Hopp til innhold

Enorm gevinst for Halliburton etter Irak-krigen

Selskapet som var tidlegare var leia av visepresident Dick Cheney har tent 226 milliardar kroner på Irak-krigen, ifølgje ei ny analyse.

Dick Cheney

Pilane peiker oppover for tidlegare Dick Cheney-kontrollerte Halliburton etter krigen i Irak.

Foto: BRUCE BENNETT / Afp

Rekneskapen etter kva Irak-krigen vil koste amerikanske skattebetalarar vil halde fram i årevis, men ein ny analyse har kasta lys over selskapa som har tent pengar på krigen ved å tilby private tenestar som før har blitt utført av den amerikanske hæren.

Ifølgje analysen, som er gjort av Financial Times, har alle selskap som har operert i Irak tent rundt 800 milliardar offentlege kroner. I hovudsak dreier det seg om privat tryggleik, infrastruktur og matservering til soldatane.

Var sentral i krigsførebuinga

Saddam, Irak

Dette biletet frå april 2003 har tiårsjubileum, og er blitt eit Ikon slutten på regimet til Saddam Hussein. Men ti år etterpå held krigsutgiftene fram.

Foto: RAMZI HAIDAR / Afp

Ti av selskapa tente 52 prosent av denne enorme summen. Selskapet som tente mest av alle er KBR, eit dotterselskap eigd av Houston-baserte Halliburton, kor Dick Cheney var direktør frå 1995 til år 2000. Selskapet kan føre opp 226 milliardar kroner i gevinst.

Størsteparten av formuen til Dick Cheney, som er estimert til å vere mellom 300 og 600 millionar kroner, skal ha stamma frå dette selskapet.

Dick Cheney var visepresident under George W. Bush frå 2001 til 2008, og skal ha spelt ein sentral rolle i Bush-administrasjonen si avgjersle om å invadere Irak.

Av andre selskap som kan gni seg i henda over Irak-krigen finn ein Kuwait-baserte Agility Logistics og det statlege selskapet Kuwait Petroleum Corporation. Dette selskapa har tent 77 milliardar kroner.

– Desse tala er nedslåande. Me har sett milliardar av skattepengar blitt brukt på prosjekt som har gjort lite for å styrke oppdraget vårt, seier den demokratiske senatoren Claire MsCaskill til avisa. Ho har vert leiande i kampen om å få slutt på praksisen med private kontraktørar.

Utgiftene held fram

USAs visepresident Dick Cheney, til høyre, og iraks statsminister Nouri al-Maliki.

USAs visepresident Dick Cheney, til høyre, saman med Irak-statsminister Nuri al-Maliki.

Foto: Gerald Herbert / AP

Sjeldan i ein krig har det vore ein så utstrakt bruk av private kontraktørar, noko som også har ført til ein auke i korrupsjon. Ifølgje den politisk uavhengige kommisjonen, Commission on Wartime Contracting in Iraq and Afghanistan, utgjer korrupsjon blant militære kontraktørar 60 milliardar dollar.

Sjølv om dei fleste militære styrkane har trekt seg ut av Irak no, er det likevel rundt 14.000 private kontraktørar som opererer i landet, og som får betalt av amerikanske skattebetalarar. Av desse er 5.500 tryggingsvaktar.

Det amerikanske utanriksdepartementet estimerer at skattebetalarane må ut med rundt 17 milliardar kroner til private vakter ved den nye ambassaden i landet.

Ifølgje ein studie frå Brown University har Irak-krigen kosta 1700 milliardar dollar sidan den starta i 2003. I tillegg kjem 490 milliardar dollar i ubetalte utgifter som veteranar har krav på.

SISTE NYTT

Siste nytt