Hopp til innhold

-Terrorplanar mot USA sin ambassade

Den amerikanske ambassaden i London var ifølgje britisk politi eitt av måla til dei ni mennene som er sikta for planlegging av førjuls-terror i Storbritannia.

Dei ni terrorsikta vert frakta frå rettslokalet

Dei ni terrorsikta vert frakta frå Westminster Magistrates`Court og tilbake i varetekt måndag 27.desember.

Foto: Carl Court / Afp

I tillegg til USA sin ambassade, skal London-børsen og fleire framståande politiske og religiøse personar ha vore blant terrormåla til dei ni pågripne, ifølgje BBC.

Dei planlagde åtaka skulle ifølgje britisk politi skje i tidsrommet mellom den 1.oktober og den 20.desember i år.

Seks i varetekt

Politi utanfor huset til ein av dei terrorsikta

Britisk politi utanfor huset til ein av dei ni terrorsikta under pågripingane den 20.desember i år.

Foto: PAUL ELLIS / Afp

Dei er no sikta for å ha planlagd å gjennomføra «sprengingar av ein slik art at det ville vore fare for liv eller for alvorlege skadar», ifølgje britiske styresmakter.

Dei er i tillegg sikta for å ha henta inn bakgrunnsinformasjon og utført forsøk med eksplosive materiale.

I dag møtte dei ni i Westminster Magistrates`Court i London.

Alle dei sikta vart varetekstfengsla på ny fram til den 14.januar. Dei må då møta ein ny rettsrunde i Old Baileys Court i London.

Mennene er mellom 19 og 28 år. Tre av dei er frå Cardiff i Wales, to frå London og fire frå byen Stoke-on-Trent i midt-England. Ifølgje AFP er minst fem av bangladeshisk opphav.

Koordinert aksjon

Til saman vart 12 menn pågripne då britisk politi aksjonerte mot fleire adresser den 20.desember i år. Tre av mennene blei seinare sleppte fri og er ikkje sikta i saka.

Dei koordinerte arrestasjonane skjedde etter mange månader med overvaking utført av politi og etterretningsagentar.

SISTE NYTT

Siste nytt