Hopp til innhold

London-terrorist bad om hjelp til avradikalisering i fengselet

Gjerningsmannen bak knivangrepet i London skal ha bede om hjelp til å bli avradikalisert mens han sona ein tidlegare dom. Statsminister Boris Johnson er kritisk til at han vart sett fri på prøve.

Boris Johnson på London Bridge

KRITISK: Statsminister Boris Johnson vitja åstaden for terrorangrepet i London laurdag. Her passerer han under sperringane som vart sett opp etter angrepet som kosta to menneske livet.

Foto: SIMON DAWSON / AP/NTB Scanpix

Usman Khan (28) som er identifisert som gjerningsmannen, bad om hjelpa i eit brev til advokaten sin.

I brevet, som er sitert av den britiske kanalen ITV, skreiv Khan at han var «umoden» då han braut lova, og at han ville «lære om islam og læra dens gjennom eit avradikaliseringskurs».

Usman Khan

Usman Khan, identifisert som gjerningsmannen bak terroren på London Bridge. Dette bildet er teke då han vart arrestert for terrorplanlegging i 2010.

Foto: West Midlands Police / AP/NTB Scanpix

Khan vart i 2012 dømt for mellom anna å ha planlagt eit angrep mot London-børsen. Han planla òg å etablere eit treningsanlegg for terroristar i Kashmir, skriv The Guardian, som siterer utsegner frå dommaren.

Khan vart prøvelauslaten i desember 2018. Fredag drap han to personar og skadde tre, før han sjølv vart skoten og drepen av politiet på London Bridge.

Kritiserte IS

«Eg vil gjerne gjennomføre eit slikt kurs slik at eg kan bevise overfor styresmaktene, familien min og samfunnet generelt at eg ikkje har dei same synspunkta som eg hadde før eg vart arrestert», skreiv Khan frå fengselet.

Han la til at han ville leve livet «som ein god muslim og ein god statsborgar i Storbritannia».

Til The Guardian seier Vajahat Sharif, advokaten som representerte Khan i 2012, at det verka som at terroristen var «rehabilitert», og at han mellom anna kritiserte IS og Al Qaida.

– Eg aner ikkje kva som skjedde etter at han kom ut. Det er det som er sjokkerande. Kanskje han ikkje var ideologisk robust nok til å motstå radikalisering, seier advokaten.

Jack Merritt, drept i terrorangrep på London Bridge 29. november 2019

Jack Merrit er den eine av dei to som vart drepne på brua.

Foto: Facebook

IS hevdar dei står bak angrepet og seier formålet var å ramme personar frå «koalisjonsland», som vert tolka som land som har gått samen i kampen mot IS.

Boris Johnson på London Bridge

PÅ ÅSTADEN: Statsminister Boris Johnson engasjerte seg følelsesmessig da han laurdag vitja staden der to menneske vart drepne i London sentrum fredag.

Foto: NIKLAS HALLÉN / AFP/NTB Scanpix

Kritisk til å lauslate på prøve

Advokaten meiner det må endringar til for å få terrordømte bort frå ideologiar som oppmodar til vald.

– Prøvelauslatings-tenesta gjer ein god jobb med normale lovbrytarar, men klarer ikkje å takle ideologiske lovbrytarar, seier Sharif.

– Det bør gjennomførast ei betydeleg ideologisk evaluering av desse personane før dei blir sat fri på prøve, meiner han.

Laurdag besøkte statsminister Boris Johnson åstaden. Også han er kritisk til rettssystemet.

– Det verkar ikkje logisk for oss som eit samfunn å sette folk som har vorte dømde for terror, fri på prøve, sa Johnson under besøket.

Styresmaktene varslar no gjennomgang av kva reglar som gjeld for prøvelauslating.

Politiet undersøker hus i Stafford

Politiet gjennomsøkte laurdag eit hus i Stafford som dei meiner har samband med knivstikkinga i London fredag.

Foto: HENRY NICHOLLS / Reuters/NTB Scanpix

SISTE NYTT

Siste nytt