Hopp til innhold

Italiensk mafiaboss gripen i Brasil

Den italienske mafialeiaren Rocco Morabito er gripen i Brasil, nesten to år etter at han rømte frå fengsel i Uruguay der han venta på utlevering til Italia.

Rocco Morabito

Den italienske mafialeiaren Rocco Morabito rømde frå eit fengsel i Uruguay i 2019. Måndag blei han gripen av brasiliansk politi.

Foto: HANDOUT / AFP

Morabito blir rekna for å vere leiaren av Ndrangheta-mafiaen, som har sitt opphav sør i Italia. Han blei arrestert i byen Joao Pessoa saman med ein annan italienar måndag.

Pågripinga skjedde det etter felles politiarbeid med Italia, seier brasiliansk føderalt politi.

Italia ønsker å få han utlevert for narkotikasmugling, og han var ein av dei mest ettersøkte personane i Italia då han blei arrestert på eit motell i Uruguay i 2017.

Fram til då hadde han levd med falsk identitet i 13 år i Punte del Este i Uruguay.

«Kokainkongen»

Ifølge brasiliansk politi skal Morabito ha vore involvert i narkotikasmugling mellom Brasil og Europa sidan 1990-talet.

Han har blitt kalla «kokainkongen», og er blant anna skulda for innføring og sal av narkotika i Italia.

Mann utenfor hjemmet til tidligere mafiaboss i Uruguay.

Morabito budde i denne luksuriøse villaen i Uruguay i 13 år. Han levde med falsk identitet, men i 2017 blei han arrestert.

Foto: MIGUEL ROJO / AFP

Morabito har vore på rømmen frå italienske styresmakter sidan 1995. I 2015 blei han dømd utan å vere til stades til 28 års fengsel av ein italiensk domstol. Straffeutmålinga blei seinare auka til 30 års fengsel.

Rømte frå fengsel

Etter at han blei arrestert i Uruguay i 2017, sat han fengsla medan han venta på å bli utlevert til Italia. Men i juni i 2019 klarte han og tre andre innsette å rømme gjennom eit hol i taket.

Det førte til ei storstilt jakt på fangane, og sjefen for fengselet måtte gå av.

Morabito kom seg unna, men etter nesten to år på rømmen, blei han altså gripen på nytt. Denne gongen nordaust i Brasil.

No skal han truleg sitte i eit brasiliansk fengsel til han blir utlevert.

SISTE NYTT

Siste nytt