– Dei har ikkje noko val. Å vere stille vil vere å la regimet vinne.

Å rapportere om tilhøva i Syria er blitt vanskelegare og vanskelegare. NRK har prata med ein av dei få vestlege journalistane som framleis er i landet.

Video Demonstrasjonar i Syria

Det var demonstrasjonar i ulike byar i Syria etter at 34 menneske vart drepne i uro etter gårsdagens fredagsbøn.

Over 2.000 menneske skal vere drepne under forsøka til dei syriske tryggingsstyrkane på å knuse demonstrasjonane som har haldt på sidan mars.

Seinast i går vart 34 drepne under uro etter fredagsbøna i fleire syriske byar.

Som eit ledd i innstramminga har syriske styresmakter utvist dei fleste internasjonale pressefolk frå landet. Men det finst nokre få journalistar som framleis arbeider i landet.

Bur og arbeider i Damaskus

NRK har prata med ein journalist i ei stor vestleg avis som bur og arbeider i hovudstaden Damaskus. Han vil vere anonym av omsyn til eigen tryggleik.

– Også denne fredagen har det vore demonstrasjonar. Korleis var situasjonen i Damaskus etter fredagsbøna?

– Situasjonen her har vore relativt roleg samanlikna med resten av landet. Men dei sørlege bydelane har blitt meir og meir urolege den siste tida. Tryggleiksrutinane rundt moskeane har vore skjerpa. Men det har førebels ikkje vore noko skyting eller tåregass.

Høyr reportasjen frå Verden på lørdag på P2:

– Korleis vil du skildra stemninga i landet dei siste dagane?

– Det er veldig spent. Det er veldig vanskeleg å tolke kva folk tenkjer, for dei forsøker å halde fram med det vanlege livet. Så det er ofte lett å gløyme omfanget av uroa i andre delar av landet. Men når folk høyrer nyhende om død og tortur, førar det til at folk vert veldig engstelege. Mange er redde for økonomien og jobbane sine. For økonomien har også blitt mykje verre den siste tida.

Han innrømmer at han og mange av venane hans er redde for å døy og å bli torturert. Dei er redde for kva som vil skje dersom dei blir arrestert. Men dei er klare for å døy for årsaka.

Journalist i Damaskus

Grusome scener

– Me høyrer grusome historier om militærkjørety og snikskyttarar som vert nytta mot demonstrantane, kvifor held folk fram med å marsjere i gatene?

– Det er mykje mot og vilje blant demonstrantane som eg har prata med. For nokre dagar sidan prata eg med nokon demonstrantar i byen Deir ez-Zor som skildra grusome scener. Men han seier at dei ikkje har noko val. Dei drar ut i gatene på grunn av brutaliteten til regimet. Og dette har berre blitt klarare dei siste dagane. Så dei er nøydd å gå ut, for å leggje seg ned å vere stille vil la regimet vinne. Han innrømmer at han og mange av venane hans er redde for å døy og å bli torturert. Dei er redde for kva som vil skje dersom dei blir arrestert. Men dei er klare for å døy for årsaka.

Kva skjer med dei som hamnar i fengsel?

– I beste fall blir folk halde inne i nokre dagar, der dei blir slått og avhøyrt mange gongar. Etter nokre dagar blir dei gjerne tvunge til å signera eit dokument der dei må love å ikkje protestere igjen.

– På den andre sida er det mange historier om folk som blir arrestert, og ikkje blir høyrt frå på mange veker. Det er uvanleg at ein får høyre kva som skjer med slektningane sine som blir arrestert. Mange kjem tilbake veker seinare i likposer, og det er ikkje klart om dei døde i opptøyane eller i avhøyra etterpå. I tillegg er det mange historier om tortur, alt frå enkle slag til grusome avanserte metodar.

Lite teikn til regimeskifte

SYRIA-USA/ File photo of Syrian President al-Assad waving from a presidential palace balcony during a rally against the U.S. In Damascus

Syrias president Bashar al-Assad vil truleg ikkje gå av med det første.

Foto: KHALED AL-HARIRI / Reuters

Korleis vil skildre styrken til president Bashar al-Assad?

– Dette svingar veldig frå veke til veke. I byrjinga av juli var det hundretusener som demonstrerte i byar som Hama og Deir ez-Zor. Etter at militæret har kraftig redusert desse demonstrasjonane, verker det som at regimet gjer alt i si makt for å stanse protestane.

– Når det er sagt er det ingen teikn til at demonstrasjonane vil ta slutt. Ifølgje demonstrantane er dei fast bestemte på at regimet snart vil ta slutt, og at det berre er eit spørsmål om tid når dette skjer. Valden påverkar også meir moderate folk i Syria. Til og med dei eg kjente som brukte å vere trufaste støttespelarar til regimet har no snudd. Den breie støtta til regimet er mykje mindre enn kva det brukte å vere. Men det er vanskeleg å sjå al-Assad trekke seg i næraste framtid, når han har heile militærmakta tilgjengeleg.

(artikkelen held fram)

APTOPIX Mideast Syria

Det finst framleis støttespelarar til regimet, men den blir stadig mindre og mindre.

Foto: Bassem Tellawi / Ap

Korleis er det å jobbe som reporter i Damaskus no?

– Det er svært vanskeleg. Det har alltid vore ei kjensle av paranoia og overvaking når ein jobbar som reporter i Syria. Så å seie noko i mot regimet før opptøyane starta var svært risikabelt. Og no er det enno meir risikofylt.

– Mange eg pratar med kviskrar og ser over skuldra fordi dei er redde for hemmeleg politi på nabobordet på kafear. Å prate med journalistar er meir riskofyllt enn å jobbe som journalist. Men det er ein stressande og utfordrande kvardag.

Kjenner du deg trygg?

– Eg kjenner meg trygg. Det er ein av dei situasjonane der du kan ta dei risikoane du føler deg komfortabel med. Me ser ikkje dei blodige scenane i Damaskus som i andre deler av landet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt