Hopp til innhold

Dette kjøpesenteret er gjort om til torturkammer: – Blod og avføring på veggane

El Helicoide er eit oppsiktsvekkande bygg for dei som likar arkitektur, men byggets grufulle historie er endå meir oppsiktsvekkande. Forvandlinga til El Helicoide er historia om forvandlinga til Venezuela.

VENEZUELA-POLITICS-OPPOSITION-SEBIN

El Helicoide skulle vere eit kjøpesenter der du kunne kjøre rundt og rundt oppoveer utsida av bygningen, og kor innsida skulle vere eit kjøpesenter og luksushotell. I dag er det kjent for noko heilt anna.

Foto: FEDERICO PARRA / AFP

I byrjinga av Venezuelas oljealder starta El Helicoide ut som eit storslått prosjekt. Det skulle vere eit bygg som skulle innehalde både femstjerners hotell, ein park og kjøpesenter – for å nemne noko.

Men etter kvart som økonomien har gått nedover og styresmaktene i Venezuela har stramma grepet, så har også El Helicoide endra seg.

I dag er det eit berykta bygg. Eit fengsel og hovudkvarteret til Venezuelas etterretning. Nokon kallar det også eit torturfengsel. Det er BBC som i dag formidlar historier frå tidlegare innsette og tilsette ved fengselet.

– Vakna opp i frykt

– Eg var redd nesten heile tida. Du la deg til å sove, og vakna opp i frykt. Du visste aldri når noko kunne skje deg, fortel Rosmit Mantilla til BBC.

Han er politikar og homo-aktivist i Venezuela, og vart sett i fengsel skulda for å ha gitt pengar til regimekritiske demonstrasjonar. Ein feilaktig dom, meiner han som i dag bur i Frankrike, der han har fått politisk asyl.

VENEZUELA-CRISIS-DETENTION CENTRE-PRISONERS

Tryggleiken ved El Helicoide er godt teken vare på. Mange opposisjonelle krefter frykter bygget, som også fungerer som eit fengsel.

Foto: JUAN BARRETO / AFP

Men frå 2014 til 2016 sat han i El Helicoide. Det sette spor i han.

– Ikkje noko lys, vatn, toalett, ingen sanitære fasilitetar og senger. Veggane var fulle av merke frå blod og avføring, fortel Mantilla, som vart vald inn i Venezuelas nasjonalforsamling mens han sat fengsla.

Venen tok sjølvmord

Inni det tidlegare kjøpesenteret har det som var luksuriøse butikkar blitt gjort om til fengselsceller som har fått kallenamn som «Akvariet», «Lille Helvete» og «Guantánamo».

Ei av historiene som Mantilla hugsar best frå fengselet er historia om 64 år gamle Rodolfo González.

Han vart fleire gonger truga av vaktene med å bli sendt vidare til Yare. Det er eit fengsel der notoriske kriminelle sonar sin straff, og kor ein risikerer å bli drepen av andre fangar. Mantilla fortel at Gonzalez til slutt tok sitt eige liv på grunn av trugslane frå vaktene.

– Etter at dei hadde fjerna liket, så øydela dei alt. Madrassane, putene, bøkene, notatblokkene, biblane, krusifiksa og bileta – alt, fortel Rosmit Mantilla om kva som skjedde etter at venen hadde teke sitt eige liv.

Professor og Latin-Amerika-ekspert Benedicte Bull forklarer.

Professor og Latin-Amerika-ekspert Benedicte Bull forklarer.

– Etterretningsorgan brukt til tortur

Også to tidlegare fengselsvakter fortel til BBC om systematisk bruk av tortur i fengselet.

– Eg såg folk bli banka opp, bundne, hengt etter hendene frå eit trappegelender, med føtene såpass nær bakken at dei så vidt klarer å stå, fortel den tidlegare fengselsvakta Victor.

– Det kunne vere ein arm, deira testiklar, strupe, mage, overalt eigentleg, fortel ein annan tidlegare vakt, Manuel.

Det er Sebin, Venezuelas etterretningsorgan, som driv fengselet og vert skulda for tortur.

Den tidlegare fangen Mantilla meiner etterretningsorganet ikkje driv med arbeid som er til det beste for Venezuelas folk, men at dei jobbar for å sikre det sittande regimet i Venezuela – som han meiner er eit diktatur.

Dette regimet sit for tida utrygt på grunn av sterk misnøye med sittande president, Nicolás Maduro.

Kritikarane til regimet meiner El Helicoide blir brukt til å skremme dei som tenker på å kritisere regimet.

I februar i fjor sa Den internasjonale straffedomstolen at dei vil undersøke skuldingane om omfattande kriminalitet og brot på menneskerettane ved fengsla.

Og Venezuela har sagt at dei vil samarbeide ved ei slik undersøking.

SISTE NYTT

Siste nytt