Hopp til innhold

Kinesiske kjendisar bryt samarbeidet med vestlege merkevarer

Fleire kjende kinesarar bryt samarbeidet med merker som Nike, Adidas og H&M.

Liu Yifei i Mulan

Liu Yifei spelte hovudrolla i Disney-filmen «Mulan» som kom i fjor. Ho er ein av mange kjente kinesarar som no støttar opp om boikotten av vestlege varer.

Foto: Jasin Boland / Disney Enterprises

Skodespelaren Liu Yifei, som spelte i filmen «Mulan», er ein av minst 40 kjendisar i Kina som har brote samarbeidet med utanlandske merkevarer, skriv Variety.

Liu fekk kritikk frå demokratiforkjemparar etter at ho sa ho støtta politiet i Hongkong i fjor.

Denne gongen er ho meir ordknapp, men ho har lagt ut eit innlegg på kinesiske sosiale medium om at ho vil avslutte sponsoravtalen med Adidas.

Nike, Adidas og H&M har tidlegare sagt at dei ikkje vil bruke kinesisk bomull frå Xinjiang-provinsen fordi dei er uroa over tilhøva for menneskerettar der.

Ifølge aktivistar og USA har Kina gjort seg skuldige i folkemord mot den muslimske folkegruppa uigurane. Kina har avvist dette.

Fjerna H&M frå kartet

EU, Storbritannia, USA og Canada har sett i verk restriksjonar mot kinesiske tenestemenn dei meiner har delteke i brota på menneskerettane.

Som eit svar på dette oppfordra statlege styrte medium i Kina denne veka til boikott av blant andre H&M, Nike, Adidas, Burberry og Zara, melder AFP.

Dette får støtte frå fleire kinesiske skodespelarar, modellar og songarar. Blant dei er skodespelarane Zhou Dongyu og Jackson Yee aksjonen, som spelar i den Oscar-nominerte filmen «Better Days».

Zhou Dongyu

Zhou Dongyu spelar i filmen «Better Days», som er Oscar-nominert i kategorien for beste framandspråklege film.

Foto: billy-dai_chienan / AP

Også skodespelaren Song Dandan seier ho vil boikotte merka. Ho er stemora til kinesiskfødde Chloe Zhao, som har regissert Oscar-favoritten «Nomadland».

Merkevarene har brukt kjendisane for å få innpass på den lukrative kinesiske marknaden. No blir mange av desse avtalane avslutta i protest.

Det kinesiske netthandelsselskapet Alibaba har fjerna H&M frå sine plattformer. I tillegg er det no ikkje mogleg å søke etter butikkane til den svenske kjeden på kinesiske kart-appar, ifølge Varety.

H&M i Beijing

H&M-butikken er godt synleg i gatebildet i Beijing. Men no er butikken fjerna frå kinesiske kart-appar.

Foto: FLORENCE LO / Reuters

Uigurisk støtte

Motstanden mot dei utanlandske klesgigantane er også stor på det kinesiske sosiale mediet Weibo.

– Dei spreier rykte og vil boikotte bomull frå Xinjiang. Samtidig vil dei tene pengar i Kina? Ønsketenking!, skriv det kommunistiske ungdomspartiet, ifølge Variety.

Over 28 millionar kinesarar la ut meldingar om at dei støtta bomull frå Xinjiang.

Innsanking av bomull i Xinjiang

Bomullsmarkane i Xinjiang-provinsen er ein viktig leverandør av bomull. Store merkevarer har sidan i fjor sagt at dei ikkje vil bruke bomull frå området på grunn av brot på menneskerettane.

Foto: STR / AFP

Også uiguriske skodespelarar, som Dilraba Dilmurat, støttar kampanjen.

– Eg elskar heimbyen min. Der er det vakre bomullsmarker og nydelege folk. Eg støttar bomull frå heimbyen min, skreiv ho til sine 73 millionar følgarar, ifølge Variety.

Mange kjendisar i Kina bruker sosiale medium for å støtte styresmaktene. Dei blir med det eit viktig verktøy for kommunistpartiet. Det er ingen krav om at dei skal vise støtte, men mange vel å markere seg i frykt for at det skal gå ut over karrieren om dei ikkje gjer det, skriv CNN.

SISTE NYTT

Siste nytt