Hopp til innhold

Politisk oppvask i Danmark: Må hente fram sletta SMS-ar etter minkskandalen

Statsministeren sørga for at 15 millionar døde mink måtte gravast ned. No må ho grave fram att SMS-ar som kan sette ho i ein alvorleg politisk skvis.

Mette Frederiksen og død mink.

UVISST KVA HO VISSTE: Statsminister Mette Frederiksen (Sd) er i hardt vêr etter avsløringane rundt nedslaktinga av 15 millionar mink.

Foto: NTB

I dag er det nøyaktig eitt år sidan regjeringa tok avgjerda om å avlive 15 millionar mink i Danmark.

I kveld måtte statsminister Mette Frederiksen (Socialdemokraterne) stå skulerett for eit samla pressekorps.

Det som skulle vere eit tiltak for å stanse spreiing av covid-19 frå mink til mink og kanskje til menneske, har utvikla seg til eit politisk mareritt for statsministeren.

Særleg har det vore retta ramsalt kritikk mot regjeringa fordi mange SMS-ar mellom statsministeren og andre toppfolk i systemet har blitt sletta.

Må hente fram SMS-ane

I kveld kom det fram at telefonane til Mette Frederiksen hadde ein funksjon som gjorde at meldingane blei automatisk sletta.

– Det skjedde før avlivinga av minken og før Mink-kommisjonen starta arbeidet sitt, sa Frederiksen på ein pressekonferanse onsdag kveld.

Kritikarane meiner at SMS-ane kan innehalde bevis for at regjeringa kjende til at nedslaktinga av mink var i strid med lovverket. Men det hevdar statsministeren ikkje er tilfelle.

Men trass i dette kryp ho no til korset og har sett i verk eit omfattande arbeid der teknikarar skal forsøk å gjenskape det ho har skrive.

– Vil tekstmeldingane vise at vi skriv til kvarandre på direkte språk? Ja, det vil dei. Slik er det når vi er i ei avgjerande krise, seier Mette Frederiksen.

Meiner det var fornuftig

I fjor blei det sat ned ein kommisjon for å komme til botten i kven som hadde ansvaret for å gje ordre om å ta livet av 15 millionar mink.

Ho avviser heilt at dei ikkje vil vise nokon kunnskap om kva som kunne og ikkje kunne gjerast mot minken.

– Eg er heilt roleg i høve Mink-kommisjonen sitt arbeid. Eg står for dei avgjerdene eg har tatt, sa Frederiksen.

Ho hevda også at ho fekk råd frå departementssjef Barbara Bertelsen om å slette SMS-ane automatisk.

– Eg tykte det var fornuftig, sa statsministeren.

Men det var ei prega Frederiksen som møtte pressa onsdag kveld. Ho måtte også beklage at regjeringa generelt har vore treige med å sende over dokument til kommisjonen som granskar den ulovlege avlivinga av millionar av mink.

– Vi ville vere sikre på at Mink-kommisjonen fekk dei rette opplysningane, sa ho.

Gasset mink dumpes i Danmark

GASSA MINK: Styresmaktene brukte gass for å ta livet av 15 millionar mink i Danmark.

Foto: MORTEN STRICKER / AFP

Ulovleg nedslakting

I november 2020 frykta fagfolk og politikarar i Danmark frykta at koronasmitta mink skulle spreie smitten vidare.

Men etter at all minken var slakta og graven ned i Danmark, kom det etter kvart fram at regjeringa ikkje hadde lov til å fatte noko vedtak om å ta livet av frisk mink.

Det førte til at mat- og landbruksminister Mogens Jensen trakk seg.

Det synte seg etter kvart at avdelingssjefen i miljø- og matdepartementet, Tejs Binderup, visste om at det var ulovleg å drepe Danmark minkbestand, før det skjedde.

Men toppbyråkraten lét vere å orientere den politiske leiinga om dette og seinare har han sagt at politikarane på eige initiativ burde ha sjekka dette.

– Dersom regjeringa meinte at dette var rett veg å gå, må dei jo etablere relevant lovarbeid før dei tek avgjerda, sa Binderup.

Masseavliving av mink pågår for fullt på Jylland

NRK besøkte ein gard i Kolding i Danmark i november 2020. Her blei svært mange mink drepne.

Andre har ikkje sletta

Tidlegare statsminister Lars Løkke Rasmussen har sagt at han ikkje sletta tekstmeldingar då han var statsminister, skriv Danmarks Radio.

Dei fortel også at verken justisministeren eller forsvarsministeren slettar meldingane sine, så det er ikkje ein utbreidd praksis i departementa som elles handterer teiepliktige opplysningar, skriv DR.

Eit anna spørsmål er om dei sletta tekstmeldingane kan hentast fram igjen.

Ifølgje ein ekspert kan politiet med ein spesiell metode som politiet og tryggingsselskapa har tilgang til, tilsynelatande rette opp igjen dei sletta tekstmeldingane.

– Det er klart at jo lengre tid det tek frå dei vart sletta til ein faktisk gjer denne undersøkinga, jo meir sannsynleg er det at data har gått tapt, har Jan Kaastrup, partnar i tryggingsselskapet CSIS, tidlegare sagt til DR.

Danmark: Visste masseslaktingen var ulovlig

SISTE NYTT

Siste nytt