Hopp til innhold

Kan få ti års regn på berre to dagar

Det knusktørre landet Jemen, som for tida er herja med krig og uro, ventar enorme regnmengder dei neste dagane. Om dei verste målingane slår til kan det kome vassmengder som svarar til ti års nedbør på berre to døgn.

Syklonen Chapala på veg mot Jemen

Eit satellittbilete er lagt ut av astronauten Scott Kelly som er stasjonert ved den internasjonale romstasjonen. Biletet er frå laurdag, og viser Chapala ute i havet. Dei neste døgna er syklonen venta å nå land og skape store øydeleggingar og føre til enorme vassmengder i eit tørt og krigsråka land.

Foto: Scott Kelley / Ap

Vanlegvis kjem det 50 millimeter nedbør i året ved den sørlege kysten av Jemen, skriv Weather.com. Men dei neste to dagane ventar området langt meir nedbør, i tillegg til kraftig vind frå syklonen Chapala.

To dagar på rad med Bergens nedbørsrekord

Det britiske metorologkontoret, UK Met Office, er dei som melder aller mest nedbør, og seier det kan kome så mykje som 500 millimeter på to døgn. Det vert i så fall det same som ti vanlege nedbørsår i Jemen på berre 48 timar.

Mideast Yemen Cyclone

På øya Socotra utanfor Jemen har syklonen allereie slått til. Ein person er død og ni skadde av uvêret som har rasert fleire heimar. I løpet av natta er syklonen venta å nå fastland i Jemen.

Foto: Mohammed Bazahier / Ap

Til samanlikning er Bergens nedbørsrekord i løpet av eit døgn 278,7 millimeter. Med andre ord kan det vanlegvis så tørre Jemen i verste fall stå framfor to bergenske rekorddagar på rad.

Andre målingar viser mindre mengder, men det er uansett liten tvil om at syklonen som er på veg innover det tørre landet på Den arabiske halvøya vil gje frå seg mykje regn.

220–230 kilometer i timen, i verste fall

Uvêret har allereie teke eit menneskeliv på den jemenittiske øya Socotra, utanfor kysten av Jemen. Ni er skadde av syklonen som allereie har slått hardt inn over øya.

Laster Twitter-innhold

Syklonen Chapala er venta å treffe land i løpet av natt til tysdag. Syklonen er den sterkaste som nokon gong har treft landet sidan målingar starta i 1945. På det verste kan den ha ein vindstyrke på 220–230 kilometer i timen opplyser Verdas meteorologiske organisasjon i kveld.

At det er krig i Jemen gjer ikkje situasjonen noko enklare. Styresmaktene i landet vil ha små moglegheiter å hjelpe folket sitt som no får uvanleg store mengder regn over seg. Hjelpeorganisasjonar som opererer i landet vil difor bli utsette for endå meir press enn det dei allereie er.

Gjørme og jordras

Jemen består ein del ørken og landet har i mange år hatt stor mangel på drikkevatn. Det er venta at det tørre jordsmonnet og landets infrastruktur ikkje vil klare å ta unna for regnmengdene. Gjørme og jordras kan også bli følge av regnvêret, og skape store problem for eit allereie pressa folk i Jemen.

Det er venta at syklonen vil råke kysten hardast og minke i styrke når den går innover Jemen. Dette er vanleg for syklonar, då dei bygger seg større når dei er på veg over sjø med varmt overflatevatn.

Over to millionar menneske er for tida på flukt på grunn av dei pågåande kampane i Jemen. Over ein halv million barn står i fare for å bli underernærte ifølgje FN, og det er allereie stor mangel på ressursar til naudhjelp. Syklonen Chapala er venta å råke område der det bur fleire hundre tusen menneske.

SISTE NYTT

Siste nytt