Hopp til innhold

Leiar Afrikas største land og viser seg knapt offentlig – stadig fleire vil sjå han gå av

Han leiar Afrikas største land frå ein rullestol, og viser seg knapt offentleg. No vil Abdelaziz Bouteflika gå for fem nye år, og det skaper mykje bråk i Algerie.

Algeries president Abdelaziz Bouteflika

I seks år har han brukt rullestol, etter at han fekk slag i 2013. Likevel har Abdelaziz Bouteflika meldt seg som kandidat til valet i april. Det har skapt store demonstrasjonar i Algerie.

Foto: Ryad Kramdi / AFP

Året var 1999 og Algerie stod midt oppi ein borgarkrig. Abdelaziz Bouteflika vann presidentvalet. Krigsveteranen hadde militæret i ryggen. Motkandidatane trakk seg ein etter ein, og ropte samstundes høgt om valjuks.

Året er 2019, og borgarkrigen er over for lengst. Olje- og gassrike Algerie har endra seg mykje. Også for Bouteflika er mykje endra etter at han vart ramma av slag i 2013. No sit han i rullestol, og dei siste seks åra har ikkje Bouteflika vist seg mykje offentleg.

I dag, i går og dagane før det igjen har folk i Algerie vist at tilliten til Bouteflika er låg blant store delar av folket. Store demonstrasjonar skjer no dagleg i Afrikas største land.

I dag vert det brukt vasskanonar mot studentar som er ute og demonstrerer, same dag som Bouteflika offisielt melder seg på valkampen. Mange møtte opp ved bygningen der Bouteflika registrerte seg som presidentkandidat.

ALGERIA-POLITICS-DEMO

Dei vil ikkje ha ein president i rullestol. Det er ikkje stolen som er problemet, men presidentens helsetilstand. Mange i Algerie har knapt sett noko til president Bouteflika dei siste åra.

Foto: RYAD KRAMDI / AFP

– Spørst om han får lov til å pensjonere seg

I meir enn ei veke har titusenvis av algeriarar vore ute i gatene for å vise si misnøye med president Bouteflika. Demonstrasjonane har kome overraskande på styresmaktene.

Kanskje kjem det overraskande fordi opposisjonen knapt slepp til i det offentlege ordskiftet, eller kanskje fordi all media er styrt av staten. Heller ikkje dei store demonstrasjonane dei siste vekene har fått særleg merksemd i algerisk media. I sosiale medium har det derimot vore meir aktivitet.

TOPSHOT-ALGERIA-POLITICS-VOTE-DEMO

Studentar utgjer ein stor del av demonstrantane. Over halvparten av folket i Algerie er yngre enn 30 år.

Foto: RYAD KRAMDI / AFP

Samstundes som demonstrasjonane har vakse seg større den siste veka har Bouteflika vore til behandling på eit sjukehus i Genève i Sveits. Algeriske media har ikkje nemnt noko om at presidenten er utanlands, men det har derimot sveitsisk TV.. Det er nettopp slike historier som fører til at folk i Algerie stiller spørsmål ved om Bouteflikas helse er god nok til å leie landet.

– Spørsmålet her er om det er Bouteflika som tviheld på makta, eller om han rett og slett ikkje får lov til å pensjonere seg, seier seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), Morten Bøås.

– Me veit lite om dei interne tilhøva i Algerie, men det er nok mange rundt presidenten som no posisjonerer seg. Det er mange som vil ta over makta, samstundes som dei fryktar at dei skal tape alt om andre skal ta makta. I ein slik uavklart situasjon kan det vere eit betre alternativ at Bouteflika vert sittande, utfyller Bøås.

ALGERIA-POLITICS-DEMO

Nokre demonstrantar har møtt kraftig motstand frå politi og tryggingsstyrkar. Men demonstrasjonane er i stor grad fredelege.

Foto: RYAD KRAMDI / AFP

183 skadde demonstrantar

Fleire demonstrantar seier at misnøya ikkje berre er retta mot president Bouteflika, men heile hans regime. Dei ønskjer endring i eit land kor militæret har styrt mykje av politikken i mange tiår.

Demonstrantar som France24 har snakka med seier det er viktig at demonstrasjonane er fredfulle, for å vise verda at algeriarar er eit fredfullt folk. Så langt har det vore nokre samanstøytar mellom demonstrantar og politi, og styresmaktene har meldt om ein drepen og 183 skadde. 45 er arresterte, og styresmaktene vert skulda for å slå hardt ned på uroa.

ALGERIA-POLITICS-VOTE-DEMO

Fleire tusen var ute i Algers gater etter fredagsbøna på fredag.

Foto: STRINGER / AFP

– Sjå på Algeries unge. Alt dei krev er ein lovleg vald president som kan snakke til folket, seier 45 år gamle Hamdane Salim til nyheitsbyrået Reuters.

– Dette er ei feiring, ikkje ein protest. Me feirar at Algerie vert fødd på ny. Det er som slutten på ein fotballkamp, og Algerie vann 3-0, seier Ali Salmi til. Reuters, ein av dei som er med på demonstrasjonane, og som trur det heile vil ende med endring.

Og slagorda er mange i gatene i Algerie, der folk har kledd seg i algeriske flagg og teke med seg heimelaga plakatar. «Hade bra, Bouteflika». «20 år er nok». «Nei til eit femte mandat». «For eit fritt og demokratisk Algerie».

Kollaps kan bety krise

Det er veldig lite som tyder på at heile regimet i Algerie kjem til å gå av, og om noko slikt likevel skulle skje er det ikkje særleg mange som står klare til å ta over. Opposisjonen er svak og delt, og erfaringar frå nabolanda Mali og Libya viser at islamistiske grupper kan vakse fram når sterke regime vaklar.

ALGERIA ELECTIONS

Bouteflika tok over makta i 1999. Den gongen var krigsveteranen 62 år og ved god helse.

Foto: ZOHRA / REUTERS

– Det er for tidleg å snakke om nokon kollaps i Algerie. Det er ein sterk stat, det er framleis ganske fredeleg og også ganske sekulært. Skulle dette likevel ende i valdeleg opprør, så lurer jihadistgruppa AQIM i bakgrunnen. Det vil i så fall ikkje vere første gong ein sekulær reform kan ende opp i hendene til jihadistar, seier Bøås.

Algerisk kollaps er Frankrikes frykt

Han understrekar at Algerie er skrudd saman på ein annan måte enn land som Syria og Libya, og at han ikkje har tru på nokon umiddelbar kollaps i Algerie. For den tidlegare koloniherren Frankrike er ein kollaps i Algerie noko av det verste som kan skje.

Forsker Morten Bøås

Seniorrådgjevar i NUPI, Morten Bøås, trur ikkje Algerie kjem til å kollapse.

– Det som franske analytikarar fryktar aller mest er ein kollaps i Algerie. Dagens regime har sterke band til Frankrike, og ved ein kollaps vil det komme ein ny migrantstraum, og bli danna nye migrantruter. I dag er Algeries landegrenser godt kontrollert og ganske stengt. Ein kollaps ville endra på det, seier Bøås.

Algeries hovudutfordringar liknar på utfordringane som også andre land i Afrika har. Halvparten av folket er under 30 år, arbeidsløysa er stor og korrupsjon er utbreidd. Datoen for valet i Algerie er 18. april, og eit titals kandidatar har meldt si interesse. Men kritikarane av regimet meiner det uansett er Bouteflika som kjem til å vinne.

ALGERIA-BOUTEFLIKA/

Nokre demonstrantar vart valdelege. Fleirtalet var fredelege.

Foto: RAMZI BOUDINA / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt