Hopp til innhold

IDF stadfester at sjukehusdirektør i Gaza er pågripen

Israelske styrkar har pågripe direktøren ved Shifa-sjukehuset, det største i Gaza. Det stadfester det israelske forsvaret (IDF).

Israeli soldiers walk at Al Shifa hospital in Gaza City

Israelske soldatar inne på Shifa-sjukehuset for rundt ei veke sidan, ifølgje det israelske forsvaret. Faktisk Verifiserbar stadfester at biletet er frå Shifa, men tidspunktet er ikkje verifisert.

Foto: IDF / Reuters

Ein lege ved sjukehuset fortalde tidlegare i dag at direktøren ved sjukehuset var pågripen av israelske styrkar.

– Dr. Mohammad Abu Salmiya blei arrestert saman med fleire andre overlegar, sa ein av avdelingssjefane ved sjukehuset, Khalid Abu Samra, til nyheitsbyrået AFP.

Søndag ble 30 kuvøse-spedbarn evakuert fra al-Shifa sykehus.

Søndag blei 31 «svært sjuke spedborn» evakuerte frå Shifa-sjukehuset, ifølgje WHO.

Foto: WHO

No stadfester altså det israelske forsvaret (IDF) at direktøren er pågripen. Det skriv nyheitsbyrået Reuters.

– Omfattande terroristverksemd

Mannen vil bli avhøyrt om bevis Israel vil leggje fram, om at sjukehuset er blitt brukt som kommando- og kontrollsenter for Hamas, ifølgje IDF.

– På sjukehuset, under leiinga hans, var det omfattande terroristverksemd, i regi av Hamas, skriv IDF i ei fråsegn.

Les også WHO kaller Al Shifa sykehuset for en «dødssone» – 30 babyer evakuert

Søndag ble 30 kuvøse-spedbarn evakuert fra al-Shifa sykehus.

Shifa-direktøren omtalte sjukehuset som eit stort fengsel og ei massegrav då israelske styrkar tok seg inn i det for rundt ei veke sidan.

Torsdag blei rundt 190 menneske evakuerte frå området ved Shifa-sjukehuset. Det er truleg vel 250 pasientar og helsearbeidarar igjen der. Fleire hundre er også samla i området rundt sjukehuset.

Våpenkvile fredag morgon

Etter planen skulle det bli innført våpenkvile på Gazastripa torsdag, og vare i fire dagar. Men no er det klart at våpenkvila ikkje kjem til å starte før fredag klokka 6 norsk tid.

Avtalen er at Hamas skal setje fri 50 kvinner og born som blir haldne som gislar på Gazastripa. Hamas har stadfesta at alle 50 er i live.

Israel skal setje fri 150 palestinske kvinner og born frå israelske fengsel.

Les også – Eg er veldig glad for våpen­kvila, den vil gjere det lettare for folk

Morad Abu Hadad i Khan Younis

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.