Hopp til innhold

– Eg er veldig glad for våpen­kvila, den vil gjere det lettare for folk

Våpenkvila skulle etter planen starte torsdag, men vil ifølgje Israel ikkje skje før fredag. For Morad er det viktig å få skaffe bensin til mopeden han brukar til å frakte vatn.

Morad Abu Hadad i Khan Younis

VENTAR I SPENNING: Morad Abu Hadad og kompisane har trilla mopeden til ein stad der folk kan kome og fylle bøtter med vatn frå lasteplanet.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

– Eg er veldig glad for våpenkvila, den vil gjere det lettare for folk, seier Morad Abu Hadad.

Våpenkvila på Gazastripa skulle etter planen starte torsdag og vare i minst fire dagar.

Men torsdag seier den israelske tryggleiksrådgjevaren Tzachi Hanegbi at våpenkvila ikkje vil tre i kraft før tidlegast fredag.

Mannen vi møter onsdag kjem trillande på ein gamal moped med lasteplan. På planet er det ein stor container med vatn. Men i bensintanken er det tørt.

Teamet som NRK samarbeider med møter han i Gaza.

Tuktuken min er sliten, men no håpar eg at vi kan skaffe bensin til den slik at det er lettare å kome seg rundt, seier Hadad som bruker mopeden til å frakte vatn.

Våpenkvila på Gazastripa inneber at 50 israelske born og kvinner som er gislar skal bli sleppte fri. 150 palestinske kvinner og born i israelske fengsel skal lauslatast.

Vonleg fører det også til at det kjem meir naudhjelp inn til dei krigstrøytte innbyggjarane.

Daglegliv i Gaza 22. november 2023

I dei mellombelse leirane sør i Gaza går dagleglivet vidare på sin skeive måte. No vil det vise seg kva våpenkvila vil få og seie for tilgangen på blant anna mat.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

Saknar bøker og bensin

Men trass i ein forpliktande avtale som skal sikre fred i minst fire dagar, er det ikkje alle som er like optimistiske.

– Våpenkvile er ikkje vore til hjelp for oss. Vi kjem ikkje fram til huset vårt for å hente ein madrass ein gong, seier Maran al Kofraneh til NRK.

Ho sit saman med søstrene sine og mora utanfor eit mellombels telt i ein av leirane for internt fordrivne flyktningar.

Maran er student og saknar bøkene sine og livet ho levde før krigen mellom Hamas og Israel starta.

Familie i flyktningleir sør i Gaza

Maran al Kofraneh og familien er for tida i ein flyktningleir i Gaza. Dei saknar det vanlege livet.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

– Eg har yngre søstrer som går på skule. Om vi hadde bøkene våre så kunne dei kanskje lese for å gløyme alt som skjer.

For Morad Abu Hadad som kom trillande med mopeden utan drivstoff gir likevel våpenkvila eit glimt av håp.

– No kan eg skaffe nok bensin for tida framover dersom krigen held fram, seier den unge mannen.

Les også Enighet om midlertidig våpenhvile mellom Hamas og Israel

En plakat holdes opp på i Tel Aviv av familier til gislene som sitter fanget på Gazastripen.

Utset våpenkvila

Torsdag melder fleire medium etter opplysingar frå israelske tenestepersonar at ei våpenkvile ikkje vil skje før tidlegast fredag morgon.

Det bekrefta den nasjonale tryggleiksrådgjevaren Tzachi Hanegbi, og la til at sjølve forhandlingane om å få frigitt gislane går føre seg heile tida og går framover.

Den fire dager lange våpenhvilen mellom Hamas og Israel har blitt utsatt til fredag denne uken.

Midtausten-korrespondent Yama Wolasmal fortel kva ein veit om utsettinga av våpenkvila.

Det er ikkje kjend kvifor våpenkvila vert utsett, men forskar ved Folkerettsinstituttet Cecilie Hellestveit legg vekt på kor omfattande ei slik våpenkvile er.

– Ein skal plutseleg ha stans i dei militære operasjonane til Israel, kor Hamas sjølvsagt har moglegheita til å gjere mykje militært, samstundes som ein har ein humanitær pause.

– Det gir nok dessutan nokre logistiske utfordringar å få utveksla gislar og fangar i ein slik situasjon som ein har i Gaza no.

Åtakene held fram

I staden for våpenkvile, held åtaka fram på Gazastripa, både i nord og sør.

I løpet av natta vert det gjort fleire luftåtak i byen Khan Younis i sør, noko som fekk bygningar fleire kilometer unna til å skjelva, skriv nyheitsbyrået AFP.

Ifølgje Al Jazeera har folk som har søkt tilflukt i det indonesiske sjukehuset i Gaza by vorte evakuert og flytta seg sørover. Dei vart åtvara av det israelske forsvaret om at dei hadde fire timar på å koma seg ut, opplyser palestinske myndigheiter til Al Jazeera.

biI8m123HiQ

Ifølgje nyheitsbyrået Reuters viser desse bilda pasientar frå det indonisesiske sjukehuset i nord kome fram til det europeiske sjukehuset i sør.

Foto: EUROPEAN GAZA HOSPITAL

Verken uavhengige kjelder eller det israelske forsvaret har bekrefta dette til no.

– Me fryktar at det same som skjedde med sjukehuset al-Shifa skal skje med det indonesiske sjukehuset, seier ein talsperson frå Gazas helsemyndigheiter til AFP.

AFP siterer også ein avdelingssjef ved sjukehuset al-Shifa på at direktøren og overlegar ved sjukehuset er vorte arresterte.

Israeli soldiers walk at Al Shifa hospital in Gaza City

Bilde frå det israelske forsvaret skal vise israelske soldatar på al-Shifa førre veke. Faktisk Verifiserbar bekreftar at bildet er frå al-Shifa, men tidspunktet er ikkje verifisert.

Foto: IDF / Reuters

Både Israel og USA hevdar at Hamas brukar Gaza sine sjukehus, blant dei al-Shifa, for å skjule kommandantpostar og gislar i tunnelar under bakken.

Noreg aukar pengestøtta

Tor Wennesland, FN si spesialutsending til Midtausten, ber partane innstendig om å halde avtalen om våpenkvile.

Onsdag rosa han styresmaktene i Egypt, Qatar og USA for å ha jobba fram løysinga.

Samstundes som det vert kjent, kom nyheita om at Noreg aukar pengestøtta til Palestina med ein halv milliard kroner.

– Etter dette grusomme som no skjer, må det kome ein ny morgondag og ein ny situasjon kor vi kan forhandle for ein varig fred i regionen, sa statsminister Jonas Gahr Støre i går.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger