Hopp til innhold

Her er norske kanonar i bruk ved fronten i Donbas

– Vi har skote 40 granatar berre i dag, fortel ukrainske Igor til NRK. Tungt artilleri frå Noreg er no i full bruk i kampane i Donbas.

Kanon gitt av Norge til det ukrainske forsvaret i full drift aust i Ukraina.

VED FRONTLINJA: Eit mannskap på seks soldatar arbeidde om bord i M 109 aust i Ukraina torsdag.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Landsbyen er utbomba og nesten forlaten.

Ved det som ein gong var ein park for fest og høgtider i Donetsk fylke aust i Ukraina, står eit stort pansra køyretøy delvis gøymt bak busker og tre.

– Dette er ein normal dag, seier Igor.

Den ukrainske solaten Igor ved kanonen Noreg har gitt det ukrainske forsvaret.

FUNGERER: Den ukrainske soldaten Igor skulle gjerne hatt nyare kanonar, men seier den utrangerte norske fungerer.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Den ukrainske soldaten har i løpet av arbeidsdagen fyrt av 40 granatar frå M109, ein sjølvdriven kanon gitt av Noreg til Ukraina.

Tungt artilleri frå det norske forsvaret er no i full bruk av dei ukrainske styrkane i kampane i Donbas.

– Gammal, men fungerer

bilde av den norske boken

FRÅ NOREG: Instruksjonsbøker på norsk ligg framleis i kanonen som i dag var i bruk i landsbyen aust i Ukraina.

Foto: LOKMAN GHORBANI

Inne i køyretøyet held mannskapet på seks til. Der, blant granatar og anna militært utstyr, ligg også teknisk handbok på norsk, frå den tida kanonen var i bruk i den norske hæren.

På døra inn i maskina står framleis instruksjonar på norsk.

– Det har ikkje vore vanskeleg å lære seg å bruke M109, seier soldaten Serhii.

– Kanonen har ein kraftig motor, og sjølv om han er litt gammal, så fungerer han, seier han.

Kanonen står delvis gøymt i utkanten av ein park i landsbyen aust i Ukraina.

I BRUK: Delvis skjult i utkanten av ein park var den norske kanonen i bruk i ein landsby aust i Ukraina torsdag.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Utstyr til over 5 milliardar

Dei ukrainske soldatane NRK møter gjentek fleire gongar at dei er svært takknemlege for hjelpa utanfrå.

Noreg har sendt fleire enn 20 artilleriskyts av typen M109 til Ukraina, slik at landet kan forsvaret seg mot russiske åtak.

Totalt har Noreg gitt våpen og forsvarsutstyr til Ukraina til ein verdi av rundt 5,4 milliardar kroner, ifølgje regjeringa.

Pavel er kommandant ved fronten aust i Ukraina. Han er takknemlig for norske kanoner.

TAKKNEMLEGE: Kommandanten Pavel og soldatane ved frontlinja aust i Ukraina er takknemlege for utstyret Noreg har sendt.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Kommandanten Pavel sørger for at arbeidet om bord i det norske køyretøyet er koordinert.

– Eg arbeider med ein Ipad, og gir dei koordinatane. Og så er det gutane som stiller våpenet inn mot målet, fortel Pavel.

Takkar Noreg

Nokre av kanonane har vore køyrt så hardt av den ukrainske hæren at dei har vore ute av funksjon i lengre periodar.

Men når NRK er på besøk fungerer alt som det skal. Utstyret speler ei viktig rolle i kampen mot dei russiske styrkane.

– Vi skulle gjerne hatt ein nyare kanon enn dette, men denne fungerer. Vi er svært takknemlege for dette utstyret, seier dei ukrainske soldatane.

Soldatar ved den norske kanonen i en landsby i Ukraina.

LETT Å LÆRE: Dei ukrainske soldatane seier det ikkje var vanskeleg å lære seg å bruke den norske kanonen M 109.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Les også Norge dobler donasjonene av egne våpen til Ukraina

Norske våpen til Ukraina

I en tidligere versjon av denne saken skrev NRK at noen av kanonene var blitt kjørt så hardt av den norske hæren at de ikke lenger fungerte. Det er feil. Det riktige er at den ukrainske hæren har kjørt dem så hardt.

SISTE NYTT

Siste nytt