Hopp til innhold

Inga løysing på regjeringskrisa i Danmark

Det vart ikkje ei løysing på regjeringskrisa i Danmark på krisemøtet hos statsminister Lars Løkke Rasmussen i ettermiddag, men det blir nye møte i morgon.

Løkke-Rasmussen orienterer om politiske samtaler for å løse regjeringskrisen i Danmark

VIDEO: – Nye forhandlingar torsdag.

Statsministeren sa på eit kort pressemøte klokka 17.35 at regjeringa i morgon vil halde fleire møte med dei andre borgarlege partia i Folketinget, der det blant anna skal forhandlast om ein «tilleggsavtale på miljø- og landbruksområdet».

Framtida til miljø- og matminister Eva Kjer Hansen er framleis uviss.

Partiet «De konservative» gjorde det i går klart at dei ikkje lenger har tillit til miljø- og matminister Eva Kjer Hansen. Dei meiner ho har ført Folketinget bak lyset ved å framstille landbrukspakken til regjeringa som meir miljøvenleg enn han i realiteten er.

– Meir enn landbrukspolitikk

Miljø- og matminister Eva Kjer Hansen.

Støttepartia til regjeringa har ikkje lenger tillit til miljø- og matminister Eva Kjer Hansen.

Foto: FRANDSEN FINN / Ap

Statsminister Lars Løkke Rasmussen, som representerer Venstre, har avvist kritikken og insisterer på at saka handlar om langt meir enn landbrukspolitikk.

– Djupast sett handlar dette om det borgarlege prosjektet er levedyktig, om det er tillit mellom partia, sa Løkke Rasmussen på ein pressekonferanse tidlegare i dag . Det var ei melding på Facebook som løyste ut ferske regjeringskrisa i Danmark .

Etter denne Facebook-meldinga gjekk det 23 timar før neste oppdatering frå statsministeren. Det skjedde i kveld, og her skriv han blant anna dette:

«For mig handler det om, hvorvidt vi er i stand til at genskabe tilliden mellem de fire blå partier. Det gjelder også tilliden mellem folketingsmedlemmerne og ministrene i «den blå familie»

Løkke Rasmussen forstår ikkje kritikken frå «De konservative», og han meiner det vil vere ei dårleg løysing å sparke Hansen. Han seier han ikkje forstår kva gale ho har gjort.

– Vi kan ikkje ha eit tillitsfullt samarbeid der ein utan varsel med eitt trekkjer taburetten vekk under ein minister, sa Lars Løkke Rasmussen blant anna tidlegare i dag. Han gjorde det også klart at å lyse ut nyval er eit aktuelt alternativ, sjølv om dette inneber ein risiko.

Live-innslag fra Dagsrevyen.

VIDEO: Petter Oulie-Hauge rapporterer frå København.

– Ikkje for moro skuld

Partileiar Søren Pape Poulsen i «De konservative» gjorde før krisemøtet med statsministeren det klart at han ikkje har endra syn på miljø- og matministeren.

Lars Løkke Rasmussen, statsminister i Danmark.

Statsminister Lars Løkke Rasmussen kom ikkje til semje med støttepartia under eit krisemøte i ettermiddag.

Foto: SCANPIX DENMARK / Reuters

– Vi uttrykte ikkje mistillit for moro skuld. Vi har kome i ein vanskeleg situasjonen. Eg er svært spent på kva det er slags drøftingar statsministeren ynskjer, sa Poulsen før han gjekk inn til møtet.

Gruppeleiaren for Venstre i Folketinget, Søre Gade, var litt meir optimistisk.

– Eg ville vere både dum, døv og blind om eg ikkje hadde sett at det var ein konflikt, men det er kanskje å gå for langt å kalle det ei krise, sa han til nyheitsbyrået Ritzau.

Samstundes som det politiske Danmark er i krise, har statsrevisoren, tilsvarande riksrevisoren her i landet, lagt fram kraftig kritikk av Skatt og Skatteministeriet etter ein skandale der 9,1 milliardar kroner forsvann frå statskassa.

SISTE NYTT

Siste nytt