Hopp til innhold

Livsteikn frå sakna kinesisk skodespelar

Etter fire månader borte frå offentlegheita, har Fan Bingbing gitt lyd frå seg igjen. Det skjer samtidig som ho er pålagt over 100 millionar dollar i bøter og straffeskatt av kinesiske styresmakter.

Fan Bingbing

Den kinesiske skodespelaren Fan Bingbing må betale bøter og straffeskatt til kinesiske styresmakter. Ho har vore borte frå offentlegheita sidan juni etter at det blei avslørt at ho skulle ha lurt unna skatt.

Foto: Alastair Grant / AP

Fan Bingbing er blant dei best betalte kvinnelege skodespelarane i verda, og ein av dei største kjendisane i Kina. I juni blei det avslørt at ho skal ha triksa med skatten ved å ha hemmelege kontraktar om honorar som ho ikkje opplyste om til styresmaktene.

Samtidig forsvann Fan frå offentlegheita. Spekulasjonane gjekk om ho frivillig hadde gått under jorda, eller om ho var arrestert av kinesiske styresmakter.

No har styresmaktene kunngjort at dei vil pålegge Fan straffeskatt og bøter på over 100 millionar dollar, eller over 800 millionar norske kroner.

Samtidig kom den første oppdateringa på sosiale medium på fire månader frå Fan, skriv Hollywood Reporter:

– Eg har svikta landet som fostra meg, eg svikta samfunnet som stolte på meg, eg svikta fansen som likte meg.

Ulovlege kontraktar

I juni la ein TV-journalist fram dokument som viste korleis ein ikkje namngjeven kjendis hadde to kontraktar for å redusere skatten. Den eine kontrakten var offentleg og skattbar, medan den andre, som viste eit langt høgare honorar, var hemmeleg.

Kort tid etter blei det kjent at kjendisen det var snakk om var Fan Bingbing. Ho har nekta for at ho har gjort noko gale.

Hugh Jackman, Fan Bingbing, Peter Dinklage

I tillegg til å ha spelt i fleire kinesiske filmar og TV-seriar, har Fan også spelt i vestlege filmar som i «X-Men: Days of Future Past» saman med Hugh Jackman og Peter Dinklage.

Foto: EDGAR SU / Reuters

I tillegg til å spele i fleire kinesiske filmar, har Fan også hatt roller i «Iron Man»- og «X-Men»-filmseriane. I mai var ho i Cannes for å promotere spionfilmen «355» saman med blant andre Jessica Chastain og Penélope Cruz. Ho har også reklamert for fleire luksusmerke.

Kinesiske styresmakter seier at Fan kan sleppe vidare straffeforfølging om ho betaler bøtene og straffeskatten ho er pålagt. Noko ho seier at ho vil prøve å gjere.

– Eg aksepterer krava, og vil samle saman pengar til å betale det eg skuldar.

Trugar filmbransjen med bøter

Etterforskinga av Fan Bingbing har også gjort at den kinesiske filmindustrien har fått eit kritisk blikk på seg. Praksisen med doble kontraktar skal vere meir utbreidd enn det ein har trudd tidlegare.

Styresmaktene seier ifølgje det kinesiske nyheitsbyrået Xinhua at dei har avdekt fleire slike tilfelle. No gir dei film- og TV-bransjen fram til nyttår med å sjølve rydde opp i skattetriksinga.

– Film- og TV-selskap, og tilsette i desse, som innan 31. desember 2018 betalar det dei skuldar i skatt, blir ikkje straffa. Men dei som ikkje betaler, skal haldast ansvarlege og straffa, skriv styresmaktene i ei fråsegn.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.