Joseph DeAngelo vart arrestert i heimen sin i Citrus Heights.

Joseph DeAngelo (72) vart arrestert av politiet i heimen sin i Citrus Heights i Sacramento onsdag denne veka. Dei meiner han har gjort seg skuldig i 12 drap og 50 valdtekter.

«Golden State Killer» – politimann med perverst dobbeltliv

– Vi hadde ein mistanke om at the «Golden State Killer» hadde bakgrunn frå forsvaret eller politiet. Vi snakka mykje om det, seier Wendell Phillips, ein tidlegare politimann som jakta på seriedrapsmannen på 1970-talet. No kjem også stadig fleire groteske detaljar om ugjerningane fram.

Onsdag denne veka vart ekspolitimannen Joseph DeAngelo (72) arrestert i heimen sin i Citrus Heights i Sacramento i California i USA, der han budde saman med dottera og eit barnebarn.

Sacramento: Etterforskaren John Lopes.

Politietterforskaren John Lopes ber bevismateriale ut frå huset til Jopseph DeAngelo.

Foto: Rich Pedroncelli / AP

Arrestasjonen kom som eit sjokk på familiemedlemer, arbeidskollegaer og naboar. Ingen hadde mistanke om at den joviale bestefaren, med bakgrunn i politiet og det amerikanske forsvaret, var ein av dei verste seriedrapsmennene i USA dei siste tiåra.

Politiet meiner han har gjort seg skuldig i minst 12 drap og 50 valdtekter ulike stader i California på 1970- og 1980-talet. Politiet reknar med at talet kan stige ytterlegare. I tillegg stal han med seg verdisaker frå alle husa han braut seg inn i.

Hektisk jakt

Wendell Phillips (68) jobba som betjent hos Sheriffen i Sacramento tidleg på 1970-talet. Han er i dag advokat i Malibu i Los Angeles-området, og han seier til avisa Sacramento Bee at han og kollegaene starta ei hektisk jakt på drapsmannen

I den mest hektiske periode braut mannen seg inn i private heimar i Sacramento-området så å seie kvar einaste natt. Eit mønster var at han batt mannen i huset fast med eit tau, før han valdtok kona. Fleire gonger enda det med drap.

Tegninger av etterlyst seriedrapsmann i California

Politiet gjekk ut med desse teikningane av seriedrapsmannen frå California.

Foto: FBI / Reuters

Han brukte ein spesiell knute på dei han batt fast, den såkalla diamantknuten. Eitt av fleire tilnamn han har fått er «The Diamond Knot killer», diamantknute-mordaren. Andre tilnamn er «Golden State Killer» (gullstat-drapsmannen), «East Area Rapist», på norsk austkant-valdtektsmannen, eller «Original Night Stalker».

Frå 1973 til 1976 jobba DeAngelo som politimann i den vesle byen Exeter sentralt i California. I denne perioden opplevde nabobyen Visalia rundt 85 innbrot, der alt tyda på at same personen stod bak. Ein mann vart drepen her. Det er uklart om det var valdtekter knytte til desse innbrota.

Det var lenge ein teori om at «The Visalia Ransacker» og «The Golden State Killer» var ein og same mann, men det har aldri vorte bevist. Dette er ein av mange teoriar som no skal etterforskast på nytt.

I 1976 fekk DeAngelo seg ny jobb lenger nord i California, nærare staden der han budde store delar av oppveksten.

«East Area Rapist»

Joseph James Deangelo

Politiet meiner Joseph James DeAngelo står bak minst 12 drap og rundt 50 valdtekter ulike stader i California.

Foto: FRED GREAVES / Reuters

Dei første området som vart ramma av seriedrapsmannen og valdtektsmannen låg aust for sentrum i Sacramento, eit populært mellomklasse villastrøk der folk treivst og kjende seg trygge. Mange droppa å låse husa sine om natta, og borna sykla åleine til skulen. Ein fredeleg forstadsidyll.

Dei brutale innbrota og valdtektene kom som eit sjokk på innbyggjarane. For i starten var det ikkje snakk om drap. Slik fekk mannen tilnamnet austkant-valdtektsmannen.

Nabolaget gjekk raskt gjennom ei endring. Folk kjøpte ekstra lås til inngangsdørene, og mange let lyset stå på heile natta. Frivillige patruljerte gatene om natta i håp om å slå kloa i valdtektsmannen som terroriserte bydelen.

Politiet prøvde å lokke mannen i ei felle, men dei lukkast aldri. Dei greidde aldri å ta den svartkledde, maskerte mannen. Dei gjekk ut med teikningar baserte på det vitne hadde forklart om han, men utan resultat.

Wendell Phillips seier det verka som om han kjende til måten politiet opererte på, og at han hadde kjennskap til planane politiet hadde for korleis dei skulle slå kloa i illgjerningsmannen. Likevel var det ingen som mistenkte DeAngelo.

Groteske detaljar

Golden State Killer.

Etterforskarar i arbeid i garasjen til Joseph DeAngelo i Citrus Heights etter arrestasjonen.

Foto: Fred Greaves / Reuters

Stadig fleire detaljar om valdtektene kjem no fram. The Sacramento Bee fortel om eit folkemøte om dei mange innbrota og valdtektene i East Area på slutten av 70-talet. Mange av innbyggjarane gav uttrykk for at dei var redde. Men ein mann reiste seg opp og sa at eit ekte mannfolk burde greie å passe på kona si.

Kort tid etter braut mannen politiet no er sikre på var seriedrapsmannen, seg inn i huset til mannen og valdtok kona hans.

Politiet trur mannen som no er arrestert var til stades på folkemøtet, og at han fylgde etter ekteparet heim.

Det blir også fortalt at angriparen kunne ta seg ein pause i mishandlinga av offera sine, for å gå ut på kjøkkenet og ta seg ein matbit.

Det er også ei historie om at han gøymde seg i eit skap på soverommet for å vente på at ekteparet som budde i huset, skulle sovne. Då gjekk han til angrep. Ektemannen greidde å trive tak i eit våpen han hadde under senga, men då viste inntrengaren sjølvtilfreds fram kulene han alt hadde teke ut av våpenet.

Så batt han ektemannen og valdtok kona.

Ein gong skal han ha valdteke ei 13 år gammal jenta medan mora var i naborommetrommet. Han trua med å kutte fingrane av jenta om han høyrde ein lyd frå mora.

Vitne har også fortalt at han etter ugjerningane kunne gå i eit anna rom i huset og gråte høglydt, medan han ropte «mommy». Andre meiner han sa Bonny. Dette var namnet på ei kvinne DeAngelo hadde vore trulova med. Fleire kjelder seier at det verkar som at ugjerningane på ein eller måte er knytte til forholdet til mora.

Den såkalte «Golden State-morderen» skal være arrestert 

Politibilete av husvære.

Politi-bilete. Slik såg det ut etter seriedrapsmannen etter at han hadde vore på ferde i eit hus i California på 1970-talet.

Foto: AP

Teken for butikktjuveri

Dette var medan Joseph DeAngelo var politimann i byen Auburn utanfor Sacramento, ved foten til fjella innbyggjarane kallar The High Sierras, grensefjella inn mot nabostaten Nevada. Etter kvart busette han seg i Citrus Heights, området der han har budd sidan.

DeAngelo heldt fram som politi i Auburn fram til 1979. Han vart teken på fersk gjerning då han prøvde å stele ein hammar og ei kanne med eit stoff som skulle halde hundar unna.

Masker seriedrapsmannen skal ha brukt.

Politiet viste fram to av maskene dei meiner seriedrapsmannen har brukt.

Foto: AP

Han fekk beskjed av leiinga i politidistriktet at det kom til å bli sett i verk ei gransking etter butikktjuveriet, men han kom granskinga i forkjøpet ved å seie opp jobben sin sjølv. Dei siste 27 åra har han jobba i ei bedrift som distribuerer varer til daglegvarebutikkar i området.

Etter at politikarrieren var over, vart det også slutt på valdtektene og drapa i Sacramento-området. Men ifølgje politiet flytta han det makabre nattelivet sitt lenger sør i delstaten.

Først skjedde fleire brutale valdtekter og drap i San Francisco-området, og seinare også i Ventura og Orange County utanfor Los Angeles. Politiet meiner at seriedrapsmannen tok sitt siste liv i 1986. Sidan har det vore stille.

Politiet i Sacramento har opplyst at det var DNA-spor frå to drap så langt tilbake som i 1978, som felte DeAngelo.

Steve Grippi, som jobbar for statsadvokaten i Sacramento County, seier til BBC at slektsforskingssider på nettet har vore eit viktig hjelpemiddel for å spore opp DeAngelo. Dei har hatt DNA-spor frå gjerningsmannen lenge, men det er først no dei har greidd å knyte dei til ein konkret person.

golden-state-killer

Vietnam-veteran

Joseph DeAngelo var fødd i Bath i delstaten New York, men familien flytta etter kvart til California. Det er kjent at han gjekk på High School den vesle byen Folsom ved breidda av Folsom-innsjøen i det nordlege California, ikkje så langt frå Sacramento.

Byen er også kjent for Folsom State Prison, det vidkjende fengselet der countryartisten Johnny Cash heldt ein av sine mest omtalte konsertar. Framføringa av «Folsom Prison Blues» frå denne konserten i 1968 blir framleis spelt på radiostasjonar over heile verda, også her i landet.

Bok om jakta på seriedrapsmann.

Boka «I'll be gone in the dark» av Michelle McNamara gførte til ny interesse for saka.

Foto: Jeff Chiu / AP

Då DeAngelo var ferdig på den vidaregåande skulen i 1964, verva han seg i militæret. Han tenestegjorde for US Navy i Vietnam-krigen, og han fekk fleire medaljar for innsatsen sin der. Vel heime igjen tok han ein bachelor i strafferett ved Sacramento State University. Det opna vegen for ein karriere i politiet.

Han gifte seg i 1973, men ekteskapet enda i skilsmisse.

Det er uklart kva som konkret gjorde at politiet fekk mistanke til Joseph DeAngelo i 2018, 32 år etter det siste drapet dei reknar med at «The Golden State Killer» har stått bak. Mykje tyder på at den no avdøde forfattaren Michelle McNamara si bok «I'll be gone in the dark» («Eg forsvinn i natta») frå 2016 har sett politiet på rett spor.

Denne boka låg på dei amerikanske bestseljarlistene, og er ein grundig gjennomgang av historiene om seriedrapsmannen. Det var McNamara som gav draps- og valdtektsmannen tilnamnet «Golden State Killer».