Hopp til innhold

Kim Jong-il på reisefot igjen

Det er umogleg å få det stadfesta på offisielt hald, men alt tyder på at Nord-Koreas sterke mann, Kim Jong-il, er på besøk i Kina.

Dette kornete biletet viser Kim Jong-il i Kina.

Dette biletet av Kim Jong-il vart teke frå lang avstand i byen Mudanijang i Kina i går.

Foto: KYODO / Reuters

Inngangen til lukshushotellet South Lake Hotel i Changchun.

Inngangen til lukshushotellet South Lake Hotel i Changchun.

Foto: ALY SONG / Reuters

Som vanleg når Nord-Koreas stassjef er på reisefot, skjer det mest mogleg diskret. Og korkje nordkoreanske eller kinesiske styresmakter er viljuge til å stadfeste at det er verkeleg er Kim Jong-il, og kanskje til og med sonen og «kronprinsen» Kim Jong-un, som er på besøk i Kina.

Besøket i Kina vart innleidd i går, då følgjet var i byen Mudanijang .

Luksushotell

I dag tidleg lokal tid, i løpet av natta norsk tid, kom ein bilkortesje på rundt 12 køyretøy til luksushotellet South Lake Hotel i byen Changchun nordaust i Kina. Ein lokal fjernsynsstasjon melder at det er rundt 70 personar i følgjet til den nordkoreanske presidenten.

Blant bilane i kortesjen var ein stor svart Mercedez limousine med sota vindauge, ikkje ulik ein bil Kim Jong-il også tidlegare har brukt. Det var også ein ambulanse blant bilane.

Det er mykje politi utanfor hotellet i Changchun.

Det er mykje politi og tryggingsvakter i området utanfor South Lake Hotel.

Foto: ALY SONG / Reuters

Det er eit enormt tryggingsoppbod i byen, med fleire hundre soldatar og politifolk utplasserte i gatene. Kim Jong-il budde på det same hotellet sist han var i Kina, i fjor sommar. Då hadde han samtalar med Kinas president Hu Jintao her.

I ettermiddag lokal tid skal presidentfølgjet ha reist frå Changchun på veg til Shenyang lenger sør i Kina. Tidlegare på dagen vitja han, ifølgje det sørkoreanske nyheitsbyrået Younhap ein fabrikk tilhøyrande FAW Group, den nest største bilfabrikanten i Kina.

Det var venta at Kim Jong-il ville overnatte i Changchun, men truleg vil det skje i Shenyang. No går spekulasjonane på om han skal møte den kinesiske presidenten anten i Shenyang eller i Beijing.

LES OGSÅ: Brundtland og Carter i Nord-Korea

LES OGSÅ: Kim Jong-ils sønn på Clapton-konsert

Reiser med tog

Som vanleg når Kim Jong-il er på reise skjer det langs landjorda. Presidenten og følgjet hans kom til Changchun med eit spesialtog. Han likar ikkje å reise med fly, og i staden for eit presidentfly har han eit presidenttog.

- Eg reknar med at det er Kim Jong-il, men ingen fortel oss noko. Men når du bur i dette området er ein van med slikt, seier ein mann som kallar seg Wang til nyheitsbyrået Reuters.

Kim Jong-il vitja Kina to gonger i fjor, i mai og august, og de sørkoreanske professoren Cho Young-Ki meiner at dei, til Kim Jong-il å vere, hyppige besøka til Kina viser at Nord-Korea har eit desperat behov for hjelp frå Kina.

LES OGSÅ: – Ville ikke la makten gå i arv

LES OGSÅ: - Nord-Korea ein bortskjemd unge

Betring av helsa

Professor Kim Young-Hyun ved universitetet i Dogguk i Sør-Korea, ser på vitjinga i Kina som eit teikn på at helsa til Kim Jong-il har vorte betre. Han meiner presidenten brukar vitjinga til å vise at helsa hans er bra, og at han har grepet om makta i heimlandet.

Vanlegvis plar styresmaktene i Nord-Korea og Kina stadfeste at Kim Jong-il har vore på tur etter at besøket er avslutta.

Kim Jong-il fekk truleg eit hjerneslag i 2008, sjølv om dette aldri er offisielt stadfesta. Den siste tida har han sett friskare og meir opplagd ut enn på lenge.

Delar av bilkortesjen til Kim Jong-il i Changchun.

Kim Jong-il er truleg om bord i limousinen til venstre i biletkanten.

Foto: ALY SONG / Reuters

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Kim Jong-il vist fram på fjernsyn

SISTE NYTT

Siste nytt