Hopp til innhold

Macron snakka om vrange gallarar – får massiv kritikk på heimebane

Frankrikes president Emmanuel Macron får skarp kritikk i heimlandet, etter friske fråsegner under eit besøk i Danmark om gallarane si manglande vilje til omstilling og endring.

Emmanuel Macron i Danmark.

Det var under ein tale til franskmenn busette i Danmark at Emmanuel Macron snakka om lite endringsvillige gallarar.

Foto: Ludovic Marin / AFP

Det var under ein tale til franskmenn busette i Danmark at den franske presidenten kom med den dårleg skjulte kritikken av eigne landsmenn. Macron har tidlegare gjort det klart at han har stor sans for Danmark, som har ser på som eit land med ein kombinasjon av sosial tryggleik og fleksibilitet på arbeidsmarknaden.

Emmanuel Macron og dronning Margrethe.

Emmanuel Macron i samtale med dronning Margrethe under besøket i København.

Foto: Ludovic Marin / AFP

– Vi må ikkje vere naive. Det som er mogleg å få til er knytt til kultur, til eit folk som igjen er eit produkt av si historie. Lutheranarane, som har opplevd samfunnsendringar dei siste åra, er ikkje som gallarane, som motset seg all endring, sa Macron blant anna.

Asterix og Obelix

Asterix og Obelix er eksempel på gallarar som mange her i Skandinavia kjenner til. Dei var hardtslåande og patriotiske, men ikkje glad i endringar. Gallarane budde i det noverande Frankrike for rundt 2000 år sidan.

Og Macron har også tidlegare sagt at franskmenn ikkje likar reformer, og at landet ikkje er mogleg å reformere.

Den 40 år gamle presidenten prøver å gjennomføre sin eigen versjon av det danske systemet. Han kallar det «flexi-curity», fleksibilitet og tryggleik. Macron snakkar ikkje lenger om reformer, men brukar uttrykket transformasjon.

Det gjekk ikkje langt tid før gallar-kritikken frå presidenten vart fanga opp på heimebane. Nasjonal Samling-leiaren Marine Le Pen let ikkje sjansen gå frå seg til eit skikkeleg stikk mot Macron.

Fra filmen «Asterix og vikingene»

Eksempel på lite endringsvillige gallarar.

Foto: Foto/Copyright: SF Norge AS

– Arroganse og forakt

– Som vanleg hånar han franskmennene når han er i utlandet. Gallarane vil ha stor glede av å svare på arrogansen og forakta hans, seier ho.

Marine Le Pen.

Marine Le Pen er blant dei franske politikarane som har retta sterk kritikk mot Macron etter gallar-fråsegnene hans i København.

Foto: Roberto Pfeil / AFP

Den venstreorienterte parlamentsmedlemen Alexis Corbiere kalla fråsegnene til Macron for «ravande tåpelege». Han legg til at Macron ikkje berre viser forakt for sitt eige folk, men at han også har manglande kunnskap om gallisk historie. Han meiner at gallarane var «svært framstegsvenlege».

Den konservative franske avisa Le Figaro var raskt ute med å leggje ut ei meiningsmåling på nettsidene sine. Der vart folk bedne om å svare på følgjande spørsmål:

Er du sjokkert over fråsegnene til Macron om at gallarane er lite endringsvillige?

Klokka 17.20 torsdag har vel 47.000 lesarar svart. 45 prosent svarar ja på spørsmålet, medan 55 prosent seier nei. Altså er det eit lite fleirtal som ikkje er sjokkerte.

Emmanuel Macron.

– Det var meint som ein spøk, sa Emmanuel Macron då han kom til Helsingfors i ettermiddag.

Foto: Ludovic Marin / AFP

– Humoristisk meint

I ettermiddag, då Macron under den nordiske rundreisa si var komen til Helsingfors i Finland, forsvarte han det han sa i Danmark. Han gjorde det klart at alt var humoristisk meint, og at humor og ironi er eigenskapar som franskmenn har.

– Eg elskar Frankrike og det franske folk. Det skal ingen vere i tvil om. Eg elskar Frankrike i alle variantar, la han til.

Overvåkningsvideo der kvinne blir slått på gaten får Frankrike til å reagere

Ferieparadis til besvær for Frankrikes president

Smertefull og dramatisk avgang for Frankrikes miljøvernminister

SISTE NYTT

Siste nytt