Hopp til innhold

Kan bli ny valomgang i Kenya

Dei siste tala frå oppteljinga etter valet i Kenya viser at når 50 prosent av røystene er talde, så er Uhuru Kenyatta framleis i føringa.

Kenyatta stemmer

Uhuru Kenyatta då han røyste ved presidentvalet sist måndag.

Foto: SIMON MAINA / Afp

No har han 48,7 prosent av røystene, og det aukar sjansen for ein ny valomgang. Statsminister Raila Odinga har 46 prosent når halvparten av røystene er talde.

Dersom ingen av kandidatane får over 50 prosent av røystene, blir det ein ny valomgang.

Kravde ny oppteljing

Statsminister Raila Odinga avgir sin stemme

Statsminister Raila Odinga då han røyste ved presidentvalet sist måndag.

Foto: NOOR KHAMIS / Reuters

Visepresidentkandidaten til Raila Odinga, Kalonzo Musyoka, kravde tidlegare i dag ny teljing av ein del av røystene på grunn av mistanke om valfusk.

Då rundt 40 prosent av røystene var talde opp hadde Kenyatta 53 prosent.

Det er stor spenning omkring valet i Kenya internasjonalt. Uhuru Kenyatta er tiltalt ved Den internasjonale straffedomstolen i Haag for brotsverk mot menneskeslekta. Rettssaka mot han startar i Haag i juli. Opphavleg skulle saka starta 11. april, men retten har gitt advokatane hans meir tid til å føre forsvaret.

Kenyatta sjølv har sagt at han vil møte opp i Haag og forsvare seg mot det han kallar grunnlause skuldingar.

Ulike etniske grupper

Dei to rivalane til presidentembetet kjem frå to ulike etniske grupper, og det er normalt å røyste etter etniske skiljeliner i Kenya.

Valkommisjonen nektar for å at det har vore fusk, og dei reknar med at det endelege resultatet kan vere klart fredag. Observatørar karakteriserer stemninga i landet som spent, og det er frykt for at den tapande kandidaten kan nekte å akseptere valresultatet og skulde på valfusk.

LES OGSÅ: Frykter valgskred skal utløse raseri hos stammefrender

LES OGSÅ: Høy valgdeltakelse i Kenya

LES OGSÅ: Blodig start på presidentvalget i Kenya

LES OGSÅ: Valgfeber i Kenya


SISTE NYTT

Siste nytt