Hopp til innhold

Bilen til journalist sprengt i lufta – sterke reaksjonar på Malta

Den undersøkande journalisten Daphne Caruena Galizia (53) vart drepen på Malta i går ettermiddag då bilen hennar vart sprengt i lufta. Sonen rettar harde angrep på styresmaktene og seier at landet har blitt ein mafiastat.

Daphne Caruena Galizia drepen i bombeattentat.

Daphne Caruena Galizia vart drepen i eit bombeattentat på Malta i går ettermiddag. Den kjende journalisten hadde mange fiendar på Malta etter avsløringar om blant anna korrupsjon.

Galizia har blant anna avslørt at kona til statsministeren hadde hemmelege bankkonti i Panama, og ho har ope kalla stabssjefen til statsministeren ein skurk.

Ho har stått sentralt i dei såkalla Panama-avsløringane, der ho har skulda mange maktmenneske på turistøya i Middelhavet for korrupsjon.

Sonen hennar, Matthew Galicia, seier til avisa Times of Malta at han aldri kjem til å gløyme synet som møtte han då han kom til staden der bilen til mora gjekk i lufta.

– Ei barbarisk handling

 Daphne Caruana Galizia.

Den kjende journalisten Daphne Caruena Galizia hadde mange fiendar på Malta etter avsløringar om blant anna korrupsjon.

Foto: Darrin Zammit Lupi / Reuters

– Eg sprang rundt i infernoet på jordet der bilen hennar hamna og prøvde å finne ein måte å opne døra på. To politimenn stod der med eit lite brannsløkkingsapparat. Eg ropte at dei måtte bruke det, seier Matthew Galizia.

Dei svarte at det var for seint. Han fortel at då han såg kroppsdelane til mora i bilen, så forstod han at det ikkje var mogleg å gjere noko.

Statsministeren på Malta, Joseph Muscat, fordømde i går kveld drapet på Caruana Galizia i sterke ordelag, og han lova å finne dei skuldige.

– Alle veit at Caruana Galizia var ein skarp kritikar av meg, både politisk og personleg, men ingenting kan rettferdiggjere ei slik barbarisk handling, heiter det i kunngjeringa.

Han gjorde det klart at han har bede det føderale amerikanske politiet FBI om å hjelpe til i etterforskinga.

Minnemarkering i Sliema.

Fleire tusen menneske samla seg i Sliema i går kveld for å minnast Daphne Galizia og for å protestere mot drapet. Det er varsla ein ny demonstrasjon i hovudstaden Valletta i dag.

Foto: Matthew Mirabelli / AFP

Nyval og attval

Matthew og Peter Caruana Galizia.

Mannen til den drepne journalisten, Peter Caruana Galizia ( i midten) saman med sonen Matthew (t.h.) og ein politimann.

Foto: Str / AFP

Avsløringane av kona til statsministeren vekte stor merksemd på Malta, og det vart lyst ut nyval. Muscats parti fekk fleirtal og han kunne halde fram som statsminister.

Caruana Galizia fekk drapstruslar for to veker sidan. Ho skal ha meldt truslane til politiet, men det er uklart kven som sette fram truslane eller kvifor. Politiet seier at dei ikkje har fått melding om truslar mot henne.

Kort tid etter drapet i går ettermiddag la ein politimann ut følgjande melding på Facebook: «Alle får det dei fortener. Kjenner meg glad».

Meldinga på Facebook er no sletta, men mange har kravd at politimannen må fjernast frå jobben sin. Han er no suspendert frå stillinga si, ifølgje Times of Malta.

Matthew Galizia kommenterte denne Facebook-posten på denne måten:

– Dette var ein mann som eigentleg skulle etterforska drapet. Dette viser kva vi er, ein mafiastat der du blir blåst i lufta for å bruke dei grunnleggjande rettane dine. Korleis blei det slik?

Minnemarkering i Sliema.

Attentatet har gjort sterkt inntrykk på Malta. I går kveld samla fleire tusen menneske seg i Sliema for å minnest Daphne Caruana Galizia. Her er ein bodskap.

Foto: Matthew Mirabelli / AFP
Attentat mot journalist på Malta.

Politiet i arbeid på staden der bilen til Daphne Caruena Galizia vart sprengt i lufta i går ettermiddag.

Foto: Darrin Zammit Lupi / Reuters

– Skurkar og udugelege

Han er ikkje imponert over at statsminister Muscat i går lova at han skulle gjere alt for å finne dei ansvarlege for drapet på mora.

– Det første han gjorde var å fylle administrasjonen sin med skurkar. Så plasserte han skurkar og udugelege menneske i politiet. Deretter fylte han også rettsstellet med skurkar og udugelege, seier Matthew Galizia.

Han er sjølv undersøkande journalist og medlem av International Consortium of Investigative Journalists. Han er ikkje i tvil om at mora vart drepen fordi ho provoserte dei som bryt lovene i landet, og fordi styringsmaktene er handlingslamma.

I går kveld strøymde fleire tusen menneske ut i gatene i Sliema, heimbyen til Galizia, for å vise si støtte og protestere mot drapet.

malta

SISTE NYTT

Siste nytt