Hopp til innhold

Islamistar spreier hat mot Sverige i sosiale medium: – Dei tek barna frå muslimar

Falske påstandar om at svenske styresmakter bortfører muslimske barn blir spreidde i arabisktalande land av islamistiske grupper.

Hatkampanje mot svenske myndigheter, skjermdump fra Doku.

Sverige blir angripe i ein organisert kampanje, skriv Doku.

Foto: Skerjmdump Doku.nu

Påstandane blir spreidde i sosiale medium der falske filmar viser gråtande barn som er teke frå foreldra sine, skriv SVT.

Mikael Tofvesson som er operativ sjef for vern mot informasjonspåverknad i MSB (Myndigheten for samfunnsvern og beredskap) seier kampanjen vert styrt av islamistiske grupper som oppfordrar til vald og terror.

Han meiner utviklinga er alvorleg.

– Formålet er å skape eit negativt bilete av Sverige.

Psykologisk krigføring

Han seier at psykologisk krigføring har blitt ein stadig større trussel.

Svenske styresmakter og kommunar blir dagleg utsette for angrep som inneheld desinformasjon.

Mikael Tofvesson

Mikael Tofvesson leiar arbeidet med å verne Sverige mot desinformasjon.

Foto: Melker Dahlstrand CC

Kampanjen starta rett før nyttår, men spreiinga av filmane har vakse kraftig den siste veka, melder Sveriges Radio.

Avsendarane hevdar at den svenske sosialtenesta, skular og domstolar bortfører barn med barnevernslova i hand.

Dette blir gjort, blir det påstått, for å fjerne barna frå den muslimske bakgrunnen deira som ein del av ein «krig mot islam», skriv nettsida Doku.nu som har kartlagt kampanjen.

«Tvinga til å ete svinekjøt»

Ifølgje Doku.nu står islamistiske miljø både i Sverige og i utlandet bak kampanjen. I lukka grupper med fleire titusen medlemmar blir konspirasjonsteoriane spreidde. Det blir bygd opp under mistillit mot styresmaktene.

Det blir påstått at styresmaktene i Sverige er rasistiske og kriminelle, og at landet kjempar mot islam.

«Barnevernstilsette i svenske kommunar er kriminelle kjeltringar og lovlause bråkmakarar. Dei gjer seg skuldig i krigslovbrot mot barn, innvandrarar og muslimske familiar. Sverige er i ferd med å bli ein terrorist-stat som tek frå barn og foreldre grunnleggjande menneskerettar,» vert det hevda.

I sosiale medium blir det hevda at barna blir plasserte i ikkje-muslimske fosterfamiliar der dei blir tvinga til å ete svinekjøt og drikke alkohol.

Dei vert tvinga til å skifte namn og religion og må bere kristne kors. Jenter vert valdtekne og tvinga til å ta av hijaben.

I kommentarfelta blir det oppfordra til vald og terrorangrep mot svenskane.

Planlegg mottrekk

Mikael Tofvesson i MSB seier til Sveriges Radio at han ser alvorleg på desinformasjonen som blir spreidd. Men han vil ikkje seier korleis svenske styresmakter vil svare.

– Akkurat no samarbeider vi med andre etatar for å finne ut kva som må gjerast og kva for mottrekk vi skal planlegge. Kva det tyder i detalj vil eg ikkje gå inn på sidan vi er utsette for eit koordinert åtak, seier han.

Også norsk barnevern har vore utsett for fleire kampanjar styrt frå utlandet. I alt 35 norske saker der barn er tekne frå foreldra er tatt inn i den europeiske menneskerettsdomstolen. EMD.

SISTE NYTT

Siste nytt