Hopp til innhold

Tyrkisk minister fordømmer ny koran­brenning i Stockholm

Svensk politi gav løyve til ei koranbrenning utanfor hovudstaden sin største moske onsdag. Protesten har blitt kritisert av Tyrkia sin utanriksminister.

-

FEKK LOV: Etter at svensk politi godkjente ein søknad om koranbrenning i Stockholm, møtte desse mennene opp framfor moskeen i Södermalm.

Foto: Stefan Jerrevång / TT

– Eg fordømmer protesten mot vår heilage bok, seier Hakan Fidan ifølge Reuters.

Recep Tayyip Erdogan meiner likevel at «Sverige har teke steg i rett retning» innanfor lovverk mot terrorisme, melder det tyrkiske presidentkontoret.

Det kjem etter at to menn møtte opp ved Medborgarplatsen på Södermalm onsdag. Ein av dei ropte «vakn opp, Sverige» før han reiv ut og sette fyr på nokre av sidene.

Personen som har søkt om løyve er ein irakisk statsborgar i 30-åra som held til i Sverige, melder TV4.

Demonstrasjon mot koranen

Fleire motdemonstrantar var til stades under koranbrenninga.

Foto: Stefan Jerrevång/TT / NTB

Fleire motdemonstrantar var til stades under koranbrenninga.

Foto: Stefan Jerrevång/TT / NTB

Dei er truleg den første som har fått lov til å brenne koranen i Sverige sidan retten i hovudstaden vedtok at politiet sitt forbod var i strid med lova.

Vedkommande skal også ha søkt om løyve og fått avslag tidlegare, skriv AFP.

Fleire av dei som hadde møtt opp ved moskeen var eldre menn som ville oppmode andre om å halde seg rolege.

– Gå inn i moskeen. Ikkje gi dette merksemd. Koranen er i hjartet, sa ein av dei til nyheitsbyrået TT.

Hendinga skjer samtidig som at muslimar i heile verda feirar ei av sine største høgtider, id al-adha, eller offerfesten som den også heiter.

Denne dagen markerer slutten på pilegrimsreisa Hajj til Mekka i Saudi-Arabia.

Meiner det kan auke valdstrugsel

Politiet har påpeika at det for tida er bålforbod i heile Sverige, og at brot på dette kan føre til bøter.

– Grunnlova overstyrer det generelle bålforbodet. Politiet grip inn dersom det oppstår fare, fortel Boström Thomas til kringkastaren.

Moskedemonstrasjon i Stockholm

Det svenske politiet har sett inn ekstra styrkar ved Medborgarplatsen.

Foto: TT NYHETSBYRÅN

Det svenske politiet har sett inn ekstra styrkar ved Medborgarplatsen.

Foto: TT NYHETSBYRÅN

Tryggingspolitiet Säpo seier Svenska Dagbladet at aksjonar som dette kan auke trugselen for vald. Politiet har rusta seg opp i løpet av morgonen i tilfelle uro.

– Vi er førebudde på ulike hendingsutviklingar og har gjort dei tiltaka som vi ser på som nødvendige, seier politiet sin pressetalsperson, Helena Boström Thomas, til SVT.

Les også Etter tyrkisk valg: Håp om fortgang i den svenske Nato-prosessen

Nato og Sverige

Svensk statsminister: – Vil ikkje spekulere

Tidlegare koranbrenningar utanfor blant anna den tyrkiske ambassaden i Stockholm har ført til massive demonstrasjonar store delar av Midt-Austen.

Erdogan har vore tydeleg om at han ikkje ville gi godkjenning til svensk medlemskap så lenge Sverige tillét koranbrenning.

Statsminister Ulf Kristersson sa på ein pressekonferanse onsdag at han ikkje ville spekulere om korleis koranbrenninga kunne påverke godkjenninga.

Lebanon Quran Protests

Muslimske demonstrantar i Libanon brann det svenske flagget etter ei koranbrenning framfor den tyrkiske ambassaden i Stockholm.

Foto: Hassan Ammar / AP

Muslimske demonstrantar i Libanon brann det svenske flagget etter ei koranbrenning framfor den tyrkiske ambassaden i Stockholm.

Foto: Hassan Ammar / AP

– Det er lovleg men ikkje passande, sa han, og la til at det var opp til politiet å gjere vedtak knytt til slike protestar.

– Eg meiner at vi lever i ei tid der ein må halde seg roleg og tenke på kva som er best for Sverige sine langsiktige interesser.

Nye samtalar om Nato-medlemskap

Det blir eit ekstra møte mellom Sverige, Finland og Tyrkia i Brussel torsdag 6. juli.

Det blei stadfesta på ein pressekonferanse med Nato-sjef Jens Stoltenberg i Brussel torsdag ettermiddag.

Målet for møtet skal vere å kome nærare tyrkisk godkjenning av Nato-søknaden til Sverige.

Blant deltakarane skal vere utanriksministrar, leiarar for etterretningstenestene og nasjonale tryggingsrådgjevarar.

Nordics Russia Undersea Espionage

Stoltenberg saman med svensk statsminister Ulf Kristersson på ein pressekonferanse om medlemskapen i mars.

Foto: Jonas Ekströmer/TT / AP

Stoltenberg saman med svensk statsminister Ulf Kristersson på ein pressekonferanse om medlemskapen i mars.

Foto: Jonas Ekströmer/TT / AP

– Eg snakka med president Erdogan søndag. Eg er også i kontakt med Sverige og Finland, og vi er einige om å halde eit møte på høgt nivå, har han sagt tidlegare i veka.

Stoltenberg meiner det framleis er mogleg å få medlemskapen godkjent «før eller under toppmøtet i Vilnius».

Det er Tyrkia som verkar å vere det siste hinderet. Landet har også vore særleg misnøgd med at det forbodne kurdiske arbeidarpartiet får fungere relativt fritt i Sverige.

– Timinga er nok neppe tilfeldig

Tyrkiaekspert Einar Wigen

Wigen er professor i Tyrkia-studiet hos Universitetet i Oslo.

Foto: Universitetet i Oslo

Tyrkia-ekspert Einar Wigen trur ikkje president Recep Tayyip Erdogan vil reagere like sterkt på denne koranbrenninga som dei som skjedde i tida før presidentvalet.

– Ein kan få liknande reaksjonar sjølvsagt, men eg trur det er mindre sannsynleg at presidenten og den politiske leiinga i Tyrkia hausar dette opp.

– Det er både fordi valet er over, og fordi dei truleg såg at det gjekk litt lengre enn dei var komfortable med sist.

Samtidig meiner han at dei som no har søkt om å brenne koranen framfor ein moské i Stockholm, heilt klart prøvar å «provosere fram ein reaksjon».

– Det som er unødvendig med dette, er at det å drive å brenne koranar framfor tyrkiske moskear eller ambassaden, gjerast utelukkande for å få tyrkarane til å stå fram som lett-tenkande, hissige, sårbare og så vidare.

– Timinga er nok neppe tilfeldig. Det er nok designa for å blande seg inn i dette ekstramøtet som skjer neste veke.

Rasmus Paludan brenner en koran.

Det var den danske ytre-høgre-politikaren Rasmus Paludan som brann koranen utanfor ambassaden i januar.

Foto: Joakim Registad / NRK

Det var den danske ytre-høgre-politikaren Rasmus Paludan som brann koranen utanfor ambassaden i januar.

Foto: Joakim Registad / NRK

Ikkje den viktigaste saka for Tyrkia

Wigen vil ikkje spekulere på om ytterlegare koranbrenningar vil ha nokon innverknad på medlemskapsprosessen.

Han meiner likevel at det finst andre kampsaker som er mykje høgare på agendaen for dei tyrkiske styresmaktene.

– Den store saka er jo kor mykje dei kan få ut av Nato, seier han, og gir nye eventuelle våpenavtalar som eitt eksempel.

– Ein ser ikkje lenger på Nato som eit fellesskap, men som ein motpart ein kan presse ut for gode. Det er eit problem for Nato og Sverige, men det er også eit problem for Tyrkia.

SISTE NYTT

Siste nytt