Hopp til innhold

Nær ein halv million menneske utan straum etter «Idalia»

Tre menneske er så langt stadfesta omkomne etter den tropiske stormen. President Biden ber dei som tvilar på menneskeskapte klimaendringar om å tru om att.

Den tropiske stormen Idalia har herjet over Cuba og Florida og beveger seg nå oppover kysten av USA.

Den tropiske stormen Idalia har herjet over Cuba og Florida og beveger seg nå oppover kysten av USA.

Etter å ha herja i Florida bevegde onsdag kveld den tropiske stormen «Idalia» seg mot Georgia og Carolina-delstatane.

Då stormen trefte land var det ein kategori 3-orkan med vindhastigheit på over 33 meter i sekundet.

Jewell Baggett utanfor sitt øydelagde hus

Jewell Baggett sit på eit badekar utanfor restane av huset ho vaks opp i.

Foto: Cheney Orr / Reuters

Meir enn 1500 føderalt tilsette hjelpemannskap er kalla ut av president Biden for å assistere med søk og redning i dei råka områda søraust i USA.

Ifylgje National Hurricane Center er det venta mellom 100 og 200 millimeter nedbør ved Florida sin vestkyst, søraustlege Georgia og austlege delar av Nord- og Sør-Carolina torsdag.

Tropical Weather

«Idalia» trefte Horseshoe Beach i Florida onsdag.

Foto: Rebecca Blackwell / AP

Innbyggjarar blir no innstendig bedne om å halde seg vekke frå vatn, og halde seg heime.

– Tre er nedrivne, vegar er oversvømde. Snu om du møter på vatn, uttalte sheriff-kontoret i Charleston.

Allereie onsdag rekna ein at 12 millionar menneske var påverka av uvêret.

Enormt oppryddingsarbeid

Ifylgje CNN var det onsdag kveld meir enn 460.000 straumlause i Florida og Georgia.

Somme stader førte stormflo til at vasstanden steig med nesten fem meter. I Pasco County nord for Tampa i Florida har mellom 4000 og 6000 bustader blitt skada av overfløymingar.

Aftermath of Hurricane Idalia in Horseshoe Beach, Florida
Foto: CHENEY ORR / Reuters

To menneske er så langt stadfesta omkomne i Florida. I delstaten Georgia nord for solskinnstaten døydde ein mann då han forsøkte å rydde ein motorveg, etter å ha blitt treft av eit tre, ifylgje Sheriff Ashley Paulk i Lowndes county.

– Kan ikkje fornekte klimaendringane

Stormen bevega seg raskare enn vanleg, og gjorde med det fortare store skadar over større område.

Ifylgje meteorologar i USA kan det uvanlege fenomenet mellom anna forklarast med høgare temperatur i havet.

USA sin president Joe Biden orienterte onsdag kveld om omfanget av den tropiske stormen. Det kvite hus har lova dei råka områda all føderal hjelp som trengst.

– Ingen kan lenger fornekte konsekvensane av klimaendringane, sa Biden på pressekonferansen.

SISTE NYTT

Siste nytt