Hopp til innhold

Koranbrenning i Sverige: – Kjem til å brenne han mange gonger

57 muslimske land held måndag eit ekstraordinært møte om koranbrenningane. På same tid sparkar to menn Koranen mellom seg framfor Riksdagen.

_7EG0S26TpI

KORANBRENNING: Irakiske Salwan Momika trakka på Koranen, før han sette fyr på han framfor Riksdagen måndag.

Foto: TT NYHETSBYRÅN

Framfor den svenske Riksdagen står Salwan Najem og Salwan Momika med ein koran, eit svensk flagg og ein megafon.

Dei viftar litt med det svenske flagget, før dei sparkar Koranen mellom seg på bakken. Momika gnir boka under skoen sin, og kastar ho opp i lufta.

Så sett dei fyr på ho.

– Eg kjem til å brenne Koranen mange gonger, til de forbyr han, sa Salwan Najem til Expressen i forkant av demonstrasjonen.

Den 48 år gamle mannen har søkt om, og fått løyve frå svensk politi, til å brenne Koranen måndag.

Salwan Najem viftar med det svenske flagget på ein plen. I bakgrunnen står ei sperring og politi.

20. juli stilte Momika seg framfor den irakiske ambassaden for å brenne Koranen, men blei stoppa.

Foto: Oscar Olsson / AP

Muslimsk toppmøte

På same tid skal 57 utanriksministrar frå alle medlemslanda i Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC) ha eit ekstraordinært møte om koranbrenningane som har skjedd i Sverige og Danmark den siste tida. Tema for møtet er «Stopp islamofobien».

OIC har mellom anna som mål å støtte alle muslimar i deira kamp for verdigheit og nasjonale rettar.

Dei 57 landa som er med i organisasjonen, har kollektivt fordømt koranbrenningane.

Les også Dette veit vi om koranbrennaren i Stockholm

Salwan Momika

Det er spekulert i om det kan kome ein boikott av svensk handel som reaksjon på koranbrenningane.

Tidlegare i juli fekk den svenske ambassadøren til Irak ordre om å forlate landet, i tillegg til at landet forbydde alle svenske selskap å drive verksemd der.

Menn og ein ungdom held opp koranen i ein demonstrasjon. Dei held også opp eit svensk flagg - som dei set fyr på.

I Libanon svarte dei på koranbrenninga i Sverige i slutten av juli med å brenne det svenske flagget.

Foto: Bilal Hussein / AP

Danmark og Sverige vurderer tiltak

I både Noreg, Sverige og Danmark er det lov å brenne heilage bøker, begrunna med ytringsfridomen. Men i spørjeundersøkingar gjort i Noreg og Sverige, svarer over halvparten at dei ønsker å forby koranbrenning.

No er den svenske statsministeren Ulf Kristersson svært uroa over situasjonen. Søndag la han ut eit innlegg på Instagram:

– Vi er i den alvorlegaste sikkerheitspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen, skreiv den svenske statsministeren.

Same dag diskuterte også Kristersson brenninga av Koranen med den danske statsministeren, Mette Frederiksen, skriv SVT.

Både Sverige og Danmark vurderer no tiltak mot koranbrenning.

Ei dame held fram ein plakat av Rasmus Paludan med eit raudt kryss over.

Ei dame viser ein plakat av den islamkritiske politikaren Rasmus Paludan utanfor det svenske konsulatet i Istanbul i januar i år.

Foto: Francisco Seco / AP

Dansk krisemøte

Den danske utanriksministeren Løkke Rasmussen har i dag kalla regjeringa inn til eit krisemøte på same tema.

Rasmussen tok også kontakt med OIC på søndag, og sa at Danmark fordømmer vanæringane av Koranen, og at dei følger nøye med på situasjonen.

Dette har vekt reaksjonar.

Måndag morgon sa den dansk-svenske islamkritiske politikaren Rasmus Paludan på dansk radio at det ikkje vil stoppe han i å sverte Koranen:

– Det er ein heil verktøykasse av andre ting ein også kan gjere, sa Paludan til P1.

– Ein kan gjere mange andre ting for å vise misnøye, og mange av handlingane ein kan gjere, som er ein grafisk kritikk av islam, er noko muslimske land ikkje liker.

Hundrevis av menn sit på bønneteppe og viser fram Koranen.

Også i Pakistan viste folk sin misnøye mot koranbrenningane i Sverige i slutten av juli.

Foto: Fareed Khan / AP

Fleire koranbrenningar

Dette er ikkje første gong Salwan Najem og Salwan Momika har vanæra Koranen. Det har dei allereie gjort fleire gonger i sommar.

Dette har ført til store protestar i muslimske land, særleg i Irak - som begge dei to mennene kjem frå. Momika er ein tidlegare opposisjonspolitikar i landet, og flykta til Sverige i 2021.

Natta før den planlagde koranbrenninga 20. juli, storma hundrevis av demonstrantar den svenske ambassaden i Irak og sette fyr på han, i protest mot planane. Den svenske ambassadøren blei utvist frå landet.

Demonstrasjon mot koranen

Salwan Momika (til høgre) har stått bak vanæringa av Koranen tidlegare i sommar. No er det mannen til venstre, Salwan Najem, som har søkt om å få brenne Koranen.

Foto: Stefan Jerrevång/TT / NTB

I ytringsfridomens namn

Då Najem brende den heilage boka til muslimane utanfor ein moske i Stockholm, sa han at han ville framheve betydinga av ytringsfridom og demokratiet:

Boka bør bli forbydd i heile verda på grunn av faren ho utgjer for demokratiet, etikk, menneskelege verdiar, menneskerettar og kvinner sine rettar, sa Momika, ifølge CNN.

Det svenske politiet har tidlegare forbydd brenning av Koranen, og begrunna det med at det kan føre til alvorlege trugslar mot den nasjonale sikkerheita.

Les også Tyrkisk minister fordømmer ny koran­brenning i Stockholm

-

I juli fekk det svenske politiet tre søknader om brenning av heilage bøker, både Koranen, Toraen og Bibelen:

– I Sverige har vi ytringsfridom. Vi har også respekt for menneske som har andre meiningar, og det faktum at det sårar følelsar. Vi må sjå på lova.

Det sa politisjef i Nordvästra Skåne Mattias Sigfridsson til nyheitsbyrået Ap.

Men svenske domstolar har kome fram til at det burde vere lov å brenne Koranen.

Svensk lov har også ein eigen paragraf som handlar om hets mot folkegruppe.

Den islamkritiske politikaren Rasmus Paludan, som har tent på Koranen ved fleire anledningar, blei tidlegare i år sikta for hets mot folkegruppe. Det er utferda arrestordre på han, og han er venta å bli fengsla viss han reiser til Sverige.

Også Tyrkia har utferda arrestordre på Paludan.

Rasmus Paludan held ein koran i handa og smiler. Caps med "Stram Kurs" skrive på.

Den islamkritiske politikaren Rasmus Paludan er kjend for å arrangere koranbrenningar i Sverige og Danmark.

Foto: FREDRIK SANDBERG / AFP

Koranen og Nato

Koranbrenningane som har funne stad i Sverige det siste året, har sett bremser for tyrkisk ja til Sverige sin Nato-søknad i fjor.

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan har brukt sterke ord og kraftig fordømt korenbrenningane.

– Dei som tillèt slik blasfemi framfor vår ambassade, kan ikkje lenger vente seg å få vår støtte til Nato-medlemskap.

Det sa Erdogan i januar, etter at dansk-svenske Rasmus Paludan tente på ein koran utanfor den tyrkiske ambassaden i Sverige.

Etter ein samtale mellom Erdogan og den svenske statsministeren tidlegare i juli, godkjente Tyrkias president likevel Nato-søknaden, og sa at han vil jobbe for å få søknaden ratifisert i det tyrkiske parlamentet til hausten.

Søndag kveld gjekk den tyrkiske utanriksministeren på nytt ut og bad Sverige «ta konkrete grep» for å hindre koranbrenning.

Erdogan viser fram Koranen medan han snakkar i ein mikrofon.

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan har fordømt koranbrenningane.

Foto: AP

Koranbrenning framfor Stortinget

I Noreg har Stopp islamiseringen av Norge (SIAN) arrangert fleire koranbrenningar rundt om i landet.

Seinast på laurdag brende dei Koranen framfor Stortinget.

Statsminister Jonas Gahr Støre seier ytringsfridomen i Noreg er grunnleggande, men at han kan kome i konflikt med hatkriminalitet:

– La meg vere heilt tydeleg på at eg og regjeringa vernar om ytringsfridomen. Han er heilt grunnleggande. Så meiner eg, sjølv om det er lov, at koranbrenning er ein hatefull handling, som eg personleg tar avstand frå. Eg ser at ordet hatkriminalitet har ein viktig juridisk betydning, så derfor presiserer eg dette no, seier Støre til NRK.

Ein politimann sprayar tåregass på ein mann over ei sperring. Mange menneske i bakgrunnen.

Då SIAN brende Koranen i Sandefjord i fjor, blei dei møtt med motdemonstrantar. Politiet tydde til tåregass for å få folk til å trekke seg vekk frå området.

Foto: Geir Eriksen / NTB

SISTE NYTT

Siste meldinger