Hopp til innhold

Hyppig brukte vaksinar er effektive mot delta-varianten, ifølgje ny studie

Ein ny studie viser at Pfizer og AstraZeneca-vaksinane gir sterkt vern mot delta-varianten. Samstundes ynskjer nokon av produsentane å gje ein tredje dose for å betre verne folk mot variasjonen.

AstraZeneca-vaksinen settes i en manns arm i Mexico

To hyppig brukte koronavaksinar gir etter to dosar sterkt vern mot delta-varianten, ifølgje ein ny studie frå Frankrike. Illustrasjonsfoto.

Foto: Marco Ugarte / AP / NTB

Delta har vorte den dominerande varianten i ei lang rekkje land, der brorparten av befolkninga framleis ikkje er vaksinerte.

Forskarar frå Pasteur-instituttet i Frankrike publiserte torsdag resultat som understreka viktigheita av full vaksinering med to dosar.

Publisert i Nature

Blod frå fleire titals menneske som hadde fått éin dose av vaksinane frå anten Pfizer eller AstraZeneca, gjorde «så vidt motstand» mot delta-varianten, heiter det i resultata, som er publiserte i tidsskriftet Nature.

Men nokre veker etter at dei hadde fått dose nummer to, var nesten alle det forskarane reknar som tilstrekkeleg verna til å nøytralisere delta-varianten, sjølv om antistoffa var noko svakare enn mot tidlegare virusvariantar.

Uvaksinerte

Forskarane testa òg uvaksinerte menneske som hadde overlevd ein runde med covid-19-sjukdom, og fann ut at antistoffa deira var fire gonger svakare mot delta-varianten. Men éin enkelt vaksinedose auka motstandsevna betrakteleg og gav i tillegg vern både mot delta-varianten og to andre mutasjonar, ifølgje studien.

Eksperimenta underbyggjer data frå verda, der mutasjonane til delta-varianten ikkje omgår vaksinane som blir mest brukte i vestlege land, men understrekar samtidig kor viktig det er å få ein større del av befolkninga vaksinerte før det kjem fleire mutasjonar.

Forskarar i Storbritannia fann til dømes ut at to Pfizer-dosar gir eit vern på 96 prosent mot innlegging som følgje av delta-varianten, og 88 prosent vern mot symptom.

Samstundes ynskjer både Pfizer og BioNTech å utvikle ein eigen vaksine mot deltavariasjonen, skriv New York Times.

Dei vil også søkje om å kunne gje ein ekstra vaksinedose for å betre verne folk mot den meir smittsame varianten. Fyrst må dei få godkjenning frå mellom anna amerikanske FDA.

Les og: Norge vil gi vaksiner til 16- og 17-åringer – men WHO ber verden gi til hardt rammede land

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.