Hopp til innhold

Håper teknologien som felte «The Golden State Killer» skal avsløre Zodiac-drapsmannen

Avsløringa av «The Golden State Killer» sist månad har gitt politiet fornya tru på at den same DNA-teknologien kan avsløre Zodiac-drapsmannen, som leika katt og mus med politiet på slutten av 1960-talet.

Zodiac-drapsmannen

Etterlysingsplakat og nokre av breva Zodiac-drapsmannen sende til politiet og aviser på slutten av 1960-talet.

Foto: Eric Risberg / AP

Seriedrapsmannen tok livet av minst fem menneske på bestialsk vis i det nordlege California i 1968 og 1969. Han brukte både kniv og skytevåpen. Politiet undersøker også om at han kan ha teke livet av ei 24 gammal kvinne og den fire år gamle sonen hennar i 1978.

Ein mann som vart dømt for dobbeltdrapet, vart nyleg reinvaska. No håpar politiet at DNA-spor kan gi svaret på om Zodiac-drapsmannen kan ha stått bak også desse drapa.

Sjølv skreiv han i brev til politiet at han stod bak langt fleire drap enn dei visste om.

Mannen fekk tilnamnet Zodiac-drapsmannen fordi han underteikna breva han sende til politiet med det som vart tolka som stjerneteiknet Zodiac, på norsk teiknet til dyrekretsen. Han laga også fire ulike kryptogram , ei form for intrikat gåte, og ifølgje Wikipedia er tre av dei framleis uløyste.

DNA-spor frå brev

Deborah Perez.

Deborah Perez sa på ein pressekonferanse i San Francisco i april 2009 at ho var sikker på at den avlidne faren hennar var Zodiac-drapsmannen.

Foto: Justin Sullivan / AFP

Etterforskarane har sikra seg DNA frå nokre av breva seriedrapsmannen sende til politiet og til fleire aviser. Dei har også funne DNA-spor på eit tau han brukte til å binde fast offera sine. Håpet er at DNA-spora skal føre til ei endeleg løysing på drapssakene, som hav vore eit traume i San Francisco-området dei siste 50 åra.

Interessa for saka har vore enorm, og det har nærmast utvikla seg ein kult blant kryptografar og amatørdetektivar som prøver å finne løysinga på kodane. Ein av dei som har brukt mykje tid på drapsmysteria, Tom Voigt, seier til nyheitsbyrået Reuters at han trur løysinga ligg i å bruke same teknikken som i etterforskinga av «The Golden State Killer».

Han meiner identiteten på drapsmannen vil kome for ein dag om ein følgjer same oppskrifta.

Då Zodiac-drapsmannen herja på slutten av 1960-talet, var også ein annan kjent massedrapsmann i sving i California, Charles Manson .

DNA og slektsforsking

Den tidlegare politimannen Joseph DeAngelo vart arrestert i heimen sin i Citrus Heights i Sacramento, mistenkt for drapet på minst 12 menneske i California på 1970- og 1980-talet.

Gjennombrotet i saka kom ved å kombinere DNA-teknologien med omfattande søk på slektsforskingssider på Internett.

Etterforskarane greidde etter mødesam arbeid å utarbeide eit slektstre fleire generasjonar bakover, før dei sirkla inn DeAngelo som «The Golden Gate Killer».

I 2007 kom spelefilmen «Zodiac» med Jake Gyllenhaal og Robert Downey jr. i hovudrollene. Filmen førte til ny interesse for Zodiac-drapsmannen, og det er også skrive fleire bøker.

Forfattaren Robert Graysmith har skrive to bøker om seriedrapsmannen, der han blant anna prøver å løyse dei intrikate kryptogramma han brukte.

Robert Graysmith

Robert Graysmith har skrive to bøker om Zodiac-drapsmannen, «Zodiac» og «Zodiac Unmasked».

Foto: Ben Margot / AP

– Det var faren min

Deborah Perez heldt ein pressekonferanse framfor bygningen til avisa San Francisco Chronicle 29. april 2009. Det var blant anna til denne avisa Zodiac-drapsmannen sende dei kryptiske breva etter drapa.

Ho er sikker på at faren hennar, som døydde av kreft i 1993, var Zodiac-drapsmannen. Ho seier blant anna at ho som lita jente skreiv brev for faren, som dei sende til aviser, og at ho broderte maska han brukte. Ho er no 56 år gammal.

Politiet har ikkje funne haldepunkt for at dette stemmer. Og det er mange andre som også har stått fram med det dei meiner er løysinga på saka, utan at dei har greidd å overtyde politiet.

SISTE NYTT

Siste nytt