Hopp til innhold

Håpar dødeleg vårstorm er på retur

Uvêret og tornadoane som har teke minst 45 menneskeliv i USA dei siste dagane er eit typisk fenomen når vår møter vinter, fortel meteorolog.

Video Store øydeleggingar etter stormen i USA

Skadene er store etter uveret i USA dei tre siste dagane. I gjennomsnitt døyr 70 personar kvart år i stormar i USA.

Amerikanarane håpar å ha sett det verste av den tre dagar lange stormen som så langt har teke livet av 45 menneske i sju sørstatar.

Dei kraftige stormane har piska opp tornadoar som har røska med seg hustak, velta store vogntog og etterlate seg store øydeleggingar på sin ferd gjennom sørlege, sentrale og austlege delar av USA.

– Heile huset vårt er blåst vekk. Takk Gud for at korkje eg, bornet mitt eller kjærasten min var heime då stormen tok det, seier ei ung, ikkje namngjeven kvinne frå Raleigh i Nord Carolina til nyheitsbyrået AP.

– Ein fandens storm

Laurdag ettermiddag var det dei to delstatane Nord- og Sør Carolina som fekk kjenna stormens ubønhøyrlege vrede.

– Det var ein fandens storm. Eg såg at taket begynte å rista. Plutseleg losna det og brått var heile taket vekke, seier Bryan Jackson til nyheitsbyrået Reuters.

Mekanikaren var på jobb på ein dekkhandel i Raleigh i Nord Carolina då uveret trefte. Han søkte ly i lastebilen sin, medan kollegaene pressa seg saman i eit lite rom i butikken.

(Artikkelen held fram etter videoen)

Video Tornadoer herjet i USA

Sjå video av tornadoane i USA.

Vår + vinter = storm

I går var det rapportert om 16 døde som følgje av uvêret. Søndag har dødstalet stige til 45. Fleire av dei døde er små born.

I sørstaten Arkansas var vinden så kraftig at ei stor husvogn blei lyfta frå bakken og kasta 21 meter bortover. Ei 65 år gammal kvinne som var inne i husvogna omkom, medan ein 70 år gammal mann er kritisk skadd.

Øydeleggingar etter stormen i USA

Store delar av delstaten Nord-Carolina ser ut som eit krigsområde etter tornadoane sine herjingar.

Foto: Scott Sharpe / Ap

Ifølgje Greg Carbin, meteorolog ved Storm Prediction Center, var laurdag truleg siste dagen for dei dødelege stormane sine herjingar - for denne gong.

Ifølgje Carbin er denne stormtypen nemleg vanleg for april månad i sørstatane. Bakgrunnen for dei mektige naturkreftene er at fuktig vårluft møter siste rest av kald vinterluft.

– Det er nøyaktig den rette kombinasjonen av ingrediensar for at denne typen uvêr skal oppstå, seier meteorologen.

70 døyr kvart år

Tornadosesongen strekkjer seg normalt sett frå mars til tidleg juli i USA, og beveger seg frå sør mot nord. Stormane tek i gjennomsnitt livet av 70 menneske kvart år.

Den hittil verste tornado-stormen registrert på amerikansk jord råka den 3. og 4.april i 1974. Den gong omkom 307 menneske i dei totalt 148 tornadoane som sveipte over 13 statar.

Video Hus ligg i ruiner etter uveret i USA

I Nord Carolina er mange hus slegne til pinneved av den kraftige vinden.

SISTE NYTT

Siste nytt