videoen i håp om tips frå publikum.

Det er sjeldan at nokon torer å tipse politiet om mafiadrap. Dei aller fleste er livredde for reprisaliar frå dei kriminelle.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt