Hopp til innhold
Urix forklarer

Dette veit vi om koranbrennaren i Stockholm

Koranskjendingane ved den irakiske ambassaden i Stockholm har ført til ei diplomatisk krise mellom Sverige og Irak. Kven er demonstranten som står bak dei?

Salwan Momika

FRÅ IRAK: Momika er sjølv statsborgar i landet han torsdag demonstrerte mot, ifølge svenske TV4.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

Begge gongar har det starta på omtrent same måte. Salwan Momika (37) dukkar opp på ein grasflekk med Koranen i ei hand og ein megafon i den andre.

Han trakkar på muslimane si heilage bok. Smiler til forsamlinga, forsikrar seg om at dei følger med. Når folk ropar, ropar Momika tilbake.

Men torsdag gjekk ikkje alt som planlagt. Motdemonstrantane overdøyvde det han hadde å seie på den andre sida av politisperringa.

Protestor Salwan Momika is escorted by police to a location outside the Iraqi embassy, in Stockholm,

Her blir Momika sleppt inn til området framfor den irakiske ambassaden.

Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

Det hadde også starta å regne. Det er usemje om han prøvde å tenne på boka eller ikkje, men det er sikkert at den ikkje tok skikkeleg fyr.

Med lite seremoni pakka han saman Koran, irakisk flagg, bileta av ein kjent sjialeiar og Ayatolla Ali Khamenei, og drog av garde utan å ha brent noko som helst.

Likevel har eit diplomatisk forhold gått opp i røyk. Svenske selskap får ikkje lenger drive handel i Irak, seier styresmaktene der.

Den svenske ambassadøren i Bagdad er beden om å reise heim, etter at ambassaden der blei storma og sett fyr på av demonstrantar i går.

Kven er personen som har sett så mange sinn i kok, og kvifor er han kjent i Irak?

Les også SVT: Irak forbyr alle svenske selskap

Stllbilde fra video: En irakisk statsborger forbereder brenning av Koranen i Stockholm 20.07.23

Skal ha leidd ein kristen milits

Momika er fødd i Al-Hamdaniya, som ligg nord i Irak. Dette er kjerneområdet til assyrarane, som er ei kristen folkegruppe.

Sjølv om også han skal ha kristen bakgrunn, skriv den arabiske avisa Al-Araby Al-Jadeed at han ikkje har lukkast i å få støtte frå trussamfunnet.

Worshippers attend an Easter vigil service at the Grand Immaculate Church in Al-Hamdaniya

Momika vaks opp i Al-Hamdaniya, eit distrikt som ligg aust for Mosul.

Foto: KHALID AL-MOUSILY / Reuters

Iallfall ikkje før 2013, då den Den islamske staten (IS) blei etablert. Som svar dukka det nemleg opp fleire lokale militsar.

Desse var både muslimske og kristne, og var underlagde Folket si mobiliseringsstyrke (PMF).

Presidenten for Framtids-stiftinga Washington DC tvitra sist månad at Momika også var medlem av PMF.

-

Leiaren for Framtids-stiftinga Washington DC meiner denne mannen er Salwan Momika.

Foto: Entifadh Qanbar / Twitter

Ifølge nyheitsnettstadane Arab News og The New Arab har Momika vore aktiv i fleire av dei kristne militsane, og også leidd sin eigen ved namnet Suqur Assyria.

Momika fortel likevel til Expressen at han ikkje er truande.

– Eg er ateist med arameisk kristen bakgrunn. Eg var leiar for eit politisk parti i opposisjon til den irakiske regjeringa.

Framleis sikta i Irak

Avisene skriv at Momika hamna i fengsel i mars 2017, og var i varetekt i 18 dagar før han blei sleppt fri.

Sidan skal han ha vore involvert i fleire politiske rørsler mot sjiamuslimar i Irak, før han omsider flykta til Sverige i 2021.

Sjølv hevdar han til Expressen at han blei forfølgd av den irakiske regjeringa.

-

I ein video på sosiale medium går Momika hardt ut mot Tobias Billström for at han har fordømt koranbrenninga.

Han skal framleis vere sikta for fleire forhold i heimlandet, ifølge advokatar som The New Arab har snakka med.

Sjølv avviser Momika at han har vore involvert i PMF eller militsane i Irak. «Eg var berre ein politikar», har han sagt i eit intervju med Aftonbladet.

-

Høigilt forskar på språk, ideologi, kultur og samfunn i Midt-Austen.

Professor i Midtausten-studium ved UiO, Jakob Høigilt, meiner Sverige har hamna i ei «uheldig suppe» som eigentleg ikkje har noko med Tyrkia eller Nato-medlemskapet å gjere.

– Salwan Momika er jo ein irakar som har spelt ei politisk rolle i Irak. Så dette er i ganske stor grad indre irakiske konfliktar.

– Men det kan fort bli skapt assosiasjonar i folk sine hovud om at Sverige er eit land som har noko agg til ulike muslimske land i Midt-Austen, sjølv om det objektivt sett ikkje er slik.

Ønsker å bli kandidat til Riksdagen

Også i Sverige er Momika ein kjenning av politiet. Sommaren same år som han fekk tre års opphaldsløyve, blei han dømd til samfunnsteneste for å ha truga ein romkamerat.

I dag lever han under politiet sitt vern som følge av trugslar, medan han samtidig blir etterforska for hatkriminalitet etter koranbrenninga 28. juni.

Før demonstrasjonen torsdag la Momika ut ein video på Instagram. Der fortalde han at han hadde klart å overtyde svensk politi om å la han få demonstrere framfor den store moskeen i Stockholm.

-

Momika utanfor den store moskeen i Stockholm 28. juni.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

– Med denne boka kjem eg også til å brenne det irakiske flagget, som ikkje representerer meg. Eg skal grille svinekjøt over dei framfor den irakiske ambassaden.

Arab News skriv at Momika har bede dei svenske styresmaktene om å gi han svensk statsborgarskap, eller dersom ikkje gi han utvida flyktningstatus.

Til Aftonbladet har Momika fortalt at han vil representere partiet Sverigedemokraterna i riksdagen.

– Eg høyrer til partiet og blei medlem for eitt år sidan. Eg er stolt over partiet som det einaste som forsvarar Sverige og svenske verdiar, fortel Momika.

– Men det eg gjer for fridommen min, og demonstrasjonane mine, representerer ikkje partiet som eg høyrer til.

SISTE NYTT

Siste nytt

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Britisk politi: Ein død etter angrep med stikkvåpen i London

Ein 14 år gammal gut døydde etter sverdangrepet i London. Det opplyser britisk politi.

Disse videoen fra Twitter skal vise stormingen av Hamilton Hall

Gaza-demonstrasjon i USA: Har barrikadert universitetsbygg på Columbia

New York-universiteta Cornell og Columbia har byrja å straffe studentane sine for teltleirane ved campus. På det siste svarte studentane med barrikadar.