Reformene vart fremma av president Abdelaziz Bouteflika i kjølevatnet av den arabiske våren i 2011. Det var eit forsøk på å unngå at opptøyar og revolusjon skulle spreie seg til Algerie.
Ei av reformene går ut på å gjeninnføre prinsippet om at presidenten berre kan sitje i to periodar. Sjølv vart president Bouteflika gjenvald til sin fjerde periode i 2014, seks år etter at han fekk fjerna avgrensinga om to presidentperiodar.
- Les òg:
Skal styrke demokratiet
– Desse reformene vil garantere demokratiske endringar ved frie val, sa statsminister Abdelmalek Sellal før dei folkevalde stemde over reformene.
I tillegg til å redusere talet på presidentperiodar til to, inneber reformene også at presidenten må peike ut ein statsminister frå det største partiet i nasjonalforsamlinga.
Opposisjonen kritisk
Opposisjonen seier at reformene berre er eit spel for galleriet, og meiner dei ikkje kjem til å redusere makta og innverknaden til den mektige eliten som styrer landet.
78 år gamle Bouteflika og hans indre sirkel har halde eit fast grep om makta i Algerie sidan 1999. Mange fryktar kva som kan kome til å skje når Bouteflika ikkje lenger sit i presidentstolen.