NRK Meny
Normal

Opprørarar tok tv-stasjon i Donetsk

Pro-russiske opprørarar tok i ettermiddag kontroll over ein offentleg fjernsynsstasjon i millionbyen Donetsk aust i Ukraina.

Væpna menn tok kontroll over tv-stasjon i Donetsk.

Pro-russiske separatistar vaktar inngangen til ein offentleg eigd tv-stasjon i Donetsk.

Foto: Alexander KHUDOTEPLY / Afp

Ein journalist frå nyheitsbyrået Reuters er utanfor fjernsynsstasjonen, og han seier at fire væpna og maskerte menn held vakt ved inngangen. Inne kan han sjå fleire væpna og uniformerte menn. Dei har også heist flagget til opprørarane på taket av bygningen.

Opprørsflagget heist på tv-bygning i Donetsk.

Opprørarane har heist flagget sitt på taket av tv-stasjonen dei har okkupert i Donetsk.

Foto: Alexander KHUDOTEPLY / Afp

Han opplyser at det står rundt 15 politifolk like ved inngangen til fjernsynsstasjonen, men at dei ikkje har gjort noko forsøk på å få bort inntrengjarane.

Opprørarane seier at stasjonen blir teken av lufta, og dei heretter berre vil vidareformidle signala frå ein statleg russisk fjernsynsstasjon.

Krev folkerøysting

Ein flokk på rundt 400 menneske omringa fjernsynsstasjonen i ein periode, medan dei ropte «Russland» og «referendum». Demonstrantane kravde ei folkerøysting om framtida til det austlege Ukraina, og om dei skal bli ein del av Russland.

Denne demonstrasjonen løyste seg opp etter ei tid.

På spørsmål frå Reuters-journalisten om kvifor dei har teke kontroll over fjernsynsstasjonen, seier ei av dei væpna vaktene utanfor dette:

– Dei viser lygner, dei prøver å påverke folk med feilinformasjon.

LES OGSÅ: Et angrep vil gi russerne mindre geopolitisk makt enn på 500 år

Kontrollerer guvernørkontor

Separatistar, som seier dei høyrer til den sjølvproklamerte Folkerepublikken Donetsk, har også teke kontroll over kontoret til den regionale guvernøren og over rådhuset i byen, som også er regionhovudstad.

Samstundes har ei gruppe forhandlarar frå Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) kome fram til byen Slavjansk. Her skal dei prøve å få sett fri dei 13 militære observatørane frå OSSE som vart tekne til fange av separatistar fredag.

Pro-russiske demonstrantar i Donetsk.

Demonstrantane i Donetsk ropte slagord til støtte for Russland og folkerøysting.

Foto: Alexander KHUDOTEPLY / Afp

Forhandlarane sit i ettermiddag i møte med den sjølvutnemnde ordføraren i Slavjansk, Vjatsjeslav Ponomarjov, for å prøve å få til ein avtale om å sette observatørane fri.

– Blir bra behandla

Tidlegare i dag kom det fram at observatørane har blitt bra behandla av opprørarane , og at alle er ved god helse.

Ponomarjov sa i går at observatørane var spionar, og at dei berre blir sette fri i byte med arresterte separatistar .

Separatistane i det austlege Ukraina har som mål at området skal bli ein del av Russland. Dei seier dei ikkje har tillit til dei noverande styresmaktene i Ukraina, og 7. april proklamerte dei Donetsk-regionen som ein sjølvstendig republikk.

LES OGSÅ: Ukraina har stengt vanntilførsel til Krim

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt