Hopp til innhold

Kritiserte Obama på Facebook – kan bli kasta ut av miltitæret

Ein amerikansk marinesoldat kan bli kasta ut av militæret for å ha kritisert Barack Obama på Facebook. No rasar debatten om ytringsfridomen sine grenser i USA.

Facebook-gruppe

Facebook-gruppa der Gary Stein var aktiv har over 21 000 medlemmar og er sterk kritisk til Obama sin politikk.

Foto: Skjermdump

Gary Stein har tenestegjort i den amerikanske marinen i ni år. I dei to siste åra har han styrt Facebook-gruppa «Armed Forces Tea Party», som er kritisk til Obama-administrasjonen.

På onsdag fekk han beskjed frå militærpolitiet om at han hadde brote forsvaret sine reglar ved å kritisere president Obama og forsvarsminister Leon Panetta.

No kan episoden føre til at Stein kan bli kasta ut av forsvaret.

Kommenterte omstridt lov

Gary Stein

26 år gamle Gary Stein har tenestegjort i den amerikanske marinen i ni år.

Foto: Ap

Facebook-gruppa «Armed Forces Tea Party» har over 21 000 medlemmar, og har ein klar forankring i høgresida i amerikansk politikk. Ifølgje nyheitsbyrået AP starta Stein gruppa for å oppmuntre andre soldatar til å kjempe for retten til ytringsfridom.

Det som fekk begeret til å renne over for militæret var ein kommentar om at han ikkje ville følgje ordrar frå presidenten, dersom ordren var å fengsle amerikanske borgarar, og å gjere noko som var i konflikt med amerikanarane sine konstituelle rettar.

Kommentaren til Stein kom i etterkant av at Obama signerte ein svært kontroversiell lov i romjula, som gjer at militæret no har høve til å fengsle amerikanske borgarar utan ein rettsprosess.

Kjempar for å bli

Stein er no i ferd med å starte kampen for å bli i militæret, og å bevise at han ikkje har gjort noko som strider mot Pentagon sine reglar.

– Eg har ikkje gjort noko gale. Eg har berre ytra det same som står i embetseiden vår, nemleg at eg vil følgje grunnlova og at eg ikkje kjem til å følgje ordrar som strir mot denne. Dersom dette er ulovleg, kva er Amerika på veg til å bli?

Reglane for det amerikanske forsvaret seier at uniformert personell ikkje kan støtte eller sponse eit politisk parti. Det er også strengt forbode å uttale seg i media om ein politisk kandidat. Offiserar har heller ikkje høve til å tale om forsvarsministeren og presidenten på ein respektlaus måte.

Det sentrale spørsmålet er likevel om denne regelen skal bli vekta tyngre enn Grunnlova. Saka har skapt stor debatt i USA om kvar grensa for ytringsfridomen går.

Støttar innskrenking i ytringsfridomen

Jusprofessor og tidlegare militæroffiser David Glazier meiner at militære heilt klart må gi opp noko av sin ytringsfridom.

– Eg trur det har vore veletablert i lang tid at ytringsfridomen er eit felt der amerikanarar må gi slepp på nokre rettar for å bli med i militæret.

– Orden og disiplin krev at militært personell har respekt for folk med høgare rang. Det gjer at ein bør slå ned på kritiske utsegn mot høgareståande offiserar – heilt opp til presidenten, seier Glazier.

Stein har på likevel fått hundrevis av støtteerklæringar frå andre soldatar som også meiner at Grunnlova bør stå høgare i kurs enn reglar i militæret.

– Berre fordi eg er ein marinesoldat betyr ikkje det at eg ikkje har ytringsfridom eller kan seie mi meining om presidenten som alle andre. Grunnlova trumfar alle dokument, seier Stein.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt