Hopp til innhold

Kirkens Nødhjelp inn i Sør-Ossetia

Eit team frå Kirkens Nødhjelp er på veg inn i Sør-Osettia for å kartleggje behovet for naudhjelp.

Sør-ossetisk kvinne med ku

Ei kvinne leier kua si ned ei krigsherja gate i Tskhinvali i Sør-Ossetia.

Foto: Dmitry Lovetsky / AP

Etter konflikten i området har ikkje humanitære organisasjonar fått lov til å reise inn i utbyterrepublikken med naudhjelp.

No blir truleg Kirkens Nødhjelp den fyrste hjelpeorganisasjonen som slepp inn i Sør-Ossetia, fortel Sophie Gabbe Nygaard.

- Det er nesten ingen som slepp inn. FN-organisasjonar som Unicef og UNHCR har så langt ikkje greidd å komme inn. Det samme gjeld Amnesty International.

På veg tilbake

Det er eit viktig oppdrag Sophie Gabbe Nygaard og Kirkens Nødhjelp skal utføre når dei i dag får kome inn i Sør-Ossetia.

Om lag 35.000 menneske flykta over grensa til Nord-Ossetia då Georgia prøvde å ta tilbake kontrollen over utbrytarrepublikken tidlagare denne månaden.

25.000 flyktningar som har budd i mellombelse leirar er no på veg tilbake til Sør-Ossetia.

Hjelpa står fast

Mange land har løyvt pengar til naudhjelp til utbrytarrepublikken, men storparten av denne hjelpa står framleis på russisk side av grensa.

No skal Kirkens Nødhjelp saman med den russisk-ortodokse kyrkja bruka ei veke på å kartleggja kva som trengst av naudhjelp, mellom anna i hovudstaden Tskhinvali.

- Ein veit no at vassforsyninga er i orden, og at 75 prosent av byen har straum. Kva andre behov som er der, er nett det vi skal undersøkje, seier Nygaard.

SISTE NYTT

Siste nytt