Hopp til innhold

Kim Jong-il vist fram på fjernsyn

Medan krigsfrykta aukar dag for dag på den koreanske halvøya, viste nordkoreansk fjernsyn i dag sjeldne bilete av den øvste leiaren Kim Jong-il.

Video Kim Jong viser seg offentleg

VIDEO: Ny bilete av den nordkoreanske leiaren Kim Jong-il.

Det er ikkje ofte Kim Jong-il viser seg offentleg, men i dag viste det statskontrollerte fjernsynet ei samling stillbilete av leiaren unde reit besøk på eit nytt bustadkompleks og ein danseskule i hovudstaden Pyongyang.

Som vanleg når Kim blir vist fram på fjernsyn blir det ikkje sagt noko om når bileta er tekne.

Den nordkoreanske hæren har åtvara om full krig dersom USA og Sør-Korea gjennomfører den planlagde marineøvinga i Gulehavet søndag. Men det var ikkje mykje krigersk over Kim Jong-il på bileta som vart viste fram idag.

Som vanleg når det gjeld Kim Jong-il vart det ikkje vist levande bilete, berre fleire stillbilete som var sette saman i ein video.

Sendinga i statsfjernsynet startar med det nordkoreanske flagget over vakker nordkoreansk natur, og med høgtideleg marsjmusikk i bakgrunnen. Så tek ein kvinneleg programleiar over i den høgtidelege og svært pompøse stilen som har blitt eit varemerkje for nordkoreansk fjernsyn.

LES OGSÅ: Kina: – Hold dere unna vårt farvann

LES OGSÅ: Baengnyeong: – Stille før stormen

Deretter glir bileta over skjermen medan programleiaren messar i bakgrunnen.

Ho seier blant anna her at arkitekturen i det nye bustadkomplekset Kim Jong-il vitjar viser ein heilt ny stil i nordkoreansk arkitektur. Danseskulen han vitjar etterpå verkar også heilt ny.

Med på bileta er stort sett ein høgare funksjonærar i Kommunistpartiet og ansvarlege for dei to byggjeprosjekta.

LES OGSÅ: Krev angrep på Nord-Korea

LES OGSÅ: Ny artilleriskyting i Gulehavet

LES OGSÅ: Nord-Korea truar med nye angrep

SISTE NYTT

Siste nytt