Hopp til innhold

Måtte forlate huset etter tornado – forsikringsselskapet nektar å betale

Familien måtte rømme til eit hotell då eit vindauge i leigebustaden vart slått inn. Ekstrarekninga på 25.000 kroner vil ikkje If betale.

Ole Anton Brekke

SKUFFA: Arne Martin Brekke og foreldra Ole Anton Brekke og May Britt Klepp Brekke vart råka av tornado i USA. Tilbake i Noreg tok dei opp kampen mot forsikringsselskapet.

Foto: Bård Siem / NRK

Åtvaringane på TV slo til. Tornadoen rasa inn over Philadelphia og store deler av austkysten av USA.

Familien Brekke, som hadde leigd seg leilegheit i byen, var midt i infernoet. Det piska mot vegger og tak. Sterk vind, lyn, torevêr og kraftig hagl. Eit vindauge i leilegheita vart blåst inn.

– Vi opplevde situasjonen som veldig dramatisk og det var altfor kaldt å bu i leilegheita etter vindauget vart øydelagt, fortel Brekke om USA-turen i påska i år.

Løysinga vart å flytte mellombels over på hotell i to døgn inntil dei fann seg ei ny leilegheit.

Det innblåste vindauget i leiligheita i USA

Tornadoen var så sterk at vindauget blåste inn og vart øydelagt.

Foto: Ole Anton Brekke

Brekke har reiseforsikring gjennom If, som brukar Europeiske Reiseforsikring. Eit selskap dei sjølv eig. Brekke var sikker på at dei ville dekke ekstrarekninga på 25.000 kroner. Men forsikringsselskapet har avvist kravet.

Tok høgde for at forsikringa galdt

– Dette er småleg. Vi vart utsett for ein naturskade og kvifor skal vi teikne reiseforsikring når denne typar ekstrautgifter ikkje blir dekt, spør Brekke.

Familien leigde leilegheit via Airbnb. Dei prøvde å få tak i huseigar, utan å lukkast.

– Heller ikkje Airbnb var til hjelp, seier han. To netter på hotell og ny leilegheit for dei siste døgna i USA førte til ekstrautgifter på 25.000 kroner.

Slik såg det ut då uvêret herja ved bustaden Nordfjord-familien hadde leigd i Philadelphia.

Familien Brekke har vore periodevis i USA kvart år dei siste åra der sonen Arne Martin Brekke får behandling ved hjelp av doman-metoden. 28-åringen har cerebral parese og får god hjelp av behandlinga.

Ole Anton Brekke

Familien Brekke har vore periodevis i USA kvart år dei siste åra der sonen Arne Martin Brekke får behandling i samband med cerebral parese.

Foto: Bård Siem / NRK

IF: – Ikkje nok med åtvaringar på TV

Forsikringsselskapet meiner på si side at skaden på leilegheita er eit forhold mellom huseigar og Brekke. Det blir også påpeika at dekking av utgifter i samband med flytting ved naturskade blir aktuelt først når styremaktene åtvarar om ekstremvêr på førehand.

– I dette tilfellet er det eit forhold mellom utleigar og leigetakar, seier Sigmund Clementz, kommunikasjonssjef i If og Europeiske Reiseforsikring. Han legg til at Brekke også kan rette krav mot utleigar sitt forsikringsselskap.

Sigmund Clementz

Reiseforsikringa dekker ikkje alt som skjer på ei reise, påpeikar kommunikasjonssjef i If Reiseforsikring, Sigmund Clementz.

Foto: If

– Familien Brekke fekk med seg fleire tornado-varsel på TV og måtte flytte frå leilegheita grunna ein naturskade. Pliktar ikkje forsikringsselskapet å dekke ekstrautgiftene i samband med dette?

– Det vil bli dekt berre dersom lokale styresmakter i landet du er i eller Utanriksdepartementet i Noreg gjev ordre om at området må evakuerast, seier han.

Kva med å bruke skjønn?

– Eg skulle gjerne ønske at vi kunne gjere skjønnsmessige vurderingar som går langt ut over vilkåra. Men det vil bety at forsikringspremiane blir mykje høgare og mange vil ikkje har råd til det, seier han.

Clementz påpeikar at eit farevarsel på TV, tilsvarande farevarsel om ekstremvêr frå Meteorologisk institutt i Noreg, ikkje er nok til å bli dekt av reiseforsikringa.

Ole Anton Brekke tok videoopptak av nyheitssendinga på TV der det blei meldt at uvêret var i ferd med å roe seg.

Forbrukarrådet ber folk sjekke vilkåra

Fagdirektør i Forbrukarrådet, Jorge Jensen, forstår familien sin frustrasjon. Han oppmodar dei til å klage til Finansklagenemnda dersom dei føler seg utsett for urett. Nemnda får kvart år inn mange klager frå folk som klagar på reiseforsikringa.

Samtidig peikar Jensen på at det er veldig vanleg at dei som er på reise trur dei er betre forsikra enn dei reelt sett er.

– Ofte blir dei reisande klar over vilkåra i forsikringsavtalen først etter at ulukka har skjedd. Vi vil oppmode folk til å setje seg inn i dette på førehand, seier han.

Jensen viser også til nettsida Finansportalen.no. Her overvaker Forbrukarrådet marknaden for deg. Du får hjelp til å samanlikne og flytte på pensjonsprodukt, banktenester, forsikring og fond.

Fagdirektør i Forbrukerrådet, Jorge Jensen.

Fagdirektør i Forbrukarrådet, Jorge Jensen, fortel at mange ikkje har sett seg inn i vilkåra i reiseforsikringa før dei legg ut på tur.

Foto: John Trygve Tollefsen

Meiner dei gjorde alt dei kunne

I Stryn har Ole Anton Bakke lite forståing for forsikringsselskapet si tolking.

I forsikringsvilkåra for naturskade er sterk vind eit av vilkåra for utbetaling. Sterkare vind enn tornado får du ikkje, seier Brekke.

Om If meiner det er huseigar sitt forsikringsselskap som skal dekke dette, er det ifølgje Brekke If si plikt å dekke sine forsikringstakarar, og så gå på motparten med eit regresskrav.

– Eg er veldig skuffa. Kven skulle kome med varselet om tornado for at dei skulle godta det. Presidenten?

– Men kunne du gjort noko annleis for å unngå at du hamna i krangel med forsikringsselskapet?

– Hadde vi hatt tilgang på reiskap, så kunne vi kanskje fått reparert vindauget. Men det hadde vi ikkje. Situasjonen var kaotisk og eg ser ikkje korleis vi kunne handla på anna måte, seier Bakke som har bestemt seg for å seie opp avtalen med If Reiseforsikring.

Airbnb skriv i ein e-post til NRK at dei ber familien Brekke om å ta kontakt på nytt, i håp om at dei kan hjelpe.

Huset familien Brekke budde i då dei var i USA

Familien Brekke budde i øvste etasje i dette bygget då dei var på ferie i Philadelphia i USA i påska.

Foto: Ole Anton Brekke