Hopp til innhold

SVT: Irak forbyr alle svenske selskap

Etter ei planlagt koranskjending ved den irakiske ambassaden i Stockholm torsdag, kjem beskjeden frå den irakiske kommunikasjonsministeren Hayam al-Yasiri.

Stllbilde fra video: En irakisk statsborger forbereder brenning av Koranen i Stockholm 20.07.23

DEMONSTRERTE OGSÅ TIDLEGARE I SOMMAR: Torsdag trakka Salwan Momika på koranen framfor den irakiske ambassaden, men brente den ikkje slik han gjorde i juni.

Foto: Joakim Reigstad / NRK

Irak har bede den svenske ambassadøren forlate landet, melder SVT og siterer svensk UD. Dei kallar også heim sin eigen toppdiplomat i Stockholm, skriv dei vidare.

Irak trekkjer også tilbake løyvet til den svenske telegiganten Ericsson til å kunne drive verksemd i Irak, ifølgje nyheitskanalen al-Arabiya.

Presidenten for styreselskapet for media og telekommunikasjon i Irak, Ali Al-Mouayad, seier dette er som svar på «løyvet Sverige har gitt til å brenne koranen og det irakiske flagget».

Den planlagde koranskjendinga heldt fram i Stockholm torsdag ettermiddag, sjølv om det svenske politiet uttrykte tvil torsdag morgon om arrangementet skulle gå føre seg.

-

Den irakiske statsborgaren veiva også med det svenske flagget under demonstrasjonen.

Foto: OSCAR OLSSON / AFP

Framfor media, politi og ei gruppe rasande tilskodarar, stilte to menn seg opp på ein grasflekk i regnet.

Den eine Salwan Momika, den same mannen i 30-åra som brann muslimane si heilage bok framfor hovudstaden sin største moské i juni.

Med eit breitt smil om munnen gnidde Momika koranen, det irakiske flagget og biletet av fleire kjente skikkelsar på skoa sine. Ein av desse var sjialeiaren Muqtada al-Sadr.

Momika er opphavleg frå Irak, men held til i Sverige, har svenske TV4 tidlegare meldt.

Sette ikkje fyr på koranen

I søknaden om å få demonstrere skreiv han at dei etter planen skulle utføre ei koranbrenning som demonstrasjon.

Men bodskapen hans blei jamleg overdøyvd av rop frå forsamlinga:

– Du er ein hund!

– Du har ikkje støtte!

Etter ein høglydt krangel med motdemonstrantane gjennom ein megafon, pakka han ned koranen og reiste av garde.

-

Politiet seier dei har hatt dialog med alle dei involverte og er godt førebudde.

Foto: CAISA RASMUSSEN / AFP

57 muslimske land har kravd at muslimane si heilage bok må bli verna av folkeretten.

Fleire gongar har koranbrenningar i Sverige ført til kraftige reaksjonar andre stader i verda.

Den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan har fleire gongar brukt koranbrenningar som grunn til å utsette godkjenning av Sverige sitt Nato-medlemskap.

Men sist veke blei det klart at Tyrkia, Sverige og Nato hadde inngått ein avtale om godkjenning.

– Det same som om han hadde brent den

NRK møter motdemonstranten Lawa utanfor den irakiske ambassaden, kort tid etter at arrangementet tok slutt.

– Islamsk nyttår starta i går. Søskenbarnet mitt har bursdag i dag, og han lever ikkje, og har var ein praktiserande muslim. Så for meg betyr denne dagen mykje, fortel ho.

– Dette er hets mot ei folkegruppe, og det er på ingen måte greitt. Dessutan er alle ressursane, 130 politifolk her i dag, på grunn av ein flyktning som er komen hit åleine.

-

Det viktigaste er å vere til stades for å vise at det ikkje er greitt, seier motdemonstranten Lawa til NRK.

Foto: Joakim Reigstad / NRK

Lawa meiner at Sverige øydelegg for seg sjølv ved å tillate arrangement som dette og er «nøgd med» at Danmark og Finland ikkje gjer det.

Handlingane torsdag blir ikkje mindre alvorlege med at dei ikkje sette fyr på koranen, seier ho vidare.

– Han har allereie brent den ein gong tidlegare. Og så står han og sparkar den fram og tilbake. For meg er det same som om han hadde brent den.

Svensk ambassade storma i Bagdad

Natt til torsdag tok fleire hundre demonstrantar seg inn i Sverige sin ambassade i den irakiske hovudstaden.

Inne blei det starta ein brann, ifølge lokale kjelder, og irakisk opprørspoliti var på staden.

Årsaka er den nye demonstrasjonen som var varsla framfor Irak sin ambassade i Stockholm torsdag ettermiddag.

-

Her klatrar demonstrantane over gjerdet utanfor den svenske ambassaden i Baghdad, medan brannlukkinga går føre seg i bakgrunnen.

Foto: AHMAD AL-RUBAYE / AFP

Det svenske utanriksdepartementet har stadfesta til SVT at alle tilsette ved ambassaden er trygge. Det er framleis uklart om nokre av dei var til stades då storminga skjedde.

Protestane starta etter at al-Sadr oppfordra tilhengarane sine til å gjere motstand på meldingsappen Telegram.

Den svenske utanriksministeren Tobias Billström seier at «irakiske styresmakter har alvorleg feila i ansvaret deira om å verne diplomatiske oppdrag og personell».

Statsministeren i Irak har sagt til Sverige at han vil kutte diplomatiske band til landet dersom koranen blir brent der igjen.

USA har fordømt det dei kallar ein manglande innsats frå Irak for å verne om den svenske ambassaden natt til torsdag.

– Det er uakseptabelt at irakiske tryggingsstyrkar ikkje handla for å hindre demonstrantane i å storme den svenske ambassaden for andre gong, sa talsperson for amerikansk UD Matthew Miller.

Verksamsnekt og diplomatisk brot

Irak har kunngjort at de forbyr alle svenske selskap frå å drive verksemd i Irak.

Men kva vil dette handelsforbod ha å si for svenskane?

– Størrelsen på svensk-irakisk handel er beskjeden, svarer Noregs tidlegare ambassadør til Sverige, og nå spesialrepresentant for Ukraina, Christian Ulrik Syse til NRK.

Christian Ulrik Syse

Tidlegare ambassadør til Sverige, Christian Ulrik Syse er nå fungerande spesialrepresentant for Ukraina.

Foto: Benjamin Danielsen / NRK

Derfor medfører ikkje handelsforbod i seg sjølv store konsekvensar for svensk industri.

– Men det ein nå er redd for, er at dette gir ringverknader i land som er viktigare for svensk næringsliv, seier Syse og peiker på Marokko og Iran.

Sistnemnde har torsdag kveld kalla inn Sveriges ambassadør på teppet etter «vanheilag» av Koranen, opplyser statlege iranske medium.

Og ikkje minst er forholdet til Tyrkia særleg viktig for svenskane. Syse påpeiker at det viktigaste sett frå den svenske regjeringas side, er å få Nato-medlemskapet på plass.

Recep Tayyip Erdogan Jens Stoltenberg og Ulf Kristersson

MØTE FØR MØTET: Dei tre partane møtte ein dag før det offisielle Nato-toppmøtet i Vilnius.

Foto: Nato

– Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan har sagt at han nå skal oppmode om at parlamentet godkjenner et svensk medlemskap. Men korleis dagens koranskjending påverkar det, er usikkert.

– Her er det et tungt bakteppe.

Forsoning

– Korleis finn man løysingar på motsetningane, når ein fjernar de diplomatiske kanalane?

– Det er ikkje så godt å vite, for i Sverige er man med rette stolt av ytringsfridomen, svarer Syse.

Christian Ulrik Syse

Christian Syse var ambassadør i Stockholm frå 2017 til 2021.

Foto: Benjamin Danielsen / NRK

Men at Sverige skal endra sin ytringsfridomspolitikk, er neppe aktuelt. Syse meiner derimot at man må sjå på kven som står bak disse koranbrenningane: Ein irakar med mellombels opphaldsløyve og tidlegare, den ytterleggåande dansk-svenske politikaren Rasmus Paludan.

– Koranskjendinga er ikkje uttrykk for allment svensk syn.

-

Ein demonstrant held opp eit bilete av Muqtada al-Sadr framfor brannen på den svenske ambassaden.

Foto: AHMAD AL-RUBAYE / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Britisk politi: Ein død etter angrep med stikkvåpen i London

Ein 14 år gammal gut døydde etter sverdangrepet i London. Det opplyser britisk politi.

Disse videoen fra Twitter skal vise stormingen av Hamilton Hall

Gaza-demonstrasjon i USA: Har barrikadert universitetsbygg på Columbia

New York-universiteta Cornell og Columbia har byrja å straffe studentane sine for teltleirane ved campus. På det siste svarte studentane med barrikadar.