Hopp til innhold

Angreip demonstrantar med køller og steinar

Minst 20 menneske er såra i harde samanstøytar mellom tilhengjarar av ukrainsk einskap og pro-russiske separatistar i millionbyen Donetsk i det austlege Ukraina i kveld.

Pro-russiske separatistar angrip demonstrantar i Donetsk.

Pro-russiske separatistar gjekk til angrep på menneske som demonstrerte til støtte for eit samla Ukraina.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

Nyheitsbyrået Reuters melder at pro-russiske separatistar gjekk til angrep på ei gruppe menneske som demonstrerte til støtte for eit samla Ukraina. Angriparane brukte baseballkøller, steinar, fyrverkeri og minst ein sjokkgranat.

Ein journalist frå Reuters, som er på staden, melder at det verkar som om det er såra på begge sider i samanstøytane.

– Steinar og kølleslag

Pro-russisk aktivist arrestert av politiet i Donetsk.

Ein pro-russisk aktivist blir arrestert av ukrainske tryggingsstyrkar etter samanstøytane.

Foto: Alexander KHUDOTEPLY / Afp

Diana Berg, ein aktivist som var med på demonstrasjonen mot dei pro-russiske separatistane, seier at rundt 20 av dei 2000 som deltok er såra, og at ti av dei får behandling på sjukehus. Ho seier at dei fleste av dei har skadar i hovudet som følgje av steinar eller kølleslag.

Demonstrantane vifta med ukrainske flagg og ropte slagord som «Donetsk høyrer til i Ukraina» og «Nei til Putin». Dei fleire hundre som gjekk til angrep på dei ropte «Russland».

Nikolaj Solntsev, talsmann for den sjølvutnemnde Folkerepublikken Donetsk, skuldar valdsbruken på sterke kjensler, og han meiner at motstandarane framprovoserte valdsbruken. Han kallar separatistane for sanne patriotar av Donetsk, som berre ynskjer å forsvare landet sitt.

Gjekk laus på journalistar

Fleire europeiske journalistar i byen har meldt på Twitter at dei vart angripne av dei pro-russiske separatistane, slik at dei måtte flykte. Dei seier at ukrainsk opprørspoliti ikkje gjorde noko for å stanse uroa.

Fleire av dei som deltok i angrepet vart likevel arresterte av opprørspolitiet, blir det meldt.

Statlege russiske massemedium melder at det har vore samanstøytar mellom pro-russiske sjølvforsvarsgrupper og ukrainske ultranasjonalistar. Russiske medium brukar ofte uttrykket ultranasjonalistar når dei omtalar tilhengjarar av den nye ukrainske regjeringa.

Gatekampar i Donetsk

Dei pro-russiske separatistane brukte baseballkøller i angrepet mot menneske som demonstrerte for ukrainsk einskap.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

Det har vore uro fleire andre stader i det austlege Ukraina i dag, I Ben Kharkiv vart borgarmeisteren Henadij Kernes skoten i ryggen og alvorleg såra dag. Han vart operert på eit sjukehus i byen, og tilstanden hans blir opplyst å vere «alvorleg, men stabil».

Separatistar har også teke over bygningar fleire andre stader i det austlege Ukraina i løpet av dagen.

Fiendar på begge sider

Det er uklart kven som skaut borgarmeisteren, men Kernes er ein mann med fiendar på begge sider. Han har vore rekna som russiskvenleg, men har teke avstand frå dei pro-russiske separatistane som har teke kontroll over fleire byar i området.

Det har ikkje vore noko utvikling i saka med dei militære observatørane som blir haldne fanga av separatistane i byen Slavjansk . Ein svensk observatørar vart sett fri i går kveld av medisinske årsaker.

Samstundes har USA og EU vedteke nye sanksjonar mot Russland , fordi dei meiner landet ikkje gjer noko for å få til ei fredeleg løysing i Ukraina.

Demonstrerte til støtte for ukrainsk einskap.

Demonstrasjonen til støtte for ukrainsk einskap var fredeleg heilt til demonstrantane vart angripne av separatistar.

Foto: Efrem Lukatsky / Ap

LES OGSÅ: Et angrep vil gi russerne mindre geopolitisk makt enn på 500 år

LES OGSÅ: Opprørarar tok tv-stasjon i Donetsk

SISTE NYTT

Siste nytt